Anmeldelse

Baldur's Gate III

Eit av dei beste rollespela nokosinne

Baldur's Gate III er farleg nær rollespelperfeksjon.

Larian Studios

Baldur's Gate III er sjeldan vare. Det er eit av desse spela som berre dukkar opp ein sjeldan gong. Eit av desse spela der du nesten umiddelbart veit at du har med noko heilt spesielt å gjere.

Greitt nok, karakterbyggaren i starten er ein gedigen nedtur for dei fleste som har leika seg med Dungeons & Dragons eller meir avanserte modelleringsverkty nokon gong, men det er fort gløymt.

Snart tek historia over, og den får deg til å gløyme alt anna. Dette er eit spel der ingenting berre er. Det er ei meining bak alt, ein grunn, eit hendingsforløp. Hamnar du i ein kamp kan du vere skråsikker på at dei du kjempar mot er ein del av noko større. Kanskje leiar dei deg inn på eit nytt eventyr, kanskje er dei eit hinder i eit eventyr, eller kanskje du finn ein lapp eller to med interessant informasjon i lommene deira.

Det er mykje spanande under jordskorpa.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ingenting skjer berre for at du skal ha noko å gjere. Spelet treng ikkje dette fordi det er så bugnande fullt med engasjerande og meiningsfullt innhald. Det er eit spel som er nesten heilt umogleg å legge frå seg. Øktene blir lange, kveldane seine, men ein merkar knapt at tida går.

Spelet riv og slit i deg og byr på fleirfaldige retningar å gå, val du kan ta, prioriteringar du kan gjere. Ein kan nesten bli lamma fordi avgjerslene du må ta er så vanskelege at ein må ta ei pause frå det heile og kome tilbake når ein har tenkt over det.

Nydeleg forfatta

Ei av dei største styrkane til Larian Studios er ei unik evne til å skape karakterar som er både mistenksame og truverdige på ei og same tid. Aldri har eg vil tvila meir på kva som er moralsk riktig. Aldri har eg bite tenna meir saman i det eg fører musepeikaren bort til eit val, nølar i alt for mange sekund, og klikkar.

I andre spel skjønar du som regel sånn ca. kva som vil skje. Kva som er rett og gale, kva som vil gjere til helt eller fiende er meir tydeleg. Spel byr sjeldan på reelle konsekvensar. I Baldur's Gate III døyr folk. Heile grupper med folk kan bli utsletta, følgjesvener kan gjere opprør og enten forlate deg eller gå til angrep. Verda di kan bli snudd på hovudet fordi du står midt mellom to motstridande makter som begge strengt tatt byr på rimeleg forståeleg argumentasjon.

Den første av tre akter er rein perfeksjon, og eg har sjeldan spelt noko meir engasjerande. Vi blir presentert for eit stort, variert kart med eit mylder av skjulte og mystiske skattar. Vi møter spanande folk, må ta stilling til kven som snakkar sant, alliere oss eller gå til krig mot ulike folk, eller kanskje til og med utforske ei massive underjordisk verd.

Konfliktar i dialog løyser du med eit terningkast eller to.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er nydeleg, polert, og enormt. Ein kan lett få inntrykket av at kvar krok av kartet byr på eit nytt eventyr, ei ny utfordring, eller berre noko nytt og spanande å utforske. Dette er den rake motsetning til store opne rollespel. Denne verda er kanskje ikkje like vanvitig i storleik, men du går ikkje mange stega før du møter noko nytt og mystisk som dreg deg mot seg.

Det mest imponerande er likevel kor enormt med fridom du har til å forme denne historia. Når ein kjem lengre ut i spelet vil val du har gjort tidleg kome tilbake for å vise sin effekt. Det kan vere små ting som har blitt store, men det viser òg korleis dette ikkje berre er eit av- og på-system. Eit val kan ha fleire konsekvensar som i tur byr på sine eigne val

Heile eventyr kan forsvinne i det du tek tilsynelatande enkle val. Kanskje angrip du og drep nokon som kunne blitt ein alliert partnar og viktig krigar. Du kan hjelpe folk, eller hjelpe dei som gjer folk vondt, og spelet er ein kavalkade av utfordrande val der du må ta eit ikkje alltid like hyggeleg val.

