Early Access-inntrykk

Songs of Conquest

Heroes 3-arvtakaren er her, og den er fantastisk!

Songs of Conquest er ein sann maktdemonstrasjon.

Coffee Stain Publishing

Om det er ein ting eg har vore rimeleg stolt av når det kjem til mitt forhold til spel, så er det kontroll. Eg har kontroll. Full kontroll. Eg blir ikkje hekta, eg mistar ikkje kontrollen, og eg lar ikkje spelinga gå ut over viktige gjeremål. Eg ser på folk som ikkje klarar å slå av for kvelden, og må innrømme eg himlar med auga, fnys litt, og tenkjer mitt.

Men så dukka Songs of Conquest opp. 23 år har gått sidan Heroes of Might & Magic III gjorde strategiske meistrar av oss, og i åra som har gått så er det Heroes III ein spelar når ein har lyst til å spele, vel, Heroes III. Det finnest ingen verdig oppfølgjar. Ingen har tatt over stafettpinnen, ingen fortener å bli nemnt i same andedrag ein gong.

Men, så dukka Songs of Conquest opp, og eg sit her, seint på kvelden, for seint, med blodsprengde auge, og innser eg må knote ned nokre ord om kor gale dette er.

Litt for lekkert

Songs of Conquest byr på ei lekker verd full av ting å utforske.
Øystein Furevik/Gamer.no

Songs of Conquest sug deg inn med ein gong, og tviheld. Det er vanvittig lekkert, og det er ikkje noko eg seier ofte om pikselgrafikk. Pikselgrafikk er ikkje heilt mi greie, det er noko som høyrer fortida til, som hentar fram gode minne og fine opplevingar, men dei som gjer det no har sjeldan den same teften for silhuettar og å gjere mykje med lite som dei hadde før i tida.

Teamet bak Songs of Conquest har derimot nagla formelen. Dei har tatt ein ganske mørk og dyster, nesten grimdark, estetikk og kryssa den med uttrykksfylle spriter som er akkurat passe animerte, og bada i effektive dynamiske lys som kastar lange skuggar over kartet. Det er banalt stemningsfullt, og saman med den atmosfæriske musikken som vekkjer både nostalgi og lydar frå gammel middelalder, er vi i ei anna verd.

Det heile er både velkjent og nytt på ei og same tid. Dette er eit spel som tidvis nesten kunne ha vore eit heilt naturleg tilskot til Heroes-serien, og kanskje kan ein bli litt kritisk og tenkje at det er hakket for likt, men samstundes gjer det nok på sin eigen måte, i tillegg til at alt er så gjennomført bra at alle dei likskapar ein finn med andre spel er heilt innafor.

Det er ein eigen sjanger dette her, og Songs of Conquest er det første viktige tilskotet på alt for mange år.

Som å kome heim

Kraftigar soldatar byr på betre magi.
Øystein Furevik/Gamer.no

Utviklarteamet hos Lavapotion har gjort utruleg mykje riktig med Songs of Conquest. Det heile startar minimalt nok. Du får ein liten helt å leike deg med, og nokre korte og konsise hjelpeskjermar fortel deg det du treng vite. Dei første timane går med til å bli kjend med dei grunnleggjande mekanikkane medan du vandrar rundt på eit kart der du plukkar opp alt frå permanente til midlertidige bonusar, og krigar mot eitt og anna monster som står og ventar i eit skogholt.

Kampane i Songs of Conquest vil vere velkjend prosess for dei som har spelt mange timar med Heroes III. Kvart lag står på kvar si side av skjermen, og flyttar seg mot kvarandre over eit heksagonalt nett. Alle soldatane dine har sine forskjellige angrep, og om du oppgraderer dei får dei kanskje ein ny eigenskap som kan vere alt frå å buffe andre soldatar, til eit spesielt angrep.

Det er heilt tydeleg at Lavapotion har teft for å finne det som funkar. Neste samtlege soldattypar eg har vore ute for har tydelege nytteområde, og sjølv om eg har funne mine favorittar, så ser eg lett korleis alle kan bli nokons favoritt.

