Anmeldelse

Bayonetta 3

Galskapen lenge leve

Platinum Games prøvar å bevise at større alltid er betre.

Nintendo

Det er godt mogleg det berre har gått litt for lang tid sidan førre gong eg dansa med Bayonetta, men eg merka kjapt at noko mangla. Historia om Bayonetta er eigentleg over. Den burde ha slutta med nummer 2, men har du ei stjerne i fanboka, må den utnyttast. No er vi då her, sju år sidan sist, med eit spel som ikkje kunne funne opp noko nytt uansett kor hardt det skulle prøve.

Øystein anmeldte også Bayonetta og Bayonetta 2 for Gamer.no »

Det er den same humoren, dei same vitsane, den same dansinga, og den same «hei, sjå på meg kor vågal og vulgært frekk eg er»-mentaliteten som var mykje av grunnen til at Bayonetta fekk mykje positiv (og negativ) merksemd då det først landa på konsollane våre for tolv år sidan.

Men det er tolv år sidan. Å tru du kan lage eit herremåltid av den same humoren tolv år seinare er nesten pinleg naivt. Eg merka for min del umiddelbart at nei, dette bit ikkje på meg lenger.

Vi har redda verda, kva no?

Like kul som alltid.
Nintendo

Førre gong tok vi knekken på englane, så no dukkar det sjølvsagt opp ein heilt ny trugsel som ser ut til å øydeleggje alt i sin veg. I mangel på gode idear kopierer vi Marvel, og køyrer eit multivers-plott, og vi blir nøydde å reise frå univers til univers for å hindre at alle dei andre Bayonettaene blir slakta ned for fote. Til hjelp har vi nokre heksevener; gode, gamle Jeanne, og nykomaren Viola.

Felles for det meste nytt i dette spelet er at det ser ut som om nokon har snubla i ein hobbybutikk og øydelagt alle flaskene med måling. Som ein kanskje kan forvente når slikt skjer, det ser ikkje ut. Makan til glorete og motbydeleg spel har eg ikkje sett på lenge. Det er så eg får ildt i auga til tider, og spelet blir ikkje redda av å vere bunden til ei plattform som berre såvidt klarar å halde seg oppreist under vekta av spelet.

Joda, det er spektakulært. Med monster så store som hus og action i eit svimlande tempo der mykje skjer, overalt, heile tida, skal det noko til at gode, gamle Switch som eigentleg knapt er kraftigare enn konsollane Bayonetta først dukka opp på for 12 år sidan, ikkje byrjar å ryke.

Brannslukkinga skjer via hjørne som må kuttast. Det betyr dårlegare oppløysing her, skarpe, glødandde kantar der, og det nesten litt triste synet av eit spel som kunne ha vore så mykje, mykje meir om det hadde fleire hestar framfor vogna.

Klin koko

Det er ikkje eit imponerande skue som møter oss.
Nintendo

Med det unna, Bayonetta 3 er eit spel av nesten svimlande proporsjonar. Kjenner du ikkje typen kan det kjapt skildrast som eit actionspel som går i 100 km i timen stort sett heile tida, der du skal sjonglere fiendar som ein gjøglar, og må lære deg ei mengde ulike kombar som lenkast saman i ein valdeleg dans som stort sett endar med at ein monster dukkar opp frå lause lufta og tek ein stor jafs av nokon eller noko.

Fleire nye ting blir introusert denne gongen. Mange nye og svært ulike våpen dukkar opp for å gje Bayonetta den variasjonen ho strengt tatt aldri trengde, men likevel gladeleg tek imot. Vi finn alt frå dei gamle og kjende pistolane, til ein enorm bazooka og nokre jojo-liknande greier som raskt blei min personlege favoritt. Nye ting blir stadig låst opp, og kvart kapittel byr på nye ting du får bruke seinare.

Vidare får vi no ei rekke demonmonster som kan hentast inn når som helst. Eit knappetrykk er alt som skal til for å hente inn eit Godzilla-liknande beist eller eit mannevondt tog som plogar gjennom fiendane medan kanonar skyt på alt som rører seg.

Saman med det beste kampsystemet i klassen får vi ein kavalkade av beist som gjev deg sjansen til å hamle opp med fiendar mange gongar så høge som deg sjølv. Naturlegvis byr spelet på ein solid utfordring òg. Eit så velpolert og gjennomtenkt kampsystem som dette har null nytteverdi om du ikkje har så utfordrande fiendar at meistringskjensla av å knuse dei er monumental.

Det sagt, dette spelet byr på nokre av dei mest forferdelege kameravinklane eg har vore utsett for i seinare tid. Nokre gongar har eg knapt sett meg sjølv og såleis ikkje vore i stand til å time motangrep, andre gongar snurrar kameraet på frustrerande vis rundt deg og det du kjempar mot, og skapar heilt håplause situasjonar i eit spel der presisjon er alt. Det er på ingen måte slik at det skjer heile tida, men jammen har det plaga meg ofte nok.

