Anmeldelse

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes

Perfekt for gamle rollespelfans

Dette japanske rollespelet går bevisst mot straumen for å gjenskape gamle kjensler.

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes er hjartebornet til Suikoden-skapar Yoshitaka Murayama, som diverre døydde i februar, berre månader før lanseringa av hans siste rollespel. Spelet blei kickstarta for nokre år sidan med ein visjon om å lage eit tradisjonelt japansk rollespel slik dei blei laga på 90-talet.

Det er Suikoden som er den store inspirasjonen her, og om du har spelt i alle fall dei to første spela i serien vil du kjapt kjenne deg igjen, for reint teknisk er det veldig lite som skil dette spelet frå dei. Det er òg meininga, å arrestere Eiyuden Chronicle for å tidvis kanksje vere litt gammaldags blir litt skivebom all den tid det var lovnaden om å vere nettop det som gjorde spelet til ein massiv Kickstarter-suksess, og sikra dets eksistens.

Å springe mellom tettstadar og farlege grotter er det mest nostalgiske eg har gjort i år.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ikkje for eit moderne publikum

Eg merka tidleg at eg var midt i målgruppa for dette spelet, for om det er ein ting eg er blodig lei av så er det spel som pøsar på med innhald berre for innhaldet si skuld. Større er betre. Meir er betre, og du skal helst ikkje kunne gå i to sekund utan å støte på eitt eller anna nytt som får deg til å gløyme kva du eigentleg skulle. Det er som om SoMe har innvadert spela med eit jag etter å alltid absorbere nye ting og det å berre lene seg tilbake og ta det litt med ro er så farleg at du kan døy av det.

Farleg mange spel framstår slik for meg no for tida, men Eiyuden Chronicle er eit steg tilbake til den tid då spel først og fremst hadde eitt formål, og det var der fokuset låg.

Eiyuden Chronicle er dermed veldig tradisjonelt. Vi møter umiddelbart vår unge helt Nowa, reiser kjapt ut på eventyr, og får i løpet av den første halvtimen vite det meste vi treng vite for å danne oss eit bilete av om dette spelet er noko å bruke tida på, inkludert at det er lurt å bruke lagringspunkta fordi autolagringa er gnien.

Vi reiser frå byar til skogar og grotter via eit soneinndelt verdskart der vi kjapt kan reise frå ein stad til ein annan. Med jamne mellomrom blir skjermen svart for å indikere at vi har møtt fiendar, før vi blir kasta inn i turbaserte kampar. Det heile er veldig oppskriftsmessig, men det fungerer sabla godt. Eg likar spesielt godt kor god tid du får på deg. Dette er ikkje eit masete spel som hiv fiendar på deg heile tida, men lenar i staden andre vegen. Det er lov å vandre uforstyrra ei stund. I enkelte område der du skal løyse gåter sakkar frekvensen enda meir ned, slik at du får rikeleg med tid utan å bli avbroten.

Kampsystemet er som snytt ut av Suikoden. Du har seks krigarar med deg, og du vel kva dei skal gjere før du startar runda og ser alt skje. Det er eit snev av taktisk tenking innvolvert i kven som skal gjere kva, men i starten er det for det aller meste plankekøyring. Spelet blir derimot gradvis meir krevjande, og eg likar korleis spelet sender deg gjennom område som ikkje nødvendigvis tilbyr alt du treng. Brått står du der utan magi og den praktiske medisinen som funkar på alle samstundes. Du blir tvinga til å revurdere kva du skal gjere, og det gjer at kampane no og då får seg eit solid løft.

Kampane er turbaserte og tradisjonelle.
Øystein Furevik/Gamer.no

Krig og fred

I god Suikoden-tradisjon byr historia i Eiyuden Chronicle på ei forteljing om krig. Vår helt Nowa er med i ein allianse mellom fleire nasjonar, og dei hamnar raskt i konflikt med Imperiet. Det finnest vel betre historier der ute, men det er noko veldig engasjerande med den likevel. Den har sjarmen og iveren til gamle spel, noko som gjennomsyrer heile spelet. Vi blir ikkje nedlessa med dialog, det går stødig framover, og det er ein haug med ulike figurar portrettert med både gode og nokså gode skodespelarar gjer det heile underhaldande å høyre på.

