Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Denne månaden tek vi turen ut i rommet før vi tek turen ut i slåstearenaen.

Montasje Gamer.no

Sommaren er over. Arbeids- og skulelivet er i gong for fullt. Det er godt vi har spel å kose oss med. Bak oss ligg ein månad først og fremst prega av fantastiske Baldur's Gate III, men det har no dukka opp ein og anna ekstra godbit attåt. Alt frå leiken plattformmoro i Disney Illusion Island, til taktikk i Shadow Gambit, samt herleg action i Armored Core VI og Immortals of Aveum.

Kva du enn gjer, berre styr unna Stray Gods: The Roleplaying Musical.

Med det vender vi snuten mot framtida for ein kikk på alt det spanande som kjem i løpet av åreste første haustmånad.

Starfield

Verdsrommet ventar.
Andreas Bjørnbekk/Gamer.no

Plattform: Xbox Series S/X, Windows
Ute: 6. september

Starfield er det nye rollespelet frå rollespelmeistrane hos Bethesda. Denne gong legg dei frå seg både fantasy og post-apokalypsen til fordel for ei fjern framtid der vi får reise ut i verdsrommet og utforske ei lang rekke planetar. Vi har allereie testa spelet og var ikkje heilt blåst ut i rommet, men det er likevel eit spel med mange kvalitetar:

«Skytefølelsen er betre enn nokon gong, og Bethesda har klart å lage ei flyoppleving som faktisk føles ut som det skal. Det er utruleg mange ting å møte på og sjå i Starfield, og det er mange sideoppdrag og mindre opplevingar som ventar på deg i alle spelets (nokså små) storbyer. Sjølv om musikken ikkje er på nivå med tidlegare spel frå Bethesda Game Studios er den framleis tidvis god, og set ei stemning som går frå å vere nifs til håpefull.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Starfield

The Crew: Motorfest

The Crew: Motorfest inviterer på tur i Hawaii.
Ubisoft Entertainment

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 14. september

Tidlegare The Crew-spel har late oss få svi gummi over så og seie heile USA. Denne gong har utviklarane tona det ned litt, og lar oss i staden svi gummi på øya O'ahu på Hawaii. Spelet lovar likevel å by på mykje moro for racingentusiasten, og hentar litt inspirasjon frå den populære Forza Horizon-serien. Vi har tidlegare kika litt på spelet, og meinte det var ei forfriskande reise gjennom bilhistoria:

«Forhåpentlegvis kan det å køyre rundt på Hawaii by på overraskingar og underhaldning. Det er eit i utgangspunktet veldig unikt landområde, og har utviklarane gått like detaljert til verks her som det dei gjorde med fastlandet i de to første spela, er eg klar for å skape nye bilminner i The Crew Motorfest.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Crew: Motorfest

Lies of P

Lies of P ser ut til å bli stemningsfullt.
Neowiz

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 19. september

Lies of P er eit av mange actionspel som hentar inspirasjon frå det som etter kvart har fått namnet Soulsbourne. Altså, utfordrande actionspel. I spelet som er laust basert på historia om den levande dokka Pinocchio trer vi inn i rolla som den berømte tredokka. Dette blir deirmot ei ganske annleis historie der Pinocchio må kjempe mot ei lang rekke biomekaniske fiendar.

Vi får utforske byen Krat som er inspirert av Frankrikes Belle Époque-periode. Pinocchio må utforske byen, finne sin far Geseppo, og prøve å overkome kaoset som har ramma byen. Spelet har så langt imponert med sine overdådige actionsekvensar, og det blir svært spanande å sjå om koreanske Round8 Studio kan klatre seg heilt opp på From Software-nivå med sitt blodferske actionspel.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Lies of P

Mortal Kombat 1

Mortal Kombat 1 byr på eitt og anna kjent ansikt.
Warner Bros. Interactive

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 19. september

Det er lov å fnyse litt av tittelen. Etter å allereie ha laga to spel med nesten 20 års mellomrom som heiter Mortal Kombat, blei det for mykje med ein tredje, så då blei tittelen Mortal Kombat 1, sjølv om spelet eigentleg er det tolvte. Teit namnsetjing til side, dette ser ut til å bli akkurat det fansen tørstar etter.

