Anmeldelse

Songs of Conquest

Fantastisk strategi i beste Heroes 3-ånd

Songs of Conquest gjenskapar det same jaget etter å utforske, finne, oppgradere og vinne på meisterleg vis.

Øystein Furevik/Gamer.no

Eg har spelt mykje Heroes of Might & Magic 3 opp gjennom åra. Det er eit spel det er lett å plukke opp, og lett å ha det moro med. Det er etter mitt syn det utvilsamt beste spelet i serien, og ingen av spela i åra etter at Ubisoft tok over har vore i stand til å måle seg med bautaen som er Heroes 3.

Det var før svenske Lavapotion dukka opp med sitt Songs of Conquest. Det dukka først opp på radaren min for fleire år sidan, og for to år sidan blei det lansert i Early Access, før det no er klart for full lansering.

Om du er ein av dei som lurer på kva som har skjedd sidan då er svaret ganske enkelt; ikkje så mykje. To nye kampanjar har kome til, nye kart er på plass i fleng, du kan bryne deg på nye spelbare fraksjonar, og eit eige verkty for å bygge kart er alle flotte ting, men spelet er i grove trekk uendra reint bortsett frå justeringar her og der. Det er ikkje negativt. Songs of Conquest var eit av mine favorittspel frå 2022, og i dei to åra som har gått har det berre blitt betre.

Byane utviklar seg basert på prioriteringane dine.
Øystein Furevik/Gamer.no

Til å forsvinne i

Songs of Conquest er eit spel som hentar det meste av DNA-et sitt frå Heroes og Might & Magic-serien. Du blir plassert på eit kart der du styrer ein figur medan du utforskar verda rundt deg, plukkar opp ressursar, skattar og kjempar mot fiendar. I tillegg har du ein by der du bygger bygningar for å produsere enten soldatar og ressursar eller forskar fram betre krigarar.

Det heile er velkjent og lett å gli inn i for ein kvar som har spelt eit Heroes-spel, men det er langt meir under panseret enn ein først kanskje skulle tru. Det er ikkje berre å ture på og bygge alt ein by har å by på. Du må stadig gjere prioriteringar, kva ynskjer du til dømes å forske på? Betre krigarar eller betre økonomi? Kva type soldatar ynskjer du å ha? Det er ikkje alltid du har rom til alt, og noko må veljast bort, spesielt sidan kor mange soldattypar heltane kan ta med seg kjem an på kor sterke dei er og korleis du har oppgradert dei.

Det er òg ulik storleik på byane. Nokre er digre og kan få eigen mur som hjelp deg i forsvar mot fiendar, medan andre er små med plass til berre nokre få bygningar. Taktisk bruk av byar blir raskt viktig. Nokre berre produserer, medan andre blir liggande midt i fartsårer der fiendar kjem og plagar deg heile tida, og då er det kanskje best å fokusere på forsvar slik at du slepp springe fram og tilbake heile tida.

Fiendane i Songs of Conquest er ein hissig gjeng, og gjennom dei fire kampanjane spelet byr på vil du få merke dette godt. Spelet byr riktig nok på ei rekke vanskegrader for å tilfredstille alle behov, men dei grunnleggjande metodane er likevel like.

Å angripe byar byr på ei rekke ekstra utfordringar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ta deg ei pause og dø

Songs of Conquest er eit spel som handlar om å ta over territorium kjapt. Gjer du ikkje det, gjer fienden det, og det er tett med nyttig ting å plukke opp som gjer deg sterkare. Vi finn som nemnt våpen og ressursar, men og tårn som gir deg meir magisk kraft, og den som eig desse har ein definitiv fordel. Søv du i timen og sosar rundt medan du sakte bygger opp ei stor nok hær til å lett kunne ta den vesle statiske fiendehæra som ser litt vanskeleg ut, har fienden brukt tida på å bli sterk nok til å høvle over deg som om du var balsaved.