Det er ikkje reint lite som står på spel.
Nintendo

Ein godtebutikk

Ved sidan av Bayonetta sjølv får du spele som heksene Jeanne og Viola. Jeanne byr på sideskrollande moro der ho skal infiltrere nokre underjodiske kompleks, og det er eit herleg avbrekk som varer akkurat litt for kort tid til at eg får dosa mi.

Viola sine eventyr er eg hakket meir skeptisk til. Ho byr på eit liknande, men langt frå like komplekst og allsidig kampsystem, og ho er langt frå like morosam å spele som. Ho er i tillegg ein mindre interessant karakter, noko som raskt førte til at eg berre lengta tilbake til Bayonetta medan eg spelte ho. Ho er litt for lik Bayonetta, men likevel langt nok frå til at eg synest det er verdt tida.

Variasjonen ho tilbyr er derimot i aller høgste grad med på å gjere spelet til ei reise som kjennest mykje kortare enn den er. Det skjer noko heile tida, og Bayonetta 3 er ein meister i å eskalere ein situasjon. Det du tenkjer kanskje er ein sjef kan raskt eskalere frå ein rutinekamp, til ein kamp mot noko som kan bruke blåkvalar som tannpirkarar, før du brått sit der med ein sideskrollande slo-mo Street Fighter-kamp mellom to kaiju-beist av astronomiske proporsjonar. Det blir berre verre (betre?) med tida, og du veit aldri kva som kjem, men utviklarane har vore flinke til å spytte mykje forskjellig inn i spelet.

Tidvis blir det derimot litt for mykje. Eg merka meg raskt at eg ikkje heilt klarte å henge med på alt eg fekk servert. Eg fekk kontroll over nye demonar, men med svært kortfatta og tidvis ufullstendige instruksar såg til at eg her og der brukte unødig lang tid på å finne ut kva eg eigentleg skulle gjere. Det er òg så mykje forskjellig her, og det er så openbert at utviklarane vil du skal spele dette spelet mange gongar, at det kan sjå ut til at dei som berre spelar eit spel ein gong har blitt litt gløymt i forbifarten.

Ei større verd

Eg er ingen fan
Nintendo

Det som kanskje vil by på den største endringa for Bayonetta-veteranar er at vi får ei hakket større og meir variert verd å boltre oss i mellom kampane. Dette er på ingen måte ei opa verd, så panikknappen kan få ligge i fred, men vi får fleire større, vidare område fulle av skjulte skattar å leite etter.

Inne i eit hjørne, oppe på tak, bak ein stein eller på andre sida av ei hinderløype ligg alt frå gjenstandar som kan gi meir robust helse, til trivielt dilldall som kan studerast i eit eige galleri. For min del mista eg raskt interessa sidan eg jamt over bryr meg meir om å spele eit spel enn å samle inn ting eg veit eg aldri kjem til å sjå to gongar på, men om du elskar å samle, så er dette spelet for deg.

Du kan til og med få tak i ein haug med kostyme og fargeval for å gjere årets mest glorete og utspjåka spel enda meir slitsamt for auga.

Konklusjon

Bayonetta 3 vil nok for mange vere nøyaktig det dei har venta på. Det er eit raffinert og meisterleg samanskrudd actionspel som byr på heilt absurde scenario som gjer deg til midtpunktet i rein og eksplosiv galskap. Kampsystemet sit som støpt og er så presist at det verkeleg er ein hårfin balanse mellom astronomiske oppturar og katastrofale nedturar.

Bayonetta kler som vanleg av seg for kunsten.
Nintendo

Det er det rundt som skurrar. Eg hadde det moro, mange gongar ekstremt moro, men ein del av tida lurte eg på kva poenget med dette spelet eigentleg var.

Historia er noko uinteressant ræl eg tippar eit knippe ungar i barnehagen kunne gjort betre, og eg blei raskt metta på å leite etter skjulte «skattar». Spelet manglar nerve, det gjer berre det serien har gjort før, litt større kanskje, men den vanvittige wow-kjensla eg sat igjen med i dei førre spela har uteblitt. Regien er strengt tatt ikkje imponerande. Samanlikna med korleis eit nivå i til dømes Bayonetta 2 kunne gå frå ein noko roleg start, og eskalere til noko så sinnsjukt at du sat på tuppen av setet, er dette ganske tafatt.

Det til trass, Bayonetta 3 byr på mykje spektaukær moro, og for dei som elskar denne typen spel er det mykje å leike seg med.

7
/10
Bayonetta 3
Ein underhaldande actionfest som ikkje lev heilt opp til forgjengarane.

Siste fra forsiden