Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Denne månaden blir det japansk sverdføring, taktisk krigføring og detaljert snikskyttarmoro.

Det har ikkje vore ein travel månad på spelfronten, men det må vere lov når våren endeleg gjer sitt for å dytte bort enda ein kald og mørk vinter. April var ein ganske så roleg månad med få spel, men det største namnet var utan tvil Lego Star Wars: The Skywalker Saga som bydde på ei variabel dose underhaldning.

Men no er det igjen tid for å sjå mot lysare tider.

Trek to Yomi

Trek to Yomi blir i alle fall lekkert.
Devolver Digital

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 5. mai

Trek to Yomi er eit stilfullt actionspel inspirert av sverdslåssinga i Aikra Kurosawas klassiske samuraifilmar. I rolla som samuraien Hikori legg vi ut på eit sideskrollande eventyr der vi skal hakke laus på ei lang rekke fiendar. Vi tok nyleg ein kikk på det, og sjølv om vi fant ting å pirke på, håpar vi dette kan bli ei minneverdig oppleving:

«Etter å ha spelt gjennom Trek to Yomi-demoen tre gongar, på forskjellige vanskegrader, er eg framleis svært spent på å sjå kva fullversjonen har i vente. Spelet er ei fryd for auget, lydbiletet sit som eit skot og sverdkampane ser skikkelig kule ut. Opplevinga var riktignok ikkje utan forvirring, og eg sit igjen med veldig mange spørsmål.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Trek to Yomi

Eiyuden Chronicle: Rising

Eiyuden Chronicle: Rising er første spel ut frå gamle Suikoden-veteranar.
505 Games

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 10. mai

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes blei i 2020 den så langt mest innbringande Kickstarteren. Sjølv om dette spelet frå ei lang rekke Suikdoen-veteranar med mål om å revitalisere JRPG-sjangeren ikkje kjem før neste år, får vi vi ein liten smakebit i år.

Eiyuden Chronicle: Rising bytar ut dei turbaserte kampane i broderspelet til fordel for sideksrollande action i sanntid. Spelet byr på action i høgt tempo krydra med både inspirasjon frå Metroidvania, samt ein del der du må byggje opp ein by. På toppen av dette får vi møte nokre av heltane som igjen vil dukke opp i Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes neste år. Om dette likevel skulle høyrest risky ut kan det nemnast at spelet dukkar opp på Game Pass ved lansering.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Eiyuden Chronicle: Rising

Les også
Anmeldelse: Trek to Yomi

Songs of Conquest (Early Access)

Songs of Conquest prøvar å puste nytt liv inn gamle sjangrar.
Lavapotion

Plattform: Windows
Ute: 10. mai

Om du er ihugga fan av Heroes of Might & Magic og andre klassiske perler frå 90-talet er sjansen god for at du allereie har høyrt om Songs of Conquest. I dette turbaserte og djupt taktiske spelet skal du byggje opp eit kongedøme, utvikle ei hær, og krige mot mange ulike monster. Du får reise rundt på eit verdskart der du plukkar med deg både skattar, ressursar og kampar, medan du høyrer på skaldane som syng om framgangen din.

Spelet kan spelast aleine, men byr på ein kompetitiv fleirspelarmodus som kan spelast både lokalt og over nett. I tillegg kjem spelet med det same verktyet utviklarane har brukt for å bygge spelet, slik at du kan lage dine eigne kart og kampanjar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Songs of Conquest

Evil Dead: The Game

Ash er tilbake for å sparke litt demonrumpe.
Sabre Interactive

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 13. mai

Evil Dead er ein av dei mest legendariske skrekkfilmseriane gjennom tidene. Med ei solid blanding av skrekk, galskap og humor blei Bruce Campbell ei kultstjerne, og filmane gjekk ned i historiebøkene. I nyare tid har det blitt både ny film og ein TV-serie der Bruce tok på seg rolla som Ash igjen, og no er det attpåtil tid for eit blodferskt spel basert på skumle ting mana fram frå ei bok bunden i menneskehud.

I staden for å spele aleine, byr Evil Dead på fleirspelarkaos der du på eit lite lag skal overleve mot mannevonde beist som prøvar å ta deg av dage. Naturlegvis kan du gjere det med motorsag montert på armen. Alternativt kan du ta på deg rolla som okkulte monster og gjere ditt beste for å ta folk av dage. Åkke som, bør dette bli skrekkeleg moro.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Evil Dead: The Game

Sniper Elite 5

Skal du gjere noko, får du gjere det i detalj.
Rebellion

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 26. mai

Mange spel har, eller innfører ein gimmick som får så pass mykje merksemd at resten av spelet kanskje risikerer å hamne litt i bakgrunnen. Dette er i aller høgste grad tilfelle med Sniper Elite-serien som no er tilbake med sitt femte innslag. Seriens Kill Cam – eit kamera som viser i detalj korleis kula borrar seg inn i fienden og påfører stor skade – er no enda meir avansert, garantert til stor glede for fansen.

Men Sniper Elite 5 har mykje meir å by på. Vi reiser tilbake til 1944 og andre verdskrig, og får utfolde oss i høgt detaljerte område basert på verkelege stadar i verda. Ein ny fleirspelarmodus vil la deg hoppe inn i andre sine spel for å prøve å ta dei av dage, og vi får i tillegg ein forbetra samarbeidsmodus. I tillegg vil du få skreddarsy våpna dine ned til aller minste detalj.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sniper Elite 5

Ein liten dessert

Fargerikt blir det i alle fall nå kenguruen Kao er tilbake.
Tate Multimedia

Det er eit lite bord vi kjem til i april, med berre ei handfull titlar på menyen, men spanande er dei likevel. Først finn vi det Metroidvania-inspirerte action-rollespelet Salt & Sacrifice. Dette lovar å bli ei skikkeleg utfordring der du må tenkje nøye gjennom korleis du byggjer opp karakteren din for å kunne måle deg mot dei farlege utfordringane.

Brigandine: The Legend of Runersia er eit taktisk rollespel der du skal bygge opp eit rike, samt krige mot både soldatar og monster. Spelet er ein oppfølgjar til PlayStation-spelet Brigandine: The Legend of Forsena frå 1998, og kjem no til PC etter å ha vore tilgjengeleg på konsoll i eit par år.

The Centennial Case: A Shijima Story er noko så uvanleg som eit spel der fancy grafikk blir droppa til fordel for filmsekvensar med ekte skodespelarar. God gammaldags FMV, med andre ord. The Centennial Case byr på mordmyserium der ein forfattar endar opp med å handtere fire drapsmysterium som skjer på ulike punkt i tida.

Kao the Kangaroo er på si side eit heilt nytt eventyr med ein gammal plattformhelt vi ikkje har sett sidan 2005. Her blir det fargerik plattformaction inspirert av plattformspela sine største favorittar.

Om vampyrar er meir di greie kan det kanskje freiste med Vampire: The Masquerade Swansong. I dette spelet får du spele som tre ulike vampyrar, og du får naturlegvis omfamne lystene og kreftene deira medan du avgjer skjebnen til byen Boston.

Det var alt for denne gong, men vi er snart tilbake med ei ny samling spel.

Siste fra forsiden