Kommentar

Ikkje-E3 2023

Betre enn på lenge

Microsoft var sjølvsikre i årets sommarpresentasjon, men godbitane lar vente på seg.

IMG_0140
Xbox

Søndag kveld var det endeleg tid for å få eit innblikk i kva dei mange studioa til Microsoft eigentleg har brukt tida si på dei siste år. Etter nesten pinleg lang ventetid der mindre enn ingenting blei sagt fekk vi endeleg sjå, om ikkje mykje, så noko av det vi har vore lova.

Showet starta med Fable, eit spel som har vore under utvikling så lenge at mange har mistenkt det har vore alvorleg problem på gang. Det såg derimot ikkje slik ut, med Richard Ayoade som trekkplaster fekk vi ein liten kortfilm som gjorde det den kunne for å fortelje oss alle at ja, den gamle Fable-humoren er framleis på plass. Det store spørsmålet er korleis det blir å spele, for akkurat det fekk vi sjå fint lite av.

Endeleg fekk vi våre første glimt frå Fable.

Det same kan ein godt seie om South of Midnight frå Compulsion Games. Det såg kjempespanande og kreativt ut, men kva slags spel er det? Ein kul trailer med eit gammalt lik som spelar gitar er kjekt nok det, men er det ein film eller eit spel vi skal sjå fram til her?

Hellblade II ligg nesten i same gate. Spelet er nesten litt vanskeleg å ta seriøst, så lekkert er det. Alt Ninja Theory har vist frå dette spelet får det berre til å sjå enda meir spektakulært ut. Det hadde vore utruleg artig om vi kunne få sjå litt faktisk gameplay snart. Det er pent å sjå på, stemningsfullt og imponerande, men kva er rolla mi i det heile? Det er det eg vil vite, og trailerar som ikkje fortel meg noko av det er eigentleg ikkje så nyttige.

Kroneksempelet på dette var Star Wars Outlaws. Igjen, lekker trailer, men den viste ingenting frå spelet. Om The Division-studioet sit der og kokar i hop eit stort Star Wars-spel i ei opa verd er det for spanande til at det fortener å bli sosa vekk med ein CGI-trailer. Greit nok, vi får sjå gameplay på Ubisoft Forward, men det er ei anna sending for ein annan dag. Det er ikkje alle som har tid, ork, eller vilje til å sjå alle dei 1001 presentasjonane utviklarar og utgjevarar byr på i kjølvatnet av E3.

Game Pass lev vidare

Clockwork Revolution var ei av kveldens mest spanande avsløringar.

Mykje av det Microsoft viste fram kjem til abonnementstenesta Game Pass, og det er tydeleg at dette framleis er det store fokuset til Microsoft. Dei siste åra har det derimot skorta på dei store spela som skal dra folk til Game Pass.

Frå og med i haust ser dette absolutt ut til å endre seg. Vi får Starfield og Forza Motorsport, og dette er berre dei første i ei lang rekke titlar frå Xbox Game Studios. Neste år får vi endeleg det store rollespelet Avowed frå Obsidian i tillegg til eit heilt nytt Flight Simulator-spel.

Seinare kjem Clockwork Revolution, eit nytt rollespel frå Wasteland-studioet inXile, og med steampunk-estetikk og bøying av tid, samt solide mengder faktisk gameplay, bydde dei på ein av kveldens beste kunngjeringar.

For i år lova Microsoft først og fremst nytt innhald, ikkje nye spel. Det er fint det, men ikkje så frykteleg spanande i den årlege presentasjonen der det strengt tatt er om å gjere å vise musklar. Det store unntaket var eit samarbeid med Lucasfilm Games for å lage eit Monkey Island-utviding til Sea of Thieves. Denne såg skikkeleg artig ut, og med skodespelarane frå Monkey Island-serien om bord, ser det ut til å kunne bli ein spanande sommar for piratane.

Mykje spanande på veg

Path of the Goddess er eit nytt actioneventyr frå Capcom.

Sjølv om Microsoft hadde eit godt fokus på sine eigne spel, fekk vi sjå ein god del frå kva andre studio bryggar på. Cyberpunk får seg ei utviding der både Keanu Reeves og Idris Elba dukkar opp, skurkespelet Payday 3 får ei tidleg haustlansering, og Life is Strange-studioet Don't Nod byr på det fargerike klatreeventyret Jusant.

The Bannar Saga-studioet Stoic jobbar på si side med eit eksklusivt spel for Xbox i form av fargerike Towerborne. Dette er eit samarbeidsspel i ei verd som er i konstant endring. Spirit Farer-utviklarane bydde òg på fleirspelarmoro i 33 Immortals, eit spel for heile 33 spelarar.

Vi fekk òg eit knippe japanske spel i løpet av sendinga. Path of the Goddess frå Capcom såg skikkeleg spanande ut der det kanaliserte litt god gammaldags Onimusha pluss ei sterk dose japansk mytologi. Vi fekk òg sjå dei første bileta frå Metaphor Re Fantazio, det nye spelet til folka bak Persona 5. Som om det ikkje var nok kjem nyversjonen av Persona 3, pluss taktikkspelet Persona 5 Tactics til Game Pass.

Kjem framtida snart?

Årets storspel frå Microsoft.

På tampen hadde Microsoft i likskap med Sony litt ny maskinvare å vise fram, skjønt, Sony hadde hakket meir spanande produkt å by på. Der Sony viste fram ein strøymedings for PlayStation 5, spelte Microsoft opp til dans med ein svart Xbox Series S. Det store salspunktet er at den med ein harddisk på 1TB endeleg har plass til meir enn eit spel, men naturlegvis blir den litt dyarare enn sin kvite kompis.

Etter det sette dei over til ein solid demonstrasjon av romrollespelet Starfield. Dette er utan tvil det store spelet for Xbox i år. Det kjem frå rollespelveteranane hos Bethesda, studioet bak The Elder Scrolls: Skyrim, eit spel som har selt over 30 millionar eksemplar. Det er ganske spinnvilt, og forventningane til kor stort Starfield vil bli er naturlegvis skyhøge.

Alt i alt viste Microsoft fram mykje spanande denne gong, og jamt over er det ein av dei beste Xbox-presentasjonane på mange år. Det meste dei viste frå sine interne studio var likevel ganske fattig på gameplay, og mykje av det kom med ei laus 2024-datostempling, eller seinare. Det kan bety at vi får det om litt over eit halvt år, eller det kan betyr over eit og eit halvt år. Eller det kan bli utsett og ende opp med å kome enda seinare.

Sjølv om vi no endeleg har fått sjå meir frå spela dei har på lager, føyer dette seg berre rett inn i det som har vore gjennomgangstemaet til Microsoft dei siste åra: «Sjå kva som kjem neste år!»

Eg er litt lei av å vente på neste år.

Siste fra forsiden