Dette er eit aggressivt spel, og eg likar det. Det kan bli riktig frustrerande her og der, men det er greit. Spel har i stor grad blitt litt for snille, og det er få som straffar deg for å spele dumt. Songs of Conquest straffar deg for å spele dumt, og då er det gjerne berre ein omstart som kan redde deg.

Ved første augekast er kampane veldig like Heroes 3. Spelet byr på ei slagmark der kvar figur flyttar via heksagon. Kvar figur er òg berre ein representasjon av alle krigarane av den sorten du har med deg, og kan såleis vere alt frå ein til over hundre faktiske krigarar. Songs of Conquest byr likevel på eit par ting som gjer det til ei ganske anna oppleving enn andre og liknande spel. Først og fremst har vi heva terreng som gjer posisjonering og langsiktige planar svært viktig, men magisystemet er det som i størst grad stel showet.

I staden for å bruke tradisjonelle manapoeng og ei bok du stadig legg ny trolldom i har alle spelarar tilgang på den same magien. Kvar runde får du meir magiessens, enten frå korleis helten er bygd opp, eller frå krigarane du har med deg, og denne kan du bruke på kaste magi. Desto meir magiessens du bygger opp, desto kraftigare magi kan du bruke, men ein helt som er bygd opp slik at han startar med mykje magi kan regne helvete over ein motstandar som har ignorert magi og berre bygd ein stor hær i staden.

Spelet byr på fire kampanjar, alle med gode forteljingar om utfordringane med krig.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit estetisk meisterverk

Mekanikkane som gjer det heile verdt å spele er sjølvsagt berre ein del av pakka. Det var George Lucas som ein gong sa at musikken er halve filmen, og det er umogleg å snakke om Songs of Conquest utan å snakke om den fantastiske jobben lyd og bilete-folka på dette spelet har gjort.

Grafikken er den perfekte vidareføringa av pikselgrafikken slike spel hadde på 90-talet. Den er langt meir detaljert, full av små detaljar og animasjonar som vekker det heile til liv. Ein skog er ikkje berre ein skog, den er full av ulike tre, og det er auget for slike ting som er med på å gjere det heile så engasjerande å sjå på. Spelet er umiddelbart engasjerande ut frå grafikken aleine. Den er imponerande stemningsfull og skapar ei heilt spesiell atmosfære.

Denne atomsfæra blir berre tjukkare og saftigare av den fantastiske musikken. Når tonane først glir inn slår spelet tak i deg og du forsvinn inn i eit anna universe.

Musikken i dette spelet er av typen som aleine fortel ei historie. Den går i bølger og dalar og uansett kva du held på med er det som om den var laga for akkurat det scenarioet du no er i. Det er likevel ikkje berre musikken som gjer lydbiletet så mektig. Alle lydar heilt ned til lyden av å opne ei kiste osar av ei heilt spesifikk stemning som gjer Songs of Conquest til ei heilt eiga oppleving.

Denne karen kan vente med angrep til fiendane kjem nær nok.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Om du elskar Heroes 3, men likevel kanskje er litt lei av at Heroes 3 er det einaste gode alternativet når du har lyst til å spele Heroes 3, er Songs of Conquest spelet du har venta på. Det er absolutt ikkje ein blåkopi, men det er eit spel som gjenskapar det same jaget etter å utforske, finne, oppgradere og vinne på meisterleg vis.

Det er fullt av gode idear og kloke val, noko som gjer det til eit spel som er lett å kome inn i, utfordrande å meistre, og utruleg gjevande å bli god i. Om du vil spele aleine, saman med andre over nett ellet på ein PC, eller kanskje berre lage nye kart du kan dele med andre, byr Songs of Conquest på alt dette.

Songs of Conquest er ei moderne tolking av ein gammal sjanger som innoverer der det gir meining, men ikkje prøvar å fikse det som framleis fungerer.

Songs of Conquest er tilgjengeleg på PC (testa) og Mac.

9
/10
Songs of Conquest
Eit fantastisk spel som byr på det beste frå gamle klassikarar.

Siste fra forsiden