Anmeldelse

Lost Judgment

Eit dykk i samfunnets mørke avkrokar

Lost Judgment når ikkje heilt opp til fjorårets Yakuza-meisterverk, men byr på mykje moro.

Om du skulle ha berre ei lita interesse for den kriminelle underverda i Japan, kjem du ikkje utanom Yakuza-serien. I denne serien har vi fått følgje den nesten mytologiske japanske mafiaen, og samstundes fått unike innblikk i japansk kultur som vi strengt tatt ikkje får andre stadar. Det er ein serie som både respekterar sin kultur, men ikkje er redd for å stille kritiske spørsmål til fleire sider av den.

I fjor nådde serien det som for meg er dens absolutte høgdepunkt så langt. Med Yakuza: Like a Dragon møtte vi eit heilt nytt , fantastisk og ikkje minst menneskeleg knippe karakterar som sende oss ut på ei heilt rå historie, og gameplayet fekk seg ei totalrenovering ved å gå frå action i sanntid, til turbaserte kampar fulle av glad og bisarr galskap.

Det er derimot ikkje alle som sette pris på denne endringa, og for dei har Sega eit svar; Judgment. Denne sidesporserien til Yakuza-serien byr med Lost Judgment på sitt andre kapittel om privatetterforskaren Takayuki Yagami. Den ivartetar seriens gamle kampsystem der komboar og raske reaksjonar er grunnregelen, men snur perspektivet på hovudet. I staden for å vere ein del av den kriminelle underverda, skal vi setje ein stoppar for kriminaliteten, og denne gong må vi løyse ei sak som har rysta Japan.

Eit spørsmål om skuld

Hovudmistenkt nummer ein har lite til overs for the japanske rettssystemet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein middelaldrande politimann blir teken på fersken i det han stikk handa opp under ksjørtet på ein kvinneleg medpassasjer i ei togvogn. Han tilstår alt, men avslører i retten to månader seinare at eit drap har funne stad same dag han blei arrestert. Offeret? Ein mann politimannen sjølv hevdar mobba sonen hans så brutalt at guten til slutt tok livet av seg.

Dette dramatiske bakteppet er innleiinga til ei historie som utforskar tema vi ikkje ofte ser i spelverda. I rolla som Yagami må vi prøve å finne ut kva som eigentleg har skjedd her. Korleis kan politimannen som har eit vanntett alibi grunna ein arrestasjon vite om dette drapet?

Det er eit spørsmål som sender oss ut i mange utfordrande situasjonar. Skulen eleven gjekk på må infiltrerast, politimenn må smørjast, og den kriminelle underverda må konfronterast. Som vanleg serverer Yakuza-studioet ei solid og spanande historie, som byr på spørsmål store nok til at ein blir klistra til skjermen for å finne ut kva som skjer vidare. Persongalleriet er kanskje ikkje så umiddelbart likandes som nokre av dei personane Yakuza-serien har introdusert oss for før, men det er noko spelets historie elles veg opp for.

Tilbake til Yokohama

Som i Yakuza: Like a Dragon endar vi kjapt opp i den japanske byen Yokohama, og det er i all hovudsak den same byen som vi brukte mykje tid i i fjorårets spel. Men den framstår likevel frisk og ny. Dører som var opne er lukka, og dører som var lukka er opne. I tillegg kjem spelet med ei rekke nye gameplay-element som gjer Lost Judgment til ei familiær, men likevel annleis oppleving.

Viktigast blant desse er detektivarbeidet til Yagami. Sidan du spelar ein etterforskar må du naturlegvis etterforske, og dette gjer du ved å studere eit gitt område. Du kan bruke berre auga dine til dette, men du har òg verkty som kan forsterke lyd, peile inn på elektriske apparat, eller ein hund som kan snuse ned lukter.

Det er ein artig teknikk å ta i bruk, men den framstå litt snever. I hovudet mitt har eg gjerne tankar og idear om ting som ser ut til å vere verdt ein ekstra kikk, men spelet tillet ikkje dette. Du skal finne ei bestemt, men usynleg liste med spor, og du får ikkje gjort deg ferdig med ein åstad før du har funne alle. Eg forstår kvifor det er slik, men det framstår likevel hemmande. Kva er meininga med å etterforske når ein strengt tatt ikkje får etterforske meir enn å huke av nokre punkt på ei liste?

Det er som å tre inn i ein verkeleg by.
Øystein Furevik/Gamer.no

Snill purk, slem purk?

Avhør eller samtaler med personar av interesse er mykje det same. Du får nokre få dialogval, og kanskje eit knippe bevis å vise fram, men ein får raskt kjensla av å vere låst til nokre få, ganske snevre punkt på ei liste, og det blir ikkje like engasjerande å leite etter bevis eller drive avhør som ein kanskje skulle ynskje.