Les også
Desse spela gler vi oss til i mai

Kampane får vidare nye strategiske dimensjonar når ein tek i bruk terreng. Står du på eit opphøgd heksagon vil du få bonusar på å treffe dei som står under deg. Vidare får opportunistiske angrep ei viktig rolle i nærkamp. Står to soldatar av motsett side ved sidan av kvarandre, og den eine flyttar på seg, vil den andre få inn eit gratis angrep, noko som demonstrerer kor mykje ein kan tene på å ha ein solid tank eller to, samt posisjonere dei smart.

Dei aller største byane byr til og med på bymurar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Å bygge eit kongedøme

Ein essensiell del av spelet er å bygge opp byar for å passe på at du er forsynt med nye soldatar, samt midlane å kjøpe dei med. Denne biten er eit område der spelet skil seg markant frå Heroes-serien. I staden for å få tilgang på ei lang rekke byar som alle har nøyaktig same potensiale, byr Songs of Conquest på byar i tre storleikar, der berre dei største byane vil kunne bygge dei største bygningane som byr på enten kraftige soldatar eller forsking for å utvikle hæren din.

Bybygginga føregår ved at du først tek over ein by, og så bygger på tomter som dukkar opp rundt byen. Du får derimot aldri lov til å bygge alt, noko som gjer at du må tenkje ganske nøye over kva du vil satse på, og heller bruke fleire byar for å få tilgang på alt du vil ha. Fiendane kan vere over alt, og dei er svært aktive, og etter kvart svært farlege, noko som gjer det naudsynt å tenkje godt gjennom korleis du vil byggje deg sjølv opp.

Ikkje minst er dette viktig når det kjem til spelets magisystem. Her finn vi ikkje manapoeng, men essens. Spelet byr å ulike essensar som kort fortalt er ulike magiske retningar. Oppgraderer du helten innanfor ein eller fleire av dei, samt tek over magiske tårn, og ikkje minst fyller hæren din med soldatar som produserer den essensen du vil ha, kan du bli eit formidabelt trolldomsbeist.

Om du derimot ikkje forstår systemet, noko eg sjølv sleit med i starten, kan du få deg ein skikkeleg saftig ein på tygga. Etter kvart som ein lærer spelet å forstå er det derimot mykje moro å ha med å låse opp systemets potensiale.

Konklusjon

Du kan zoome ut for å få litt betre oversikt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg har vore fan av Heroes-serien sidan eg spelte Heroes II ein gong på 90-talet, men det har alltid vore Heroes III som har vore den store kongen, noko eg vil tru eg ikkje er aleine om.

Eg har spelt mykje rart sidan då, men ingenting har klart å gjenskape magien på den måten Songs of Conquest har. Ein kan då lett tru at dette berre er ein blåkopi, men det er langt frå sanninga. Det er likt, ja, men det som gjer dette spelet så vanvittig underhaldande er korleis det kombinerer det kjende med det nye, og ikkje minst byr på ei god og tidvis brutal utfordring som aldri er så brutal at den framstår umogleg.

Det er lenge sidan eg har sett ei meir komplett Early Access-pakke. Dette spelet er så godt som ferdig. Det er nesten fritt for tekniske problem, vi får to fulle kampanjar, eit verkty for å bygge våre eigne kart, og ein suveren fleirspelarmodus med ein bunke flotte kart der ein finn kanskje den aller beste opplevinga, og spelet demonsterer kor velbalansert det er.

Om du er svak for Heroes-serien og har sakna noko som verkeleg kaprar den gode, gamle magien bør du kanskje halde deg langt unna Songs of Conquest, det vil ete opp livet ditt.

Songs of Conquest er ute i Early Access på Steam nå. Utviklerne melder at spelet er nesten ferdig, men at dei ser for seg at det gis ut ein gong i 2023.

Songs of Conquest-trailer.
Songs of Conquest
Heroes of Might and Magic Songs of Conquest

Les også

Siste fra forsiden