Anmeldelse

The DioField Chronicle

Vald løyser alle problem

Bli med i ei soldathær som løyser alle problem ved å knuse motparten.

Square Enix

Square Enix er på offensiven for tida med ein haug spel som kanskje ikkje er storproduksjonar, men som jamt over byr på variert underhaldning med ein japansk vri.

Neste ledd ut etter eit år som så langt har gjeve oss alt frå Triangle Strategy og Live A Live til Stranger of Paradise og Chocobo GP får vi no strategispelet The DioField Chronicle. Vi bryt litt med dei taktiske og turbaserte spela som inspirerte Triangle Strategy, og får noko heilt anna som eg ikkje klarar å finne ei god nok samanlikning for.

Med fire krigarar skal du inn i krigen, og bli midtpunktet for ei konflikt som fokuserer meir på nasjonar som ikkje kjem overeins og helst vil ta kontroll over kvarandre, enn den fokuserer på folka i den og kva dei strir med.

Leigesoldatar fiksar biffen

Ikkje våg å kritiserer kongehuset framfor den fyren her.
Square Enix

The DioField Chronicle introduserer oss for leigesoldatane i Dei Blå Revane. Denne gruppa med pliktoppfyllande krigarar tek på seg eit myldar av jobbar utan å dvele for mykje ved kva det moralske bakteppet for oppdraget eigentleg skulle vere. Er det noko, eller nokon som står i vegen for den rette veg, tek det ikkje lange tida før dei konkluderer med at «nei, dei vil ikkje høyre etter, så vi får berre drepe dei. Diverre.»

Historia er ikkje så galen, men blir etter kvart litt tung å følgje med på. Soldatane er ein traust gjeng, og der dei sit og diskuterer planar og utviklingar. I små filmsnuttar mellom oppdraga kjem sakte, men sikkert dei ulike personane betre fram, sjølv om vi kanskje kunne fått servert litt meir for å forstå motivasjonane deira. Detter er eit ganske uvanleg japansk spel der fokuset på mellommenneskeleg drama er minimalt. Dette er strengt tatt eit gedigent pluss sidan vi slepp endelause dialogar om irrelevant møl, men det er òg mogleg å gå litt for langt i motsett veg.

Det er likevel litt lite. Eg saknar å kjenne desse folka hakket meir slik at eg kan forstå betre kvifor dei gjer kva dei no enn gjer, og kvifor dei er så sikre på seg sjølv og så kritiske til alt som skulle rokke ved deira syn. Jamt over er dei interessante, det er berre noko som manglar.

Det er eigentleg skodespelarane som reddar dagen. Dei gjer stort sett ein svært god jobb i å portrettere ein ganske så kontrollert gjeng med soldatar, og eg merkar meg at eg likar dei berre på måten dei snakkar, ikkje så mykje for kva dei gjer, for akkurat her glir spelet etter kvart inn i snodige dalar.

Her har vi folk som kjempar mot demokratiet, folk som blindt trur på alt kongen skulle seie fordi folket treng ein leiar, og folk som kritiserer andre for å stille spørsmål. Det er litt spesielt, men samstundes ganske fint fordi spelet ikkje påtvingar deg kva du sjølv skal meine om alt som skjer, men let deg bestemme det sjølv.

Taktiske kampar

Nokre angrep dekker store område.
Square Enix

Det aller meste av tida di i The DioField Chronicles vil gå med til dei mange kampane spelet byr på. Her får du stort sett styre fire krigarar som vandrar rundt på nokre konsentrerte kart der alt sjåast i fugleperspektiv. Spelet går i sanntid, all den tid du ikkje gjev spesifikke ordre, men så snart du skal inn med meir detaljert styring pausar alt, og du har all den tid du vil til å sende krigarane på ulike mål.

Det er eit ganske smidig system der du lett pausar spelet og blar gjennom både krigarar og eigenskapane deira, men det kunne ha vore betre. Du kan til dømes berre gje beskjedar til ein krigar om gongen, og så må du pause spelet igjen for neste krigar. Du mistar ikkje mykje tid, men det er litt plagsomt å ikkje berre kunne gå inn i pausemodus, fortelje alle kva dei skal gjere, og så starte klokka igjen.

Som spel flest byrjar det ganske forsiktig. Kvar krigar har eit knippe eigenskapar som både kan vere til forsvar og angrep, og det byggjer seg gradvis oppover. Kvart oppdrag gir deg nye poeng du kan låse opp nye eigenskapar og utstyr for, og det heile blir etter kvart ganske spanande.

Ikkje berre kan du få tak i nye angrep, men du kan oppgradere dei slik at dei har større rekkevidde, gir deg tilbake helse, eller svimeslår fienden. Dette er berre nokre få døme på korleis angrep kan oppgraderast, og det finnest mange skjulte måtar å kombinere ting på.

