Feature

Strålesporing i Elden Ring

Dette var ikkje så mykje å rope hurra for

Grafikkgimmicken har funne vegen til Elden Ring. Strålesporing myrdar biletefrekvensen, og gjer forholdsvis lite ut av seg.

Bandai Namco

Storverket Elden Ring har nyleg runda 20 millionar selde eksemplar. Spelet har blitt ein megahit blant både spelarar og kritikarar, og sanka inn 10 av 10 moglege poeng hos vår meldar i fjor.

Denne veka lanserte utviklaren ei stor oppdatering som balanserer mange av mekanismane i spelet, og introduserte strålesporing.

FromSoftware sine spel har alltid vore litt bakpå når det gjeld grafikkteknologi, så dette kom som ei positiv overrasking. Alle PC-spela deira er låst til 60 bilete i sekundet (i alle fall dei oppussa versjonane), og det er først og fremst kunststilen som har imponert i SoulsBorne-serien, og i mindre grad sjølve grafikken.

Sannsynlegvis varmar dei opp til den komande utvidinga Shadow of the Erdtree.

Nesten eit år etter lansering kjem altså dei siste åras store grafikkgimmick til The Lands Between. Me har kikka på korleis det fungerer.

Krevjande teknologi

Strålesporing simulerer korleis ein lysstråle treff andre objekt. Teknikken følger enkeltstrålar frå ei lyskjelde til neste punkt, og speglar dei vidare.

Resultatet er at skuggar og lys ser meir ut som det me er vande med i røynda.

Testrigg

I teorien vil biletet du lagar sjå meir realistisk ut etter kvart som du får fleire og fleire strålar, men til gjengjeld er dette svært krevjande å teikne for skjermkortet ditt.

Det gjeld så til dei grader i Elden Ring.

Me tar med oss figuren vår og den magiske hesten Torrent til Stormhill Shack, heilt i starten av spelet. Der står lauva i trekronene sidelengs i vinden, og skapar litt ekstra trøbbel for skjermkortet vårt.

Det er eit godt utgangspunkt for å stressteste maskinen vår.

Må bla opp for 60

Med EVGA RTX 3060 XC i riggen blir biletefrekvensen halvert når me skrur på strålesporing.

Dette er i utgangspunktet ikkje eit spesielt krevjande spel, og sjølv budsjettkort som dette taklar 4K heilt greitt. Men med strålesporing er det full stopp.

Spelet har fire ulike innstillingsnivå for strålesporing, der «low» og «medium» gir noko høgare yting med skarpare skuggar, medan «high» og «maximum» gir mjukare og meir realistiske skuggar i byte mot færre FPS.

Elden Ring er altså låst til 60 bilete i sekundet, så det er litt vanskeleg å teste meir kraftige skjermkort skikkeleg i 4K. Det er mogleg å låse opp biletefrekvensen med ein modifikasjon, men då må du spele utan nett. Difor testar me med låsen på.

Med MSI RTX 4080 Suprim X klarar me litt over 50 bilete i sekundet med strålesporing på maks, men biletefrekvensen dett ned mot 42-43 på den aller mest krevjande etappen i benchmark-ruta vår.

Nvidia RTX 4090 FE er det einaste skjermkortet me har som nesten klarar å halde snittet på 60 med strålesporinga på maks. Sjølv med dette skjermkortet, som kostar over 21 000 kroner, opplever me hakking her og der.

Ikkje verd å bruke

Det er dei små droppa i biletefrekvens som går mest utover flyten. Desse har ein for så vidt utan strålesporing òg, for Elden Ring er ikkje spesielt godt optimalisert i forhold til kvaliteten på grafikken.

Den visuelle forskjellen på å skru av og på strålesporing kjem veldig an på kvar du er og kva du ser på.

Når figuren vår rir på Torrent gjennom verda i skuggen av dei store, gylne trea, så merkar du ikkje nemneverdig forskjell.

Med strålesporing til høgre, utan til venstre. Strålesporinga gir mjukare skuggar og meir spreidd lys, men forskjellen er til sjuande og sist liten.

Det er først og fremst i område med sterke kontrastar mellom skuggar og lys at ein ser nytten av strålesporing.

Stemninga i SoulsBorne-spela er det eg likar best med serien. Sjølv under den skarpaste morgonsola er det eit ulmande mørke over landskapa i Elden Ring, og strålesporinga bidrar til å dyrke fram stemninga endå eit lite hakk på dei stadane der detaljane er meir i fokus.

I katakombane, kjellarane, dei tronge gangane. Der fakkelen til figuren min teiknar fæle skuggar på veggane, og strålesporinga dempar lysstyrken til fordel for dei som ventar rundt neste hjørne.

Med strålesporing til høgre, utan til venstre. Legg merke til at det er meir kunstig lys utan strålesporing. Med strålesporing forsvinn noko av dette, fordi det sporer lyset frå faklane.

Spesielt på dei høgaste innstillingsnivåa aukar skuggekvaliteten drastisk.

Men problemet er igjen ytinga.

Det er ingen tvil om at strålesporinga løftar den visuelle opplevinga nokre hakk på dei rette stadane, men det er absolutt ikkje verd den kraftige nedgangen i biletefrekvensen.

Konklusjon

Det er alltid kjekt når gratisoppdateringar introduserer større endringar i spel. Eg stussar derimot litt på at utviklaren ikkje har fått med seg støtte for oppskaleringsteknikkar som DLSS og FSR, som ville auka bileteflyten betydeleg.

No er det i praksis berre vits i å bruke strålesporing på maks om du har RTX 4090. Det har dei færraste. Den visuelle forskjellen er ikkje verd endå mindre biletefrekvens når han allereie er låst til 60.

Låg- og mediuminnstillinga for strålesporing er nesten ikkje vits i på grunn av kor lite forskjell det er, og dei to høgaste innstillingsnivåa stikk av med for mykje av biletefrekvensen.

På PC kan du laste ned ReShade-modifikasjonar som gjer langt meir med utsjånaden til spelet, og det utan å miste i nærleiken av så mange FPS som du gjer med strålesporing.

Last heller ned noko slikt.

Her kan du sjå fleire samanlikningar:

Med strålesporing til høgre, utan til venstre.

Med strålesporing til høgre, utan til venstre.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden