Anmeldelse

Lies of P

Masochistens våte draum

Var det pryl du ville ha, sa du?

Dagens haldeplass på Soulslikeekspressen er Lies of P. Eit spel som gjer alt det kan for å vere like brutalt og nådelaust som alle andre spel i sjangeren. Vi blir tatt med tilbake til den såkalla Belle Epoque-perioden i Frankrike, der vi møter barnefavoritten Pinocchio i ei litt anna form enn den dei fleste kjenner frå Disney-klassikaren.

Vi reiser til byen Krat, herja og øydelagd av mekaniske beist skapt av Gepetto og hans makker Venigni. Folk har rømt byen, robotar marsjerar opp og ned gatene, og dei heldige få som har midlar nok til å vere nyttige for Pinocchio har samla seg i eit hotel. Her byr dei på hjelp medan Pinocchio spring rundt og jaktar mekaniske beist med store våpen.

Det heile er nesten – men berre nesten – pinleg likt fjorårets Steelrising. Der og reiste vi til Frankrike, berre omlag hundre år tidlegare, til den franske revolusjonen. Der og møtte vi òg ein mekanisk helt i eit Soulslikespel, og der òg måtte vi kjempe mot mekaniske beist med livet som innsats.

Eg vil tru begge desse spela starta si utvikling rimeleg uavhengig av kvarandre, men den enorme likskapen mellom spela gjer det veldig tydeleg kor slavisk spela i denne sjangeren følgjer From Software sin formel.

Som sin sjanger lik

Utviklarane har kapra tidsepoken bra.
Øystein Furevik/Gamer.no

Lies of P er tru mot den formelen. Om du meiner det er på godt eller vondt får vere opp til deg, men etter mitt syn er dette smerteleg uoriginalt. Alt er på plass. Du møter din første fiende og døyr, lærer deg kampsystemet medan du døyr. Du møter større fiendar, og døyr. Skurar golvet med det som tidlegare knakk deg, før du møter noko nytt som knekk deg, og du døyr, igjen.

Spelet gjer alt det vi ventar at eit slikt spel skal gjere, og lite anna. Du reiser stadig til nye område, utforskar labyrintar, låser opp dører og finn snedige snarvegar som gjer framtidig utforsking lettare. Når du døyr mistar du erfaringspoeng, og må gå heile vegen tilbake til dødsstaden for å få dei tilbake. Forksjellen her er at om nokon slår til deg på vegen går mengda med erfaringspoeng som ventar ned.

Ingenting gale med det. Spelet er utfordrande og det er det publikummet for slike spel vil ha, men det er vanskeleg å kaste av seg kjensla av at dette berre er det neste spelet i ei lang, lang rekke som prøvar, men ikkje heilt får til å gjere det From Software sine spel gjer. Lies of P framstår designa av ein komite viss første oppgåve var å analysere alt som må vere med i eit Soulslike-spel.

Ei av dei mange digre bøllene i spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein godt testa oppskrift

Moro er det likevel. Det er ein grunn til at denne sjangeren har blitt så populær at alle ser ut til å ha gløymt at vanskeleg spel eksisterte før Demon's Souls (Ninja Gaiden vinkar hallo). Formelen fungerer, og den fungerer godt. Å utforske nye område er skikkeleg moro. Du finn nye vegar å gå, dører å opne, kister, folk, og mykje meir. Det er heile tida noko nytt som gjer reisa til Pinocchio til meir enn berre vandring mellom fiendar.

Nivådesignet er for det meste veldig godt, men det finnest unntak. Nokre gongar møter du på nokre dampvegvalsar av nokre fiendar i små, klaustrofobiske område. Du blir lett pressa inn i eit hjørne laga av ein bjelke og ein stein, og kameraet klarar ikkje henge med. Du ser ingenting medan du blir banka til pudding, og dette kan gjenta seg til du klarar å lokka fienden inn i eit område der det er råd å få oversikt.

