Anmeldelse

SKALD: Against the Black Priory

Bloddryppande atmosfærisk norsk retrorollespel

Om du er på jakt etter eit skikkeleg solid rollespel med ei knallgod historie er dette spelet for deg.

High North Studios

Om du skulle meine spelindustrien toppa seg med teksttunge rollespel på Commodore 64 har alt verkeleg gått feil veg dei siste tiåra. Ein og annan gong dukkar det likevel opp ei eldsjel som prøvar å rette skuta, og det er det vi har fått med det norskutvikla retrorollespelet SKALD: Against the Black Priory.

Dette er det som må kunne kallast eit modernisert rollespel av gamlesorten, der du med relativt frie tøyler gradvis får bygge deg opp ei gruppe med barske eventyrarar som reiser rundt og taklar problema i verda på ulikt vis. Valfridom, mange kampar, og ei bekmørk historie sterkt inspirert av Lovecraft er hovudingrediensane i eit spel som køyrer retrostilen hardt utan å gløyme at alt ikkje var betre før.

Spelet osar av stemning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Mørkt og dystert

SKALD: Against the Black Priory byrjar med ei skipsreise som går skeis. Etter å ha laga deg ein karakter som fungerer som din hovudperson gjennom spelet blir det konfrontasjonar på skipet, og du må ta dine første av mange konsekvensrike val. Litt kamp og kort tid seinare blir skipet angripe av eit enormt monster, og neste stopp er at du vaknar opp på ei strand der skipet ditt er knust til pinneved.

Her byrjar ei reise som er som å ta sats og hoppe ein stad mellom 30 og 40 år tilbake i tid. Det er ei fascinerande oppleving, og sjølv om svært mykje framstår svært gammaldags, fungerer det likevel veldig godt. Du vandrar gjennom område utan den heilt store variasjonen, men med eit hav av små detaljar som vekker verda til live. Du vandrar mellom kampar og ulike scenario der du får tidvis lengre dialogar og utbroderingar om ting som skjer, etterfølgt av eit knippe svaralternativ.

Det blir tidleg tydeleg at kva du gjer har reelle konsekvensar, og ditt stadig vaksande følgje med krigarar har meir føre seg enn å berre by på valdelege tendensar. Alle har ulike eigenskapar, og der nokre først og fremst byr på musklar som kan hjelpe deg med å bryte ned dører eller ta igjen folk som prøvar å stikke av, kan andre by på generell kunnskap som gjer det lettare å forstå kva som skjer, ei evne til å finne ting, eller diplomati som kan få deg ut av konfrontasjonar utan kamp.

Det er ikkje alltid så lett å sjå kva som er kva.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei spanande historie

Det aller mest tiltalande med SKALD er utan tvil sjølve historia. Den er veldig godt skrive, og dialogane er engasjerande og pirrande. Du har hamna på ei øy der ingenting er heilt som det skal vere, og spelet er fullt av grufulle folk, grufulle hendingar, og mange bestialske opplevingar i beste Lovecraft-stil.

Det er ein sann fryd, og spelet er klokt samansett slik at du ofte må leite litt, men aldri frykteleg lenge. Det byr og på ei lange rekke utfordringar avhengig av kva vanskegrad du vel. Du kan til og med lage di eiga ved å skru opp og ned på ei rekke ulike parameter.

Gjennom spelet skiftar du mellom å vandre rundt på verdskartet og å utfoprske større eller mindre soner du finn der. Det er ei spanande ferd der du aldri heilt veit kva du møter på, og der små ting folk seier kan leie deg i retning av nye og farlege eventyr, og spelet skapar ei verkeleg god kjensle av å vere på ei reise der du gradvis forstår meir av verda rundt deg.

Det blir naturlegvis ein del kamp i løpet av spelet, og her får vi eit noko enkelt turbasert kampsystem der du flyttar krigarane på eit rutenett. Krigarane kan gå i nærkamp, skyte med piler eller nytte magi, og det er så leis rom for mykje variasjon. Eg merka likevel tidleg at kampane har ein tendens til å stort sett alltid gå same veg, og det blir difor litt einsformig. Unntaka er nokre av dei større kampane der du verkeleg får testa deg.

CRT-filteret er valfritt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Auga mine!

Eg kan eigentleg ikkje seie noko om SKALD utan å gå inn på det som gjorde spelet vanskeleg å spele i lengda. Spelets visuelle format er ein hyllest til til Commodore 64-tida, og utviklaren har gjort ein formidabel jobb med å skape folk, område og ein visuell presentasjon som verkeleg er tru mot si store inspirasjonskjelde.

Eg har ikkje noko problem med det, men eg fekk ildt i auga av det. To timar med dette spelet er alt eg orka før eg måtte ta ei lengre pause der eg kika på noko ekte ei stund. Spelet tilbyr eit artig CRT-filter som mjukar ut biletet og kurvar skjermen, og dette gjorde spelet mindre anstrengande for min del. Dette er likevel eit spel som av det visuelle aleine gjer det til ei oppleving for spesielt interesserte.

Spelet skapar ei stemning eg ikkje har kjent på sidan lenge før spel fekk den realismen dei har i dag. Det er eit spel som gjennom sitt ytre tvingar deg til å bruke fantasien. Du får stemningsfulle og piksellerte pikselbilete som bakteppe for dialogar, og alle tomrom blir fylt ut av dialogar og skildringar spelet kjem med.

Eg absolutt elskar dei stemningsfulle bileta som skildrar områda du reiser til, eller folka du møter. Saman med den nostalgiske og fine musikken er desse er så godt gjennomførte at eg nesten føler med transportert vel 35 år tilbake i tid til då eg spelte spel med ordbok for å forstå kva som skjedde.

Spelet er fullt av spanande hendingar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

SKALD: Against the Black Priory eit mørkt, dystert og stemningsfullt rollespel som først og fremst byr på det aller viktigaste i eit slikt spel; ei spanande historie og ei mystisk verd du ynskjer å utforske. Du finn stadig noko nytt, nye folk som kanskje vil deg vondt, og nye ekle ting som sakte, men sikkert fortel historia om kva som har skjedd på denne øya.

Spelet er veldig godt skrive, og byr på dialogar du ikkje berre gidd lese, men ynskje å lese. Konsekvensen er eit spel der du spelet litt til ikkje berre fordi mekanikkane er engasjerande, men fordi du ynskje å sjå kven eller kva neste stad eksponerer deg for.

Vi har med eit skikkeleg retrospel å gjere, men det moderniserer der det trengs, og serverer eit skikkeleg godt stykke rollespel med ei av dei mest interessante historiene i nyare tid. SKALD er ikkje redd for å pirke, eller eventuelt sparke hardt i ekle ting, og det er ein av mange ting gjer spelet til ei minneverdig og unik oppleving.

SKALD: Against the Black Priory er ute på PC nå.

8
/10
SKALD: Against the Black Priory
Ei av dei mest interessante historiene i nyare tid.

Siste fra forsiden