Anmeldelse

Like a Dragon: Ishin

Korleis får dei det til?

Yakuza-studioet leverer enda ei fantastisk historie som aleine er verdt inngangsbilletten.

Sega

Like a Dragon, den japanske rollespelserien som inntil suverene Yakuza: Like a Dragon for nokre år sidan snudde opp ned på ting, og omdøypte serien (i vesten i alle fall) frå Yakuza til Like a Dragon, er tilbake.

Med Like a Dragon: Ishin får vi ein ny og oppussa versjon av spelet som tidlegare heitte Yakuza: Ishin, og aldri såg lansering utanfor Japan. Dette spelet skil seg ganske hardt ut frå andre spel i serien der det eigentleg ikkje handlar om Yakuza på nokon måte. Like a Dragon: Ishin er i staden eit spel laust basert på japansk historie. Vi tek turen tilbake til midten av 1800-talet, sett i ei kaotisk tid på tampen av Edo-perioden, med politiske intriger og kamp mot undertrykkjande krefter.

I motsetning til dei andre spela i Like a Dragon/Yakuza-serien er dette eit spel basert på verkelege historiske hendingar. Vi tek på oss rolla som Sakamoto Ryoma «spelt» av Kazuma Kiryu, hovudpersonen i Yakuza-serien før den skifta namn til Like a Dragon. Mange andre kjende andleta frå serien dukkar opp i nye roller, og det gjer det heile veldig snodig, underhaldande, og velkjent sjølv om det samtidig er veldig annleis, og veldig, veldig underhaldande.

Dei beste i bransjen

Årets beste kamp, to nakne menn i eit offentleg bad.
Sega

Ryu Ga Gotoku Studio har kanskje ikkje budsjetta til å produsere noko i same gate som God of War og The Last of Us, men om det er gode historier du vil ha, finnest det ingen betre spel på marknaden. Det spelar ikkje noko rolle kor mange av desse spela eg spelar, og kor potensielt sliten eg skulle bli av den same gameplay-mølla med å springe rundt i store byar, banke opp idiotar på vegen, leike meg med dansing og karaoke og anna tull, medan eg løyser den eine bisarre bioppdragsfloka etter den andre.

Historiene dei spyttar ut er som fin vin ein sein kveld etter ein lang, hard dag der alt du vil er å kjenne kroppen slappe av i berre eitt og eit halvt minutt. Eg blir like gripen kvar gong. Intensiteten i det heile, dei små, subtile detaljane som har så mykje å seie, det dempa skodespelet der ei lita rykking i augemuskulaturen er nok til seie alt. Desse spela er fulle av banalt tull, men historiene er alltid dramatiske, tidvis gripande, og blodig alvor.

I Like a Dragon: Ishin startar det sånn passe roleg, men bedrag, inntriger og konflikter gjer dette raskt til ei historie om hemn. Ryoma må flykte, ta på seg eit nytt namn, og gjere ein grundig jobb for å finne ut kven som står bak drapet på ein som stod han nær. Han har nesten ingenting å gå på, men har kjempa mot den maskerte drapsmannen ein einsleg gong, og det er alt han treng.

Det som følgjer er inflitrering og ei reise som går stadig djupare inn i eit nettverk som kanskje ikkje fortener dagslys. Dette er eit spel med så god historie at det nesten fortener ein av desse «eg kan ikkje spele»-vanskegradene, slik at alle kan få nyte dramatikken utan å nødvendigvis vere gode i digital sverdfekting.

Utfordrande når det gjeld

Kampane er artige, men ofte hakket for enkle.
Sega

Mitt eine store ankepunkt når det kjem til Like a Dragon: Ishin er strengt tatt vanskegrada. Den er hakket for sadistisk, og gjer det litt vanskeleg å verkeleg førebu seg på dei store utfordringane. Stort sett er spelet nesten pinleg enkelt. Som i andre spel i serien kan du ikkje gå ned mange gatene før du møter ein liten gjeng med pøblar som innbiller seg du såg på dei rart. Kampane er mange, men dei er over kjapt. Utfordringa uteblir, og det gjer det litt vanskeleg å fullt ut finne anledninga til å bli skikkeleg god før du brått hamnar i ein situasjon der du verkeleg treng å vere skikkeleg god.

Kampsystemet byr i likskap med Yakuza-spela opp og fram til Yakuza: Like a Dragon på actionfylte kampar i sanntid der du får velje mellom fleire stilartar. Ryoma kan kjempe med fire ulike stilartar, og dei kan du byte fram og tilbake mellom midt i ein kamp. Her er det høg reaksjonsevne, timing, og evna til å lese kvar vesle rørsle fienden gjer som er nøkkelen til siger.

