Anmeldelse

Live A Live

Herleg 90-talskavalkade

Sju ulike historier møtast for å skape eitt fantastisk spel.

Live A Live er eit av eit litt vel høgt antal spel som aldri kom seg ut av Japan. Lansert i 1994 på Super Nintendo, bydde spelet på noko litt anna enn kva normalen tilsa. I staden for ei lang, samanhengande historie, slik vanleg er for rollespel, fekk vi i staden sju vidt forskjellige (og korte) historier om personar i ulike delar av verda, på ulike tider i verdshistoria.

At Live A Live skulle få sjansen til å bli pussa opp med lekker 2DHD-grafikk og nyinnspelt musikk frå den originale komponisten Yoko Shimomura, er nesten eit lite sjokk.

Fortida, i dag

I rommet går sjeldan ting etter planen.
Nintendo

Live A Live er på alle måtar eit born av si tid. Å spele dette, sjølv i si oppussa form gav meg ei uvanleg sterk kjensle av å vere ung igjen. Det var sånn ting var då eg først plugga inn Super Nintendoen i den gamle TV-en i kjellaren. Rare historier om rare figurar som gjer rare ting.

For berre sjå på historiene i Live A Live. Det er sju av dei, og sjølv om spelet jamt over byr på dei same grunnleggjande mekanikkane uansett kva historie du spelar, er det meste anna veldig forskjellig.

Ei historie sender oss tilbake til steinalderen der vi får ta ein aktiv del i kampen mellom hulebuarar for å vinne jenta. Det er alt det handlar om. Jenta flyktar, kidnapparane rasar etter, ho endar opp ved di side, og du prøvar å halde dei krigerske folka unna. Med deg har du ein apekatt som kastar skit på fiendane i spelets turbaserte kampsystem som har lest meir enn ei side frå manualen til sjakk. Og ingen kan snakke, så dei berre gryntar og gestikulerer.

Vidare tek vi turen til gamle dagar i både Japan og Kina, før vi vender snuten mot meir moderne tider. Spesielt godt likte eg turen til ville vesten der vi i rolla som ein einsam vandrar får hjelpe til med å redde ein liten by frå desperadoane som terroriserer den.

Hoppar vi lengre fram i tid får vi leike oss med ein tenåring som kan lese tankar og må kjempe mot ein motorsykkelgjeng som av ein eller annan grunn stel ungar.

Så 90-tal at det nesten gjer vondt

I Kina er det kampsportteknikkar som gjeld.
Nintendo

Jamt over er det noko som verkeleg osar ut av dette spelet, og det er tida då det var laga. Alt frå design på dei ulike personane til sjølve tematikken er som å bli kasta tilbake til all den kulaste animen frå midten av tiåret då musikk framleis var bra.

For vi kan ikkje gløyme musikken. Det er kanskje ikkje musikk eg vil setje på i bakgrunnen medan eg gjer andre ting, men hjelpe meg så nokre av desse låtene har borra seg inn i hjernen. Det er fengjande, leikent og lystig på ein måte som prega mange av klassikarane frå denne perioden i spelhistoria.

Litt artig er det òg korleis ein lett kan kjenne igjen musikken til Shimomura. I seinare år er ho definitivt best kjend for sitt arbeid med Kingdom Hearts-serien og Final Fantasy XV, men dette var hennar første store prosjekt for selskapet som den gong då heitte Squaresoft.

Enda eit artig element i presentasjonen er korleis kvar historie byr på karakterdesign frå ulike teiknarar som står bak fleire kjende manga-seriar. Ikkje berre gjev dei ulike tidsperiodane i seg sjølve dei forskjellige kapitla særpreg, men tidvis vidt forskjellige design er med på å selje dette som sju små spel i eitt.

Gamle Japan er eit spesielt lekkert eventyr.
Nintendo

Kort og godt

Dei ulike historiene i Live A Live er ikkje lange. Enkelte kan rundast på ein time, medan andre kan ta eit knippe timar å fullføre. Det er ikkje komplekse plottrådar som skal nøstast opp her, men alt frå ei unik hending der og då, til ein dag i livet til ein gitt person.