Iveren etter å starte spelet på ny for å sjå kva som skjer om eg tek heil andre val har aldri vore større.

Eit fantastisk kampsystem

Det blir sjølvsagt ein del kamp i Baldur's Gate III, og her kjem verkeleg Dungeons & Dragons-regelsettet til sin fulle rett. Spelet nyttar ein noko modifisert versjon av regelsettet til verdas mest populære rollespel. Larian Studios har smetta inn ein og annan husregel som for det meste gjer seg godt når vi først har med eit digitalt spel å gjere.

Det er ikkje Dungeons & Dragons utan ein mimic eller to.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt betyr noko her. Korleis du bygger karakterane dine, korleis du oppgraderer dei, kva eigenskapar du vel, og ikkje minst kven du tek med deg i kamp. Du kan berre ha med fire krigarar i kamp, noko eg synest er litt i minste laget, men det tvingar deg til å tenkje nøye over gruppesamansetninga.

Vil du ha ein barbar med mykje rå makt? Vil du ha eit fokus på magi? Bogeskyttarar lada med farlege piler? Eller kva med ein cleric som manar fram eit digert skjold som skadar alle beist som kjem for nær?

Det er mykje å velje i, og kampane kan vere vidt forskjellige frå kvarandre avhengig av korleis du har sett saman gruppa di, men ikkje berre det. Terningkast styrer alt og du kan ha både flaks og uflaks om kvarandre. Det er i tillegg ein haug med variablar å tenkjer over. Du kan smørje inn våpen med gift og anna faenskap, klatre opp i høgda for å få eit overtak, eller kaste ulike former for magi for å snu kampen til din fordel.

Spelet byr på gode, balanserte utfordringar som kan verke i meste laget, men du finn alltid ein veg ut, og det er like fantastisk kvar gong. Det einaste som eigentleg trekk ned litt er eit irriterande action-kamera som hoppar og dansar etter korleis du angrip. Det har ein tendens til å flytte på seg akkurat når det ikkje skal, noko som har først til meir enn ein fatal feil hos underteikna.

Skal eg opne vertshus blir det noko slikt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vener og uvener

Sjølv om Baldur's Gate III byr på enormt med fridom i korleis du handterer både verda og folka rundt deg, er det eit godt stykke unna perfeksjon. Du kan til dømes vere så snill eller venleg mot følgesveinane dine som du skulle ynskje, men for historia sin del er følgesveinane dine for det meste som statistar å rekne.

Jau då, dei skyt kanskje inn med eit innspel ein sjeldan gong når du trår på noko som har direkte innverknad på deira historie. Utover det er dei ikkje der. Du aleine med din heimesnikra figur tar alle val, og nesten aldri kjem det innspel frå følgesveinane dine. Dei deltek ikkje i samtaler, og dei kommuniserer så å seie aldri med kvarandre, berre med deg. Det er ingen gruppedynamikk utover ei og anna meiningsutveksling ein sjeldan gong.

Kva dei kommuniserer med deg kjem òg veldig an på kor interessert du er i å smørje den ustoppelege kåtskapen deira. Aldri har eg vel sett eit meir virilt spel nokon gong, og sjølv om det var artig i starten, blei eg lei. Det er greitt nok å flørte ein (ok, to,tre, fire då) person til nakendans, men når alle som ein nesten må kjempast bort med stokk blir det litt i overkant. Kvifor må alle på død og liv vere så elskovssjuke? Kvifor kan eg ikkje få lære den fulle og heile bakgrunnshistoria til ein følgjesvene utan å måtte gni kjønnsorgan på vegen? Ironisk nok er det på bordellet du møter dei største utfordringane med å få det du er på jakt etter.

Eg saknar samhald, venskap, og forhold som utviklar seg utanfor seksuelle rammer. Larian Studios har bygd opp samhaldet mellom karakterane utelukkande basert på at alle skal kunne romantiserast og knullast, og for å vere heilt ærleg, det er ikkje frykteleg interessant. Eg ville heller tatt venskap som utviklar seg over tid til å bli noko meiningsfullt enn ei handfull romantiske sekvensar som kan vere fine, men utover det tilføyer spelet lite.