Du kan kjempe mot fiendane med alt frå berre knytnevane, til sverd, pistol, eller ein kombinasjon av sverd og pistol. Alle kampformene har sine unike sider og er meir eller mindre effektive i forskjellige situasjonar. Å kjempe med sverd er til dømes svært effektivt i møte med ein einsleg fiende, medan kombinasjonen sverd og pistol er ein vill dans skreddarsydd for å grisebanke grupper med fleire fiendar.

Samtlege kampformer kan utviklast og forbetrast ved å plassere kuler på eit brett som reint visuelt minnar mykje om Sphere Grid frå Final Fantasy X. Kuler får du ved å vere flink i kamp, og dei stilartane du brukar mest, vil du òg få flest kuler for. Fornuftig nok får du ikkje berre kuler fargekoda for kvar sin stilart, du får også nøytrale kuler du kan bruke på den teknikken du vil. Praktisk om du har ignorert ein teknikk og brått finn ut du burde gjere noko med det.

Kampsystemet er frykteleg moro. Når ein verkeleg byrjar å meistre det viser det seg raskt å vere ei eiga kunstform å blokkere, danse unna fiendane, og få inn slag der ei opning byr seg.

Too cool for school.
Sega

Ei verd full av tullball

Å spele Like a Dragon: Ishin og å ta inn historia er to veldig forskjellige ting. Som vanleg for serien blir du tatt med til ein større by der du får farte rundt fritt. Her finnest mange butikkar, restaurantar, og diverse anna du kan bruke tida di på. Om du vil kan du kaste bort pengar på kyllingløp der du naturlegvis skal setje pengar på den kyllingen du trur når mål først. Eventuelt kan prøve deg på karaoke før karaoke var ei greie, eller lære deg å danse medan stemma til ein særs viril mann syng ein lystig song.

Medan ein vandrar gatelangs vil ein stadig møte på ulike ting å gjere. Dei er ofte tullete, som den gongen ein fyr treng hjelp til å finne ut kven som stal mochien hans, eller læraren som treng hjelp til å forstå ein globus. Andre historier er av ein meir empatisk natur, som då den vesle guten ikkje heilt fekk til å seie skikkeleg farvel til veninna som skulle flytte.

Desse store kontrastane er ein viktig ingrediens i det som gjer desse spela så spesielle. Utviklarane fyller spelverdene sine med liv og røre, alvor og humor, og ein blir glad i å vere der. Det er ingenting som er heilt som dette, og der mange prøvar å få til litt humor for å spe ut alvoret, er det få som får det til så godt som dette.

Å vandre rundt i byen osar autensitet.
Sega

At dette er ein ny versjon av eit eldre spel er likevel noko som merkast. Det er mykje fram og tilbake, og det er lett å bli litt lei av enkelte ting. Det er kjekt å springe rundt i byen, men å bli overfalt av bandittar rundt annankvart hjørne er litt slitsamt, og det er mykje her eg verkeleg ikkje ser poenget med. Det er mange minispel og distraksjonar her, men det meste av det er reint søppel ein nesten angrar på å ha brukt nokre minutt på.

Samstundes så er denne formelen brukt opp og ned fram og tilbake i veldig mange år no, og det er kanskje på tide at utviklarane gjer noko med den for å puste litt nytt liv inn i sirkuset.

Konklusjon

Sega og Ryu Ga Gotoku Studio spyttar ut Yakuza/Like a Dragon-spel i eit imponerande tempo. Om det ikkje er Yakuza, så er det Like a Dragon, og er det ikkje Like a Dragon er det Judgment. Det er ein viss risiko for oversaturering, for sjølv om alle desse spela har tydelege forskjellar, er dei likevel bygde på same lest. Det er same type forteljarteknikk, det er same type humor, og det er same struktur på verdene du får reise til.

At vi ikkje er leie enno seier sitt om kvaliteten. Like a Dragon: Ishin byr på ei karismatisk verd full av både alvor og humor. Det absolutt største trekkplasteret er definitivt historia, der utviklarane igjen leverer dramatikk og mysterium du knapt kan vente med å få nyte meir av. Det er få spelhistorier som interesserer meg i så stor grad at eg blir skuffa når filmsekvensane er over, men Like a Dragon-serien får det til. Like a Dragon: Ishin er på ingen måte eit unntak.

Like a Dragon: Ishin slippes til PlayStation 4, PlayStation 5, Windows, Xbox One og Xbox Series X/S (testet) 21. februar.

8
/10
Like a Dragon: Ishin!
Enda ei fantastisk historie frå Yakuza-studioet.

Siste fra forsiden