Dette er derimot berre ein bitteliten del av eit spel som i god tradisjonen byr på enormt mykje forskjellig å ta seg til. Vi får jaktscener der vi må prøve å nå igjen flyktande personar, litt keitete parkour-sekvensar der vi skal klatre opp husveggar, samt eit mylder av valfrie aktivitetar som varierer frå å køyre kappløp med droner til å spele ein VR-variant av terningbaserte brettspel.

Det er mykje å ta seg til, men det som definitivt vil ta mest tid er alle sideoppdraga. Mange av dei er berre sprøyt, men det er mykje artig å ta seg til her. Spesielt sideoppdraga på den lokale skulen byr på mykje moro. Her skal du inflitrere ei rekke klubbar som driv med alt frå dansing til robotbygging, og hjelpe dei med å nå ulike mål. Rundt omkring i Yokohama finn vi og ei lang rekke med folk som treng hjelp til alt frå å lokalisere ei mystisk ramensjappe, til å finne ut kven som stel ideane til eit forfattarkollektiv.

Alt saman sig i hop til ei saftig gryte full av artige ting å ta seg til. Å vandre rundt i Yokohama er som å gå på leiting etter noko å more seg med, og eg tek meg sjølv i å ofte gå meg vill i mange sideoppdrag i staden for å drive vidare hovudhistoria, sjølv om den er eit av spelets desidert beste element.

Lag ramen, ikkje krig

Det manglar ikkje på action.
Øystein Furevik/Gamer.no

Den kanskje kjipaste delen av Lost Judgment er kampane. Som nemnt går vi her tilbake til eit actionbasert kampsystem i sanntid,og eg kjenner at eg saknar dei turbaserte kampane i Like a Dragon. Der fekk eg lettare kjensla av at det var meining med kvar kamp. Her er dei mest som ein liten klegg ein må vifte vekk for å få vere i fred. Den absolutte majoriteten av kampar er med pøblar som uprovosert angrip deg på gata, gjerne medan du er oppteken med noko anna, og dei er nesten umoglege å riste frå seg. Dei vil jage deg over halve byen om dei får sjansen, men dei har ingenting å stille opp med. Eit par slag er alt som skal til for å leggje dei i bakken.

Eg hadde spelt i over tolv timar før eg møtte ein kamp som utfordra meg så pass at eg måtte gjere meir enn å vilkårleg hamre på knappane. Det er inga naturleg kurve i utfordring og meistring fordi tilfeldige fiendar er for lette, og utfordrande kampar er for sjeldne. Ein lærer ikkje å bruke kampsystemet skikkeleg før langt ut i spelet, og då blir du umiddelbart stilt til veggs.

Kampsystemet er i essensen solid nok, men det er for snevert og fullt av små manglar til at det klarar å heilt fenge meg. Visst er det fett å sjå på. Yagami kan kung fu, og han dansar rundt fiendane med ein spenst og akrobatikk som ikkje liknar grisen. Animasjonane er nydelege, og kontekstsensitive angrep fører verkeleg til at du føler deg som ein del av verda du er i.

Problemet er at kampsystemet krev ein presisjon som ikkje heilt fungerer i praksis. Å gli mellom ulike kampstilar for å handtere alt frå grupper av fiendar til einslege menn med balltre er lettfatteleg nok, men når du skal trykkje inn ein gitt knapp slik skjermen fortel deg, er vindauget for å gjere det ofte så kortvarig at du lett allereie har trykt deg vidare i ein kombo før du får reagert.

Årsaka til dette er at spesialangrepa stort sett berre blir tilgjengelege når du har dengt nokon i bakken, og når nokon først er i bakken må du gje dei eit sekund før du får beskjed om å denge ut spesialangrepet. Kven har tid til slikt? Stå og vente på å sjå om du får symbolet til ein knapp opp på skjermen medan ein er omringa av fiendar som sender slag og spark i din retning?

Konklusjon

Av og til må ein jage avskum eit stykke.
Øystein Furevik/Gamer.no

Om du har noko kjennskap til Yakuza-serien, veit du godt kva du vil få i Lost Judgment. Det er eit spel bygd på same oppskrift som dei tidlegare spela, og det er ei særs smakfull ei. Vi får ein stor, flott by å utforske, mange mysterium å finne svar på, og ei historie som er både djup og mørk. Yakuza-studioet har ei eiga evne til å skape bitande historier med gode karakterar, og samstundes blande dei med mykje absurd galskap.

Dette kunne raskt ha blitt eit spel av same kaliber som fjorårets Yakuza: Like a Dragon, men det er ei par ting som ikkje heilt held den kvaliteten vi skulle ynskje. Detektivelementa framstår halvkokte og freistar meir med sitt potensiale, enn med kva dei fraktisk byr på. Mykje det same kan ein seie om kampane som er mange, men for det alle meste uinteressante. Jamt over framstår det heile litt uambisiøst etter kraftpakka vi fekk i fjor, men det er like fullt eit engasjerande spel som vil glede fans av serien.

7
Lost Judgement
Eit engasjerande spel som vil glede fans av serien.
Lost Judgement

Les også

Siste fra forsiden