Ein magiker kan til dømes kaste eld på eit område som får alle fiendar som står der til å brenne. Ein annan krigar kan deretter kanskje få tak i eit angrep som gir meir skade til fiendar som har ei statuseffekt på seg.

Områda ser litt ut som fysiske diorama.
Square Enix

Litt mykje av det same

Den aller største moroa eg har fått ut av The DioField Chronicle kjem frå å sjå krigarane utvikle seg. Det er ganske mykje å leike seg med her, frå enkle oppgraderingar av soldatane dine der dei alle kan få diverse passive bonusar, til nye våpen, teknikkar og anna utstyr.

Du står ganske fritt til å skru saman gruppa du tek med deg, og kvar krigar kan i tillegg få med seg ein assistent som ikkje aktivt deltek i kampane, men kan tilby sine eigenskapar. Har du ein krigar som spring inn og gjer massiv skade på nært hald, kan du gje han ein assistent som låner han ting som eit langdistanseangrep eller litt helsemagi.

Vi får etter kvart ganske mange krigarar å velje mellom, og akkurat her kunne kanskje spelet ha vore hakket meir gjennomtenkt. Dei blir litt for like, og alle tilhøyrer ein av fire klassar. Enten har du nærkampsfolk, ryttarar, skyttarar eller magikarar. Der er sjølvsagt forskjellar mellom dei, men dei er ikkje så store at det blir krise om du bytar ut ein. Eg enda opp med å stort sett bruke dei same krigarane det meste av tida fordi dei einaste som får erfaringspoeng er dei som er med i krigen.

Mellom kampane reiser du tilbake til ein base for operasjonar der du kan vandre mellom rom, ha små samtaler med folk, eller handle, forske fram nye ting, eller gjere opp att gamle oppdrag. Du kan lett hoppe frå rom til rom så dette er heldigvis ikkje ein del av spelet som stel mykje tid til å gå fram og tilbake.

Litt meir takk?

Oppdrag blir valt frå eit digert verdskart.
Square Enix

Visuelt er The DioField Chronicle ei litt blanda pakke. Det er heilt openbert eit spel med eit lite budsjett samanlikna med mange andre spel, men utviklarane har lukkast i å skape eit pent univers med ein eigen stil. Spesielt likar eg korleis karta ser ut, der det er brukt ei tilt shift-linse som får det til å sjå ut som du spelar med miniatyrar på eit bord.

Diverre er det litt lite variasjon i desse karta, og eg synest det kunne ha vore gjort hakket meir flid i å skape strategiske opningar. Det kjappaste og mest effektive er som regel berre å gå på med alt du har, og ploge deg veg gjennom fiendane. Det er litt skuffande sidan spelet absolutt har potensial til å vere meir enn den absolutt engasjerande pakka det allereie er.

Musikken er derimot verd si vekt i gull. Den var så pass god at eg måtte leite fram kven som stod bak. Her har Square Enix hyra inn ingen ringare enn Ramin Djawadi og Brandon Campbell som for dei fleste nok er best kjende for musikken i Game of Thrones. Dei gjer ein framifrå jobb her og leverer alt frå veldig stemningsfulle melodiar til høg dramatikk som byggjer opp rundt kampar og filmsnuttar på meisterleg vis der mørke messingblåsarar trykker stemninga langt ned i mellomgolvet før alt brakar saman.

Best av alt er korleis musikken har festa seg nok til at eg har gått rundt og nynna på den medan eg har gjort på andre ting.

Konklusjon

Eit og anna Final Fantasy-beist dukkar opp.
Square Enix

The DioField Chronicle er eit solid nytt eventyr for Square Enix, og eit som forhåpentlegvis blir ein solid nok suksess til at den blir bygga vidare på. Det er eit spel utan store, openbere manglar, men som berre treng den vesle ekstra detaljen for å løfte det opp nokre ekstra hakk. Ei litt meir innvolverande historie, litt meir taktikk i kampane, og kanskje eit snev av meir variasjon. Eg har kosa meg stort sett heile tida, men tankane om kva som kunne ha vore betre er ikkje til å kome vekk frå.

Det blir litt mykje av det, og etter kvert som ein tek føre seg dei mange oppdraga er det lett å sitje med ei kjensle av at det blir ein del repetisjon. Det blir ikkje keisamt, men det er nok til at det blir eit spel for kortare økter. Ein time her, og ein time der held som regel, men likevel pirrar spelet nok til at eg etter kort tid har lyst til å gå tilbake for å spele eit oppdrag til.

Om du er hungrig på litt lettbeint strategi med eit nydeleg musikalsk bakteppe er The DioField Chronicle vel verdt å ta ein kikk på.

7
/10
The DioField Chronicle
Ein spanande strategitittel med mykje potensial.

Siste fra forsiden