Vi møter ei lang rekke store, sterke kampkjemper som pryler kvarandre i arenaen før dei riv ut ryggrad og lagar ei saleg blodkake av motstandaren. Som alltid i Mortal Kombat blir det eit solid fokus på blod, gørre og å skremma sarte sjeler ut av rommet. Vi får ein haug med gamle og nye krigarar som er meir enn klare til kamp. Nytt av dagen er ein bunke med såkalla Kameo Fighters, som kan hjelpe deg i kamp med å blant anna utføre komboangrep.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mortal Kombat 1

EA SPORTS FC 24

Håland er med, er du?
EA SPORTS

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Nintendo Switch, Windows
Ute: 22. september

FIFA-serien til EA har no skifta namn til EA SPORTS FC og kjem såleis med første utgåve under nytt namn. Utover det vil det meste vere i kjend stil. Her får vi ein heil haug med ulike fotballspelarar frå diverse fotballag å velje mellom. EA har inngått avtaler med fleire av verdas største ligaer, både på herre- og kvinnesida.

Vi blir lova ein haug med forbetringar, ikkje minst for Switch-versjonen som for første gong på fleire år skal kunne stå side om side med dei andre variantane. Vi blir lova forbetringar over heile fjøla, ikkje minst i korleis spelarane blir presenterte. Utviklarane har brukt ny kunstig intelligens for å hente ut data rett frå fotballkampar, noko som skal skape ein langt meir truverdig representasjon av spelarane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på EA SPORTS FC 24

Action og hagearbeid

Tøysete tull i Party Animals.Animals
Source Technology

Som alltid er det ein heil haug med spel som ligg i vente denne månaden, og det er ei skikkeleg variert liste vi har å plukke frå.

Payday 3 er som venta eit nytt spel med fokus på å ta ting som eigentleg tilhøyrer andre. I morospelet Party Animals skal du og venene dine derimot prøve å utføre ei lang rekke utfordringar i kroppen til eit av mange frykteleg nusselege dyr. Meir moro blir det i Disney Speedstorm som er Disneys svar på Mario Kart.

For dei med fokus på fleirspelar er kanskje MythForce spelet for deg. Dette kjem frå folka bak HD-versjonane av Baldur's Gate I og II, og er inspirert av teikneseriane på 80-talet.

The Many Pieces of Mr. Goo er på si side eit peik- og klikk-eventyr med teikneseriefiguren Mr. Coo i hovudrolla. Fleire utfordringar for dei små grå får vi i Chants of Sennaar der du skal utforske ei fascinerande verd inspirert av myten om Babel. Summum Aeterna er eit spel som kryssar rouglike-mentalitet med den evig populære Metroidvania-sjangeren.

Final Fantasy 7: Ever Crisis minnar litt om korleis alt var i gamle dagar.
Square Enix

For dei som aldri får nok Final Fantasy VII, er Final Fantasy VII: Ever Crisis enda ei gjenforteljing av det klassiske spelet. Denne gong i ein visuell stil meir i retning av original, samt at den inkluderer alt av andre spel basert på historia om Cloud og Sephiroth. Berre for mobil, så storskjerm får kvile.

Om vi held oss i Japan ei ørlita stund til finn vi Touhou: New World, eit kulehelvetespel blanda med actionrollespel. Eternights er ein dating-simulator som blandar inn solide mengder actionrollespel, medan The Legend of Nayuta: Boundless Trails er eit japansk rollespel som først kom ut til PlayStation Portable i 2012.

Mykje eldre er GameCube-klassikarane Baten Kaitos 1 og 2 som denne månaden kjem i heilt ny og oppussa innpakning til Switch. Mineko'sNight Market er ei feiring av japansk kultur der du kan lage artige gjenstandar og ete herleg mat.

I Paleo Pines skal du snekre i hop ein gard for å passe på ein haug med søte dinosaurar. Meir gardsbruk blir det i Fae Farm der det heile får eit litt meir eventyrleg utgangspunkt, medan Rune Factory 3 Special byr på både eventyr og dyrking av mat i god blanding.

Til slutt tek vi med nokre spel som tek turen over til andre plattformer. Førre månads Bomb Rush Cyberfunk kjem til det meste som kan krype og gå av konsollar, medan rollespelbrettspelet Gloomhaven gjer det same.

Vi tippar mange òg sit og ventar tappert på at Baldur's Gate III endeleg skal lanserast på PlayStation 5.

Det var det for denne gong, god speling!

Siste fra forsiden