Dei fleste historiene følgjer meir eller mindre same skjema. Du spring rundt i verda med ein eller fleire figurar, snakkar med folk, og nyttar ein unik eigenskap for den historia. I steinalderen kan du til dømes bruke luktesansen for å finne beist å slåst mot, medan du i nær framtid kan lese tankane til folk, og som ninja kan bli usynleg ved eit knappetrykk.

Historia blir fortalt gjennom dialog der nesten alt er framført av skodespelarar, og her fortener lokaliseringsteamet ein solid haug med ros, for dette er ei av dei betre lokaliseringane eg har høyrt i det siste. Ikkje berre er dialogen god, med skodespelarar som passar godt for både setting og karakter, men dei har valt skodespelarar som høyrest ut som dei kjem frå sine respektive land.

Når vi reiser til Asia høyrer vi autentisiteten i stemmene deira, og i ville vesten er det ingen tvil om kvar vi er. At det blir gjort slik er ikkje noko eg ser på som nødvendig, men det gjer det mykje lettare å bli transportert til dei ulike verdskantane forteljingane går føre seg i.

Gratis pryl

I ville vesten må du hjelpe ein by mot bandittar.
Nintendo

Ein viktig del av spelet er kampsystemet, og nokre historier byr på mykje kamp, medan andre lite. Som dei fleste japanske rollespel er det eit turbasert kampsystem, og i likskap med Final Fantasy-serien er det aktivt. Det vil seie at kvar gong du flyttar på deg eller gjer noko vil tida gå, og om du spring rundt i kamparenaen vil fiendane kunne få sjansen til å denge laus på deg før du har gjort noko.

Det heile utspelar seg på eit lite rutenett med store ruter, og det blir aldri spesielt komplekst. Det kan det heller ikkje bli når dei lengste historiene varar i knapt tre timar. I staden pøsar spelet på med nye angrep og spesialtriks slik at du får mykje utvikling og progresjon raskt.

Tre kampar er som regel nok til å gå opp i erfaringsnivå, og dei fleste nivå byr på nye triks. Dei fleste er enkle angrep, men mange av dei varierer kvar du kan slå, og kor langt tid angrepet tek å utføre. Nokre vil la deg treffe alle som står inntil deg, andre vil tvinge deg til å sikte på ein fiende eit par ruter unna, medan andre igjen dekker store felt på kartet.

Felles for det meste er eit stort fokus på statuseffekter og fiendar som er sterke eller svake mot ulike typar angrep. Det er svært mykje moro pakka inn på kort tid, og om du nokre gongar ergrar deg over at ting går for tregt i spel, og du gjerne skulle fått meir fortare, er dette spelet for deg.

Konklusjon

Kva historie vil du spele først?
Nintendo

Live A Live er tvers igjennom moro. Det er eit lettbeint og gammaldags eventyr på alle dei rette måtane. Det byr både på bisarr humor og teite figurar, men og ganske dystre historier med eit språk ingen brydde seg med å sterilisere for å oppnå ei lågare aldersmerking.

Gjennom sju historier som til slutt samlast for å avsluttast som ei, får vi møte mange svært ulike personar opp gjennom historia, og kvar av desse er korte, minneverdige og interessante. Nokre er absolutt betre enn andre, men jamt over har du lyst på meir, og det er noko som er i ferd med å bli ein gløymt kunst. Alt skal vere størst mogleg no, slik at du blir lei og gir opp før spelet er over. Her er det motsett, du rundar ei historie på ein liten kveld, og går vidare til neste, tørst etter meir.

Mest av alt er Live A Live eit fantastisk godt døme på at alt ikkje treng vere så fordømt storslagent heile tida. Det enkle er ofte det beste.

8
/10
Live A Live
Eit lettbeint og gammaldags eventyr på alle dei rette måtane.

Siste fra forsiden