Anmeldelse

Stray Gods: The Roleplaying Musical

Ei kriminell handling

Denne rollespelmusikalen burde aldri ha sett dagens lys.

Summerfall Studios

På papiret høyrest det jo ut som ein knakandes god idè. Stray Gods: The Roleplaying Musical! Ein rollespelmusikal! Hurra! Er det dette eg har venta på heile mitt liv?

Det var på papiret. Realiteten er noko ganske anna, og det er ikkje mykje eg kan seie om Stray Gods som ikkje på ein eller anna måte får det til å synke i meg slik at eg kjenner på den litt for tunge steinen som ligg der.

Alle ingrediensane er på plass. Kult tema med greske gudar, ein prisvinnande og dyktig komponist, samt prisvinnande og dyktige skodespelarar på rekke og rad. Alt er med, og alt ligg til rette for ei fantastisk og nyskapande oppleving. Men det beste som kan seiast om Stray Gods: The Roleplaying Musical er at det berre varer nokre få timar.

Spanande, men retningslaust

Grace på tokt med besteveninna.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vi møter Grace der ho saman med sine hippe, kule og mangfaldige vener i bandet Edge of Elysium utan hell leitar etter nye bandmedlem. Kort tid seinare møter vi Calliope, ei gresk muse som kjapt skal snu opp ned på livet til Grace ved å døy i armane hennar. Dette blir starten på ei (helidgvis) kort reise der Grace må prøve å bevise for greske gudar med Athena i spissen at nei, ho drepte ikkje Calliope, sjølv om ho no har overtatt essensen hennar og over tid vil bli Calliope.

Det er ikkje eit frykteleg avansert konsept, men det leikar seg med gresk mytologi på ein tidvis ganske så artig måte. Utviklarane har laga ei plausibel forklaring for kvifor gudane framleis finnest, kvifor ingen av dei eigentleg ser greske ut, og kva innverknad dei har hatt på historiske hendingar.

Ein del av tolkingane er inspirerte, artige og byr på ein kul vri på etablerte ting, andre er litt for lettvindte i det openbere jaget etter å «undergrave forventningar». Det, kopla med dialog som her og der snakkar om kor fæle dei mannlege gudane var, og fullstendig gløymer kor fæle gudinnene var, gjer det lett å himle med auga her og der.

Det heile luktar av og til litt for sterkt av eit nesten desperat forsøk på å tolke desse gudane gjennom ei moderne og politisk korrekt lense. Men desse gudane, desse mytane er verken moderne eller politisk korrekte. Vi er alle sjølvsagt frie til å tolke desse mytane nøyaktig slik vi sjølv vil, men eg synest dei som har skrive Stray Gods har vore pinleg inkonsekvente.

På den eine sida set spelet seg tidvis på ein høg hest og snakkar ned mykje av det dei greske gudane fann på, medan dei på den andre sida prøvar å gjere zoofilien til Pasiphaë meir husrein ved å lage eit musikalnummer av minotauren sin kjærleik til Hekate. Der skal du hjelpe han å forføre gudinna inn i ein romanse, og i bisetningar seinare får vi høyre om korleis Hekate skryt hemningslaust over oksens seksuelle prestasjonar.

Progressivt. Eg veit alle synest det var kjempestas med bjørnekjeks i Baldur's Gate 3, men det er heilt greit om zoofili ikkje blir ein ny trend.

SJekk den lekre bakgrunnen!
Øystein Furevik/Gamer.no

Eit amatørmessig prosjekt

Alt dette kunne sikkert ha blitt redda i hamn om spelet som låg under var godt. Strengt tatt burde utviklarane arresterast på å ha kalla dette eit rollespel, for det er det ikkje. Dette er ei visuell novelle der du ein og annan gong får velje destinasjon på eit kart, samt kva du vil seie i ein dialog eller song. Spelet flyttar seg mellom statiske skjermar der teikna representasjonar av dei mange figurane for det meste står i ro.

Det eit veldig enkelt designa spel der nesten ingenting fungerer som det skal. For det første har vi eit brukargrensesnitt som er så utydeleg at eg enda opp med å slette lagringa fordi både «new game» og «continue» er framheva med same, lysande neonfarge. Dette er ikkje eit spel for seine kveldar der du litt sløvt berre trykkjer deg gjennom menyen for å kome i gong. Merk mine ord.

Ei større plage i kvardagen er korleis det enkle kontrollsystemet er ulideleg tregt. For å velje eit svar i ein dialog vrir du i teorien berre på stikka og trykker på det dialogalternativet du vil ha. Dette er strengt tatt så langt spelmekanikkane strekk seg. Dette er alt du gjer. Du vrir på analogstikka og trykker på det du vil seie. Det er alt, men til og med noko så enkelt som dette har utviklarane makta å rote til.

Analogstikka reagerer ikkje. Eg må dytte i den ein, to, kanskje tre gongar før noko skjer, og dette skjer nesten kvar einaste gong eg skal velje eit dialogsvar.

Ekstra ille blir det når du skal velje kva veg eit av dei mange musikalske nummera skal gå. Spelet reagerer ikkje på det du gjer, og du har gjerne berre nokre sekund på deg, og om du er riktig uheldig får du ikkje velje det du ville fordi tida gjekk ut før spelet skjønte at du var der.