Sjangeren skal vere både hard og brutal, men aldri før har eg spelt eit spel som framstå så urettferdig som dette. Nokre fiendar slår deg rett i bakken om du ikkje parrerer angrepet heilt perfekt, og når du først er nede slår det deg til du er død. I praksis snakkar vi om ein serie på kanskje seks eller sju slag som i effekt er eitt fordi du ikkje får lov til å reagere. Det er jamt over for mykje av dette. Maskingeværangrep som er på grensa til umoglege å blokkere utan ei hinsides reaksjonsevne.

Det er noko heilt anna enn Pinocchio som til samanlikning er treg og har dårleg reaksjonsevne. Alt du gjer kostar stamina, om det så er blokkering, angrep eller eit hopp til sida. Før eller seinare går du tom.

Problemet her er at balansen mellom kva spelet krev av deg og kva det legg opp til ikkje er heilt god. Nokre av dei store kampane by på enorm moro som ein gjerne går gjennom gang på gang fordi ein veit kor nær sigeren er. Andre gongar kan ein lett miste motet av kor overveldande utfordringa kan bli.

Eit mekanisk vidunder

Øystein Furevik/Gamer.no

På Pinocchios ferd får vi ei lang rekke med måtar å gjere han betre på. Vi får bruke erfaringspoeng til å gjere han betre i ei rekke fysiske attributtar som har fått diffuse namn som Motivity og Advance, sånn berre for å gjere til og med enkle ting bittelitt vanskelegare.

Mest spanande er uansett korleis du kan demontere våpen. Alle våpen i spelet har eit handtak og eit hovud, og desse kan du byte om på som du vil for å lage eigne våpen som passar din spelestil betre. I tillegg byr spelet på ein haug med gjenstandar som kan kome godt med, samt ei rekke oppgraderingar som til dømes let deg hoppa unna ikke berre ein, men to gongar på rad.

Pinocchios venstre arm kan i tillegg utrustast med alt frå ei gripeklo som dreg svake fiendar mot deg, til ein rakettkastar eller eit elektrisk støt. Det er mykje potensiell moro her, men felles for det meste er at det må oppgraderast nokre hakk før det blir skikkeleg effektivt.

Felles for alt som skal oppgraderast er at det kostar langt meir enn du har råd til. Det er synd, for konsekvensen av kor dyrt alt er et du ikkje tør eksperimentere med det vesle du har, og heller fokuserer på det du håpar har best effekt. Eit godt stykke ut i spelet får du lov til å angre vala du har gjort, men kvifor halde dette bak ein vegg av kapittel som kan ta dagar å kome gjennom? Kva er poenget?

Konklusjon

Våpen som sprutar elektrisitet fungerer bra mot robotar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Om du treng litt pryl og grisebank er Lies of P eit glimrande alternativ. Det er eit spel bygd på oppskrift og formel og er nesten heilt blotta for originale idear. Det er kompetent utforma, men det manglar den hemmelege ingrediensen From Software puttar inn i sine spel.

Lies of P byr på ei reise der vi både får kose oss med å utforske ei rekke ulike område, knytt saman av tidvis overraskande snarvegar. Det er eit spel fullt av fiendar som rangerer frå trivielle til provoserande vanskelege, med mykje godt snadder midt i mellom. Mange av dei store kampane er fantastiske, men ein del av dei er direkte provoserande.

Det er noko med å kjenne på det at det er din feil når det går gale. Den kan eg leve med. Den lev eg godt med, for eg kan vakse på den og lære av den. Lies of P framstår derimot skikkeleg urettferdig nokre gongar. Men kva veit eg, kanskje eg berre må utvikle litt ryggrad og «git gud»?

Lies of P er ute til PlayStation 4, PlayStation 5, Windows, macOS, Xbox One og Xbox Series X/S (testet).

7
/10
Lies of P
Eit solid spel for den som treng ei utfordring.

Siste fra forsiden