Det er likevel ikkje det å absorbere historia som tek opp tida di. Spelet treff ein svært god balanse mellom å la deg følgje med på historia, og reise rundt i verda. Enten for å følgje oppdraget ditt, eller for å finne nye følgjesvener. Eitt av dine viktigaste mål i spelet er å samle nye folk å ha med deg. Dei fleste er tilgjengelege som krigarar i kamp, medan andre blir brukt for å bygge nye bygningar i heimbasen til Alliansen.

Denne basen veks og utviklar seg etter kvart som du spelar og sankar inn nok folk til å kunne byggje nye fasilitetar. Det er ein artig del av spelet som gjev deg eit mål utover alt det andre spelet byr på. Kvar gong du ser nokon som skil seg ut veit du at du kanskje får eit lite oppdrag, før du får dei om bord. Desse oppdraga kunne derimot ha vore hakket meir engasjerande. Mesteparten er henteoppdrag der du må til ein stad for å finne noko, og det er ikkje den aller mest inspirerande oppskrifta eg kan førestille meg.

Som spytta ut av ein PlayStation

Det går eigentleg ikkje an å snakke om Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes utan å snakke om den visuelle stilen. Reint teknisk køyrer spelet ein liknande stil som 2D-HD-stilen Square Enix introduserte med Octopath Traveler for nokre år tilbake. Det er derimot store forskjellar. Dette spelet er ikkje interessert i 16-bit-eraen, men gjer i staden honnør til dei klassiske rollespela på PlayStation.

Byane er aldri større enn at ein kan springe gjennom dei på få sekund.
Øystein Furevik/Gamer.no

Piksellerte figurar spring rundt i miljø som i form minnar sterkt om bakgrunnane på gamle PlayStation-spel, og det er ein sjarm over det heile som er vanskeleg å motstå. Spelet er heller ikkje for stort. Sjølv dei største byane er kjappe å springe gjennom, og det er verkeleg eit friskt pust i ein spelindustri der alt skal vere så stort at ein lett kan bli motlaus av den minste tettstad.

Ein konsekvens er at alt er overkommeleg i Eiyuden Chronicle. Ingenting er for komplekst og tidkrevjande. Du kjem deg raskt frå ein stad til ein annan, og om du må gå lengre distansar får du etter kvart moglegheita for å teleportere.

Konklusjon

Eg skal ikkje legge skjul på at eg synest industrien går feil veg. Stadig større spel, stadig meir innhald, stadig fleire timar som tvingar deg til å bruke stadig meir av tida di på eitt og eitt spel i staden for å få tid til alle spela ein gjerne vil innhalere som luft. Det er utmattande, og difor er det så herleg når eit spel som Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes dukkar opp. Eit spel som ser bakover og med det skapar ein demonstrativ kontrast til moderne trendar.

Det er eit stort spel, ja, men det er eit stort spel som går rett på sak og ikkje dreg ut kvart einaste vesle scenario til ein trilogi av storslagne proporsjonar. Det respekterar tida di, gjer det lett å finne fornuftige punkt å ta pauser på, og gjer det veldig valfritt i kor stor grad du vil delta i aktivitetar som ikkje er essensielle for historia.

Historia er ei fin, underhaldande reise med ein haug artige stereotypiske karakterar. Det er ikkje speiselt originalt, men det treng det heller ikkje vere. Det er godt, gammaldags og utruleg koseleg. Spelet er kanskje ikkje for alle, og dei som meiner fortida høyrer best heime nett der den var vil ikkje finne mykje å kose seg med her. Er du derimot ein gammal skrott som er i ferd med å nå punktet der du byrjar å bli einig med bestefar i at alt var betre før, kan dette vere midt i blinken for deg.

Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes blei lansert på PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X (testa), Nintendo Switch og Windows 23. april.

8
/10
Eiyuden Chronicle: Hundred Heroes
Godt, gammaldags og utruleg koseleg

Siste fra forsiden