Langt frå feilfritt

Ein og annan gammal Forgotten Realms-kjenning dukkar opp.
Øystein Furevik/Gamer.no

Litt småteit romantikk er ikkje det einaste som trekk ned opplevinga, og spelet har langt større problem enn som så. Akt 1 av Baldur's Gate III har hatt den store fordelen av å ha vore i Early Access i fleire år. Følgjeleg er den godt testa, finslipt og polert. Det same kan ikkje seiast om Akt 2, og minst av alt Akt 3.

Rett skal vere rett, Larian jobbar aktivt med å luke ut feil, og mykje er allereie fiksa, men det hindrar ikkje spelet i å verke direkte uferdig på mange punkt, for lista med feil og manglar er lang. Det første eg verkeleg merka var korleis ytinga fekk seg ein solid knekk i Akt 2. Etter å ha spelt nokre timar i strekk kneler spelet under eiga vekt, og biletefrekvensen kryp ned i stillbiletenivå, noko som interessant nok blir fiksa med ein omstart.

Verre er det med eit mylder av tekniske feil. Vi møter eit samansurium av feil. Dialogar kan mangle, oppdragsmarkørar er borte, og i nokre tilfelle har oppdragspersonar berre forsvunne midtvegs i eit eventyr. Mange samtaler gir ikkje meining fordi kontekst manglar, eller setningar som openbert høyrer til andre val ein dei du tok brått trer i kraft. Det verkar kort og godt uferdig. Som om ting berre manglar, eller utviklarane ikkje har fått tid til å kalkulere for alle utfall.

Som om det ikkje var ille nok har eg ved fleire høve erfart at heltar som går opp i nivå ikkje har fått sine oppgraderingar. Verst er likevel oppdrag som har blitt øydelagde i så stor grad at all progresjon blei stoppa, og eg måtte laste ei fire timar gammal lagring for å kunne halde fram.

Resultatet er eit spel som ikkje av og til får riper i sin fantastiske lakk, men skrantar meir og meir etter kvart som du kjem nær slutten. Kvaliteten er framleis høg, og med den enorme tidsinvesteringa som skal til, er mengda med tid øydelagt av feil ganske lita. Det er likevel vanskeleg å leggje frå seg kjensla av at Baldur's Gate III er eit uferdig spel som burde hatt litt meir tid før lansering.

Konklusjon

Det er mykje rart som gøymer seg i mørket.
Øystein Furevik/Gamer.no

Baldur's Gate III er eit stort, omfattande og nydeleg rollespel. Det er eit av dei beste spela eg har spelt på mange år, og det har eigenhending gjeve meg lyst til å spele alt som er å oppdrive av isometriske rollespel.

Det byr på ei imponerande historie. Ikkje berre fordi den er knakande god og uhyre engasjerande, men òg fordi så enormt mykje av den formast etter kva du gjer. At Larian har fått til dette utan at heile spelet kollapsar under vekta av alle variablar er over mi fatteevne. Spelet er ein maktdemonstrasjon i korleis ein skal flette saman mekanikkar og forteljing til det heile blir ein heilskapleg total der alle element er like viktige.

Lenge var eg overtydd om at dette kom til å bli så nær perfekt som det er mogleg å kome, men det var inntil tekniske feil byrja å vise seg i akt 2. Det er ikkje overveldande, og mange vil sikkert sleppe unna utan å merke noko, men for min del var spelet så ustabilt til tider at det må trekkast for.

Det sagt, Baldur's Gate III er ein prestasjon av dei sjeldne, og er eit av årets, om ikkje tiårets – eller hundreårets – viktigaste spel.

Baldur's Gate III er ute til Windows. Versjoner til PlayStation 5 og macOS slippes 6. september.

9
/10
Baldur's Gate III
Eit fantastisk eventyr som formar seg etter kva du gjer.

Siste fra forsiden