Anmeldelse

Steelrising

Den franske robotrevolusjonen

Det blir ikkje mykje kake når Kong Louis XVI gir dei robotar i staden.

Steelrising.
Spiders

Jamt over er eg ingen fan av termen Soulslike. Det er ein billeg veg å gå for å beskrive spel som sparkar rumpa di av og til. Når utviklarane sjølve kallar spelet sitt Soulslike må eg likevel gi etter, og la dei få det som de vil.

Steelrising er, vel, eit Soulslike. Eller eit spel med litt utfordring, på godt norsk. Du kjem til å døy. Kvar fiende er ei potensiell utfordring, og du blir generelt sett aldri så sterk at du kan veive fiendane bort som om dei var irriterande knott ein sein sommardag.

Det som skil Steelrising frå andre Soulslike er først og fremst to ting; for det første er det ikkje fullt så utfordrande som mange andre spel i sjangeren er, og for det andre har det robotar. Mange robotar! Steampunkrobotar fulle av tannfjul og særpreg midt under den franske revolusjonen!

Redd oss frå kongen!

Ein og annan skog snik seg inn mellom bygatene.
Øystein Furevik/Gamer.no

Du trer inn i rolla som Aegis. Du er ein danserobot som først og fremst var skapt for elegansen si skuld, men etter at Kong Loius XVI si mekaniske hær har gått til åttak på alt som pumpar blod blir det din jobb å rydde opp i galskapen. Du reiser gjennom Paris under den franske revolusjonen og dansar ein valdeleg dans med ein haug mekaniske beist i ei rekke storleikar og fasongar.

Du får litt val over korleis du vil spele når du først går i gong. Litt kosmetikk må til, men av større utslag er nokre val i kva kampstil du vil ha. Sistnemnde treng ikkje ha permanent virkning. Steelrising har enkle rollespelmekanikkar som let deg bygge opp Aegis, og korleis du startar bestemmer ikkje anna enn kva dei aller første oppgraderingane er, samt kva våpen du startar med. Du står fritt til å gå i akkurat den retninga du vil.

Når ein først er ute i det fri og får kontroll over Aegis er det ein ting som blir veldig tydeleg; Dette er eit spel frå franske Spiders, og det betyr at vi får eit spel med eit fascinerande godt auge for visuelle detaljar, men litt stivt gameplay.

Steelrising føyer seg inn i rekka med spel frå Spiders, men slår ikkje like godt hardt frå seg som det fantastiske Greedfall frå 2019. Spiders er først og fremst veldig flinke på å skape magiske verder det er lett å leve seg inn i, gameplayet har dei framleis litt igjen på.

Eit godt forsøk

Au!
Øystein Furevik/Gamer.no

Når det er sagt, Steelrising byr absolutt på mykje moro. Aegis er lett å å styre. Med to angrep, og eitt og anna ekstra triks i ermet er det lett å forstå korleis du skal hamle opp med fiendane, sjølv om det ikkje alltid er like lett i praksis. Dei fleste kampane utspelar seg på meir eller mindre same måte. Du slår fienden nokre gongar, dansar unna eit angrep, slår igjen, dansar unna, og ferdig. Det er ikkje så frykteleg mykje meir til formelen enn det, men timing og posisjonering er ei kunstform i seg sjølv.

Etter kvart krydrar utviklarane opplevinga med fleire element som både skapar utfordringar og moglegheiter. Element som eld, frost og elektrisitet kan brukast for å hemme både deg og fienden, og ei rekke granatar kan kastast for å skaffe deg ein liten fordel før fienden er over deg.

Som i alle Soulslike-spel er du sårbar. Ein liten feil og du er nede for teljing. Spelet kastar ein haug med mekaniske monster på deg, der nokre er ganske små, medan andre er høge som hus, og dei fleste dukkar opp i ulike elementvariantar.

Kampane kan vere stor moro, spesielt i dei situasjonane der du møter noko ekstra stort og fælt, og må bruke alt du har på å få det ned. Litt verre blir det i trange situasjonar der du set deg fast mellom kassar og bjelkar og må kjempe mot spelets tidvis ganske frustrerande kamera.

Det er mange tronge bakgater i dette spelet, og det er ikkje alltid så lett til å ha oversikt. Spelet er mørkt, dystert, og veldig vakkert til tider, men av og til veit du verken fram eller bak. Spelets mekanisme for å låse seg på fiendar byr på eit bittelite symbol som knapt er synleg i kampens hete. Møter du tre-fire fiendar i ei trong gate med høge bygningar og mykje søppel på bakken er du raskt blinda og ute av stand til å finne ut kvar du er eller kven du skal angripe i løpet av dei to sekunda med distraksjon fiendane treng for å leggje deg i bakken.

