Anmeldelse

Crisis Core: Final Fantasy VII Reunion

Der det heile starta

Historia om Zack og Sephiroth har fått seg eit solid løft.

Square Enix

Det byrjar å bli ei stund sidan no, men det var ei tid då det kunne sjå ut til at alt Square Enix eigentleg brydde seg om var Final Fantasy VII. Medan alle venta på å endeleg få høyre noko om Final Fantasy VII Remake, prioriterte Square Enix i løpet av nokre år på midten av 2000-talet å ekspandere Final Fantasy VII-universet med filmen Advent Children, mobilspelet Before Crisis, skytespelet Dirge of Cerberus, og det kanskje mest vellukka prosjektet; Crisis Core.

Final Fantasy VII: Crisis Core på PlayStation Portable leverte sidehistoria om Zack, ein viktig figur i historia som følgjer, men ei ufullstendig ei som vi ikkje akkurat fekk ein haug med detaljar rundt. Crisis Core sørga for å fikse dette. Ikkje berre fekk vi vite korleis det gjekk den vegen det gjekk, men vi fekk og nye karakterar av ein så dominerande natur at det at ingen av dei blir nemnt i Final Fantasy VII kan framstå som noko spesielt.

Åkke som, her er vi, 14 år seinare med ein ny og oppussa versjon av Final Fantasy VII: Crisis Core. Dette er eit spel som kler namnet Remake langt betre enn den ganske så frie tolkinga Final Fantasy VII Remake bydde på, for her får vi nøyaktig det same eventyret, berre betre. For det meste i alle fall.

Kva har dei gjort?

Crisis Core gjev oss historia om Zack og Aerith.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi må få det vonde ut av vegen først. Square Enix har valt å spele inn all dialogen på ny. Kvifor tør eg ikkje seie sikkert. Kanskje har dei endra litt på manuskriptet her og der, kanskje har dei lagt til ting som ikkje var med i originalen, kanskje ville dei berre bruke same skodespelarar som i Remake, eller kanskje var berre opptaka av så dårleg kvalitet at det som fungerte fint på ein PSP berre ikkje held mål den dag i dag.

Nytt er det i alle fall. Nytt og jævlig. Det er så gale at eg blei heilt satt ut. Eg måtte tilbake og lese teksten min om det originale Crisis Core for eg kunne ikkje hugse det var ille. Der skraut eg av god dramaturgi og godt skodespel. Ei kort tid lurte eg på kva svart hol hovudet mitt sat fast i på den tida, men det var rett før eg fant ut at alle stemmene no er nye.

Det er jamt over ein nedgang. Fleire stemmer er fine, mange heilt OK, men nokre, og spesielt ei viktig stemme er så pinleg dårleg at det minnar om Resident Evil. Første Resident Evil. Zack – hovudpersonen sjølv – er absolutt verst, og han som snakkar mest. Ikkje berre er det null innleving som får det til å høyrest ut som ein person som les frå kort, men det er òg snakk om særs dårleg skodespel.

Eg trur ikkje på noko fyren seier. Ingenting. Skodespelaren høyrest ut som ein amatør som prøvar å formidle noko, og du skjønar kva han prøvar på, men du skjønar og at han bør finne ein annan jobb snarast. Det er litt som ein person som veldig gjerne vil kunne synge, men er tonedøv. Det øydelegg så mykje. Eg har samanlikna på Youtube berre for hugse korleis det ein gong var, og det er trasige greier. Det var skikkeleg bra slik det var, medan det no er så ille at nesten all dialog der Zack deltek blir vandalisert.

Kampssystemet er kjapt, enkelt og veldig underhaldande.
Øystein Furevik/Gamer.no

Lettbeint opptur

Så snart sjokket over dårleg skodespel har sett seg viser resten av spelet seg å vere ein solid opptur. Sjølv om historia som jamt over er underhaldande og tidvis ganske så spanande får ein skodespelknekk, er den god nok til at ein gjerne følgjer med. Spelet tek oss med på innsida av Shinra og let oss samarbeide med Sephiroth før Sephiroth blei samfunnsfiende nummer ein.

I motsetning til Final Fantasy VII er ikkje Crisis Core eit rollespel med ei stor verd å utforske. Det er meir som eit oppdragsbasert actioneventyr med ein base som stort sett fungerer som utgangspunkt. Du kan springe fritt mellom Shinra-bygget og diverse attraksjonar i Midgar, men kvar sone er ganske lita, og når du reiser ut på oppdrag blir du sendt dit gjennom lasteskjermar.

Det meste av tida di vil gå med til kamp, og her har det skjedd ganske mykje sidan sist. Det er i essensen det same kampsystemet, men det systemet som var bygd for ein PSP med færre knappar til disposisjon, har no fått langt større handlingsrom. Kampsystemet er mykje smidigare, og absolutt alt er lettare å utføre. Du dansar rundt fiendar, høgg til, sleng ut litt magi gjennom eit kampsystem som får det originale til å sjå ut som ein vits.