Ikkje at det eigentleg betyr så mykje, for veldig få av vala du tek har stor innverknad. Kanskje får du eit litt anna svar, kanskje syng dei noko litt anna, men historia er jamt over den same uansett kva du vel. Dessutan er spelet så fullt av feil at du raskt får svar på noko anna enn du sa. Enkelte val blir nesten pressa på deg med makt, bak ryggen din, og det får heile rollespelaspektet ved spelet til å kollapse som eit dårleg bygd korthus. Brått hadde Grace anklaga ein person for mord sjølv om eg aktivt prøvde å styre spelet ein annan veg.

Stray Gods er eit merkverdig uskarpt spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein musikalsk kuriositet

Eg var umiddelbart interessert i Stray Gods: The Roleplaying Musical. Eg likar musikalar. Buffy: The Vampire Slayer-episoden Once More With Feeling er noko av det beste som er gjort på TV nokon gong, og det er ein kamp eg tek når som helst. Stray Gods når aldri desse høgdene. Låtmaterialet er diverre ikkje godt nok. Eit par låter skil seg ut i særs positivt lys der dei gjer nettopp det eit musikalnummer skal; fortelje gode, viktige historiemoment gjennom song.

På eit punkt blei eg nesten rørt, for det heile klaffa så bra. Det er berre synd det skjer så sjeldan, for om noko, viser det kva Stray Gods kunne ha vore i andre hender.

Hadde dei resterande musikalnummera vore av like høg kvalitet kunne vi sikkert levd med nokre av spelets tekniske problem, men akk nei. Dei fleste songane er heilt forferdelege. Det gjer nesten vondt i øyra. Det høyrest ut som om musikken er framført av eit band som møtest for aller første gong akkurat no, må lese notar medan dei spelar, og aldri har fått øvd. Dei ulike instrumenta konkurrerer med kvarandre om merksemda, og verst av alt, dei konkurrerer mot vokalen.

Stemmene til dei mange skodespelarane druknar ofte i instrument så dårleg miksa at alt blir eit sabla rot. Rytmiske perkusjonsinstrument insisterer på å dunke inn ei bisarr takt som gjer det vanskeleg å følgje med på kva som blir sunge, og dei mange duettane er ei krigssone der dei ulike vokalistane syng i ulike takter med disharmonerande stemmer og melodi- og tekstlinjer som hatar kvarandre.

Det er til å bli reint trist av. Ein skulle ikkje tru det var mogleg å produsere noko så talentlaust i 2023.

Men kan du synge?

Eros er noko så originalt som ein litt smådeppa kar kledd i beltespenner.
Øystein Furevik/Gamer.no

Vokalprestasjonane er òg svært variable. Nokre få, slik som Ashley Johnson og Troy Baker leverer imponerande høg kvalitet på alt dei gjer, men hovudpersonen spelt av Laura Bailey er tidvis vond å høyre på. Ho er flink å synge, og strengt tatt ser eg på ho som eit uskuldig offer i dette. Ho har fått nokre songar så på grensa av kva stemma hennar taklar at det ligg akkurat nesten bikkar over til å bli surt. Det luktar manglande samarbeid og førebuing her. Songar som blir skrivne og kasta på vokalistar som ikkje får tid til sende sine tilbakemeldingar eller fullt ut øve inn det dei skal synge. Dei få gongane ho syng i sitt naturlege register er ho strålande i jobben.

Hadde no desse stakkars skodespelarane fått betre materiale å jobbe med kunne det blitt bra. Kanskje nokre betre tekstar der ein jaktar rytme og melodi meir enn å stappe så mange ord inn på ei linje som mogleg. Kanskje kunne dei ha luka bort kardinalsynda der ein desperat tvingar fram ein melodi ved å dra og bøye eit ord så langt at det nesten blir komisk.

Vidare er lyden ei konstant plage i dette spelet. Stemmene til dei ulike skodespelarane er ikkje miksa i same volum. Nokre er så høge at ein får lyst til å skru ned, medan andre er så låge at det er vanskeleg å høyre. Det er eit heilt merkeleg problem eg aldri har vore ute for før.

Sleng på ein visuell presentasjon som framstår direkte uferdig med uskarpe og kantete teikningar som ser ut som små teikningar forstørra alt for mange gongar. Eg gir opp.

Konklusjon

Pan byr på ein av dei mest underhaldande figurane i spelet.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det var med lett, optimistisk skepsis eg gjekk inn i Stray Gods: The Roleplaying Musical. Det er eit vågalt og dristig prosjekt med stor fallhøgde komponist Austin Wintory har gjeve seg ut på. Til det skal han ha honnør.

Diverre er det eigentleg det einaste positive eg klarar å seie om dette spelet. Eg er nesten provosert over å ha brukt tid på det. Musikken er ikkje god nok til dette. Det er dårlege songar, dårlege tekstlinjer, dårleg miksa. På sitt verste riv det i øyra, og eg forstår ikkje korleis erfarne folk kan høyre på dette og tenkje det er godt nok.

Historia som blir presentert er heilt ok, den byr på nokre interessante karakterar, hendingar og scenario, men den betyr veldig lite. Den vekkjer ingen kjensler, og den er ikkje minneverdig på nokon måte, noko som gjer den temmeleg mislukka som musikal. Det du kjem til å hugse er i staden eit spel med ekkel musikk og eit kontrollsystem som ikkje klarar å gjere ein einaste ting riktig.

Styr unna.

Stray Gods: The Roleplaying Musical er ute til Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One og Xbox Series X/S (testet).

3
/10
Stray Gods: The Roleplaying Musical
Hårreisande musikk møter dårlege produksjonsverdiar.

Siste fra forsiden