Ingenting å seie på utsikta.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spelets store stjerne

Den største attraksjonen i Steelrising er utan tvil dei lekre områda. Spiders er utruleg flinke på å skape overbevisande miljø, noko dei demonstrerte med glans i Greedfall. Her får vi eit nydeleg Paris som er herja og øydelagt av krig. Det ligg lik, søppel og skrot overalt, og det viktigaste utviklarane oppnår med dette er å verkeleg få fram korleis maksinene til Louis XVI har herja i byen.

Samstundes har det gjeve utviklarane ei gyllen anledning til å skape eit spel med mange skjulte og/eller låste vegar og avstikkarar. Steelrising kan lett gli inn i Metroidvania med sitt fokus på å gradvis opne opp nye område etter kvart som du kjem deg vidare i historia. Mange område er låst for deg første gong du er der, men etter kvart får du sjansen til å fly korte distansar gjennom lufta, dra deg mot punkt langt unna, og slå ned veggar.

I tillegg vil du ofte møte låste dører som berre kan opnast frå den andre sida. Etter kvart som du utforskar kartet vil du òg opne nye vegar, og såleis gjere framtidig navigering lettare.

Sistnemnde blir svært viktig sidan dei trygge områda der du får lagra og oppgradert Aegis ikkje er så fornuftig plassert som ein kanskje skulle ynskje. Nokre gongar dukkar dei opp unødig nær kvarandre, medan andre gongar må du gjennom mange gater og bygningar og ei enorm mengd med fiendar som grensar til det absurde før du får lagra.

Ved vegs ende

Det er mykje pent å sjå på i Paris.
Øystein Furevik/Gamer.no

Progresjonen i Steelrising er god og konstant for det meste av spelet. Det er først når du har låst opp det som er av ekstra verkty og står fri til å utforske alle område at problema verkeleg viser seg. På dette punktet dukkar det opp ei rekke sideoppdrag, og dei kan bli ei frustrerande oppleving.

Det er noko med å gå tilbake til område du har vore i før mange gongar for å kjempe mot dei same fiendane som berre luktar billeg fyllmasse. Dette er kanskje det eg likar minst i spel; å gjere ting om igjen. Eg blir fort lei, eg likar ikkje repetisjon, men det er nøyaktig det vi får når vi skal bryne oss på sideoppdraga i Steelrising.

Dette spelet gjev oss eit kart over Paris, og vi får reise til ei rekke område i Paris. Det vi ikkje får, er kart over kvart enkelt område. I staden sit vi igjen med eit slags kompass som berre puttar eit ikon på skjermen som viser deg kva retning du skal gå i. Du kan ikkje teleportere mellom trygge soner eller noko slikt, og når du skal ut på sideoppdrag må du springe gjennom ein forvirrande labyrint som gjev deg få eller ingen indikasjonar på kvar du eigentleg må gå for å nå målet.

Du blir lei, irritert, prøvar å berre springe gjennom område fulle av fiendar for å nå målet, men blir slått i bakken. Berre det å få teleportere seg til ei trygg sone nærare målet hadde gjort alt betre, men neida. I staden skal du springe gjennom heile kartet to-tre-fire-fem gongar for å finne den eine tingen du skulle gjere.

Første gong du reiser til eit område er ei god oppleving. Då har vi eit oppdragsikon på skjermen som heile tida oppdaterer seg og viser kva retning du skal gå i. Sideoppdraga berre fortel deg at destinasjonen din er 300 meter unna, men gjev deg null assistanse i å finne rett veg. Det er ganske håplaust i eit spel som er så fullt av avstikkarar, stengde dører, og blindvegar at ein kan bli matt av mindre.

Konklusjon

Aegis er kjapp og effektiv i møte med dei fleste fiendar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg likar Steelrising kanskje litt meir enn det eigentleg fortener. Det er eit spel med openbere manglar som lett kunne ha vore fiksa, eit kampsystem som er funksjonabelt, men oppfinnsomt, men ei verd som får meg til å smelte. Eg elskar denn sktine, øydelagde versjonen av Paris. Det er noko herleg annleis med den, og måten spelet er bygd opp på let deg sjå utruleg mykje av byen. Dei viser ein krigsherja by frå sine beste sider, for å seie det slik.

Spelet er heller ikkje langt nok til at ein blir lei av det, og sjølv om det alltid er irriterande å døy, skjer det ikkje så ofte at ein mistar motet. Det som verkeleg kunne ha løfta dette spelet nokre hakk er eit skikkeleg kart som gjorde det litt lettare å navigere i spelets avsluttande timar, samt kanskje moglegheita for å teleportere frå stad til stad.

Det er vel heller tvilsamt om Steelrising vil nå særleg langt i konkurranse med andre spel i sjangeren, men den unike estetikken gjer dette spelet absolutt verdt å ta ein ekstra kikk på. Det er nok fantasy basert på europeisk middelalder der ute. Litt fransk revolusjon er eit passande avbrekk.

Steelrising er ute på PlayStation 5, Xbox Series X/S og Windows.

7
/10
Steelrising
Eit underhaldande eventyr i ei fascinerande verd.

Siste fra forsiden