Der måtte vi bla med skulderknappane for å velje mellom ulike angrep, og midt i ein hektisk kamp er ikkje det ideelt. No treng du berre halde inne ein ryggknapp for å umiddelbart få tilgang på eit knippe fysiske eller magisk angrep, og eit kjapt knappetrykk er alt som skal til for å utføre.

Du får sjølv skru saman fem ulike oppsett med ulike angrep og eigenskapar. Baksida med dette er at du ikkje kan skifte oppsett midt i ein kamp. Ein endar lett opp med å kjempe mot eit monster som er veldig robust mot akkurat den magien du har valt å utruste deg med. Det går seg likevel til over tid, og du får velje og vrake i ei stadig vaksande mengde materia du kan byggje opp og smelte saman for å lage nye ting.

Den vesle alkymist

Materiaspleising er ein leik i seg sjølv.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dette med materia kan få ei ganske så stor rolle i spelet om du sjølv legg opp til det. Materia er som kjent måten ein lærer seg nye eigenskapar i Final Fantasy VII, og Crisis Core let oss verkeleg leike oss.

Skal du få fullt utbytte av materia held det strengt tatt ikkje å berre spele gjennom historia. Den er for kort til det, og materia tek for lang tid å byggje opp. I staden må du hive deg ut på den lange, lange lista med sideoppdrag. Desse er jamt over av ein svært enkel natur der du vel oppdrag frå ei liste og blir sendt til eit område der du kan plukke opp eit knippe kister og kjempe mot nokre monster før du tek knekken på den eller det du er der for å ta.

Dei fleste er over på nokre få minutt, men ved å spele fleire av desse får du både styrka materiaen din, sanka inn nye gjenstandar og ikkje minst kanskje gått opp eit erfaringsnivå eller to med Zack gjennom spelets noko spesielle einarma banditt som snurrar tre hjul oppe i venstre hjørne gjennom alle kampar. Får du to eller fleire like bilete kan du få alt frå besøk av Odin og Ifrit til å gå opp i nivå.

Desse oppdraga er strengt tatt det som lett kan ta det meste av tida di. Om du berre får lyst til å spele litt, kva som helst, er Crisis Core eit veldig freistande alternativ sidan du veit du kan spele og kose deg i korte økter utan å nødvendigvis ende opp med å måtte bruke meir tid enn du hadde tenkt der og då. Og det er nok å ta av, skal du gjennomføre alle oppdraga vil du mangedoble den tida det elles vil ta å gå gjennom historia aleine.

Tru mot originalen

Crisis Core er riktig så pent til tider.
Øystein Furevik/Gamer.no

For dei som ynskjer at nye versjonar av gamle spel skal vere tru mot originalen, er Crisis Core på mange måtar minst like godt gjennomført som Final Fantasy VII Remake. Det held seg tru mot spelet slik det var, og nøyer seg med å pynte på grafikk, lyd og mekanikkar, utan å røre historia.

Det visuelle har fått seg eit massivt løft. Ein skal vere litt freidig for å påstår det er heilt på høgde med Remake, men det er ofte ganske nær. Mange figurar og modellar viser tydeleg at dette er eit hakket billegare prosjekt, men spelet er fullt av flotte sekvensar og nydelege område som tek den animeinspirerte originalen, og får den til å passe svært godt side om side med Remake.

Ein liten bonus er at vi her mest sannsynleg får våre første glimt av korleis ei rekke område som seinare vil dukke opp i Final Fantasy VII Rebirth vil sjå ut.

Ved sidan av det visuelle har musikken òg fått seg eit lite løft. Den har blitt spelt inn på ny, men er tru mot originalen. Jamt over er det mykje bra musikk her, og komponisten har skapt eit bra lydbilete som passar Final Fantasy VII, men låtmaterialet er på ingen måte på same nivå som det Nobuo Uematsu i si tid skapte skapte.

Konklusjon

Enda ein ferie øydelagd...
Øystein Furevik/Gamer.no

Crisis Core: Final Fantasy VII Reunion er utan tvil den beste versjonen av spelet, og det er kjekt å få spelet på nye plattformer. Det er nesten litt komisk at spelet er ute på Xbox og Switch all den tid Square Enix ser ut til å ignorere desse plattformene for det Final Fantasy VII-spelet folk verkeleg vil spele.

Når det er sagt, byr Crisis Core på mykje moro. Kampsystemet har fått seg eit enormt løft og er no kjapt og engasjerande med mykje større handlingsrom. Spelet fortel ei interessant historie rundt den viktige figuren Zack, sjølv om det blir litt snodig at det brått viser seg å ha vore ganske spenstige hendingar som aldri blir nemnt med eit ord i Final Fantasy VII, spelets som utspelar seg etter hendingane i Crisis Core.

Det blir difor spanande å sjå om Final Fantasy VII Rebirth som skal kome neste år vil referere til noko av det som skjer her.

Crisis Core: Final Fantasy VII Reunion er ute til PC, PlayStation 4 (testet), PlayStation 5, Nintendo Swtich og Xbox Series X/S 13. desember.

7
/10
Crisis Core: -Final Fantasy VII- Reunion
Eit underhaldande spel som held seg tru mot originalen.

Siste fra forsiden