Anmeldelse

Senua's Saga: Hellblade II

Ei vanvittig oppleving

Hellblade II er alt vi kunne ha håpa på.

Eg har litt vanskeleg for å kalle Hellblade II eit spel. Det er meir ei oppleving der du som deltakar får vere med på det som skjer. Ja, sånn reint teknisk er det eit spel, men kjensla av å spele eit spel er noko som svært sjeldan greip tak i meg. Det var noko heilt anna som dominerte opplevinga. Hellblade II er intenst, kompromisslaust, og eg kan ikkje hugse sist noko drog meg inn i seg sjølv på denne måten.

Du tek på deg rolla som Senua, hovudpersonen frå indiespelet Hellblade: Senua's Sacrifice frå nokre år tilbake. Det var eit tekniske imponerande spel den gong då, men med Microsoft sine midlar har utviklarane hos Ninja Theory skapt noko som er så mektig imponerande på alle punkt at det er vanskeleg å vite kvar ein skal byrje.

Senua slit med meir enn det som er synleg på utsida.
Øystein Furevik/Gamer.no

Aleine med stemmene

Hellblade II er eit spel for dei som vil oppleve noko anna. Om du treng ei opa verd, eit informativt brukargrensesnitt, eit inventar og ting å plukke opp er ikkje dette spelet for deg. Hellblade II er fullstendig lineært i oppbygging og fjernar alt som kan skape splid mellom deg og den opplevinga utviklarane hos Ninja Theory nøye har planlagt. I rolla som Senua vandrar du gjennom eit islandsk landskap frå over 1000 år sidan edan du høyrer stemmene i hovudet hennar som kommenterer, vrir og vender på alt som skjer. Nokre gongar fortel dei ho at alt går gale, andre gongar bygger dei ho opp, ofte går tankane i mange retningar og skapar tvil og uro.

Ninja Theory vil du skal spele dette spelet med øyreklokker, og det er lett å forstå kvifor. For å få fram desse stemmene Senua høyrer nyttar dei binaural audio, noko som best kan forklarast som ASMR for stemmene i hovudet ditt. Med gode klokker er det heilt vanvittig å høyre på. All lyd i dette spelet er heilt suveren og det går sånn inn i hovudet ditt at det nesten er ekkelt. Stemmene ligg dei der og matar deg med tolkingar av ein kvar situasjon, og nokre gongar blir dei intense og gjer det nesten vanskeleg å forstå kva som blir sagt rundt deg.

Det går sjølvsagt fint an å spele utan klokker. Stemmene er der framleis, lyden er framleis suveren, men du mistar det spesielle ekstra krydderet som tek opplevinga og dyttar den heilt over kanten for kva ein er i stand til å forvente.

Ved sidan av å by på lyd av ei anna verd er Hellblade II noko av det lekraste eg har sett nokon gong. Kanskje det lekraste, utan at eg skal slå neven for hardt i bordet på akkurat det. Det er ikkje så mykje fordi spelet i seg sjølv er teknisk imponerande, men det er den totale samansetjinga av visuell design og den utruleg overbevisande animasjonen som vekker alt til live på eit vis eg ikkje visste var mogleg før no. Det er vanskeleg å forstå at dette er eit spel når ein ser Senua tygge på leppa si medan ho prøvar å halde fatning. Dei små rykningane i musklar få spel har teknologien til å bry seg med. Det heile er ein maktdemonstrasjon for kva ein kan få til med Unreal 5-motoren.

Ein gløymer at det er eit spel, og ikkje ei anna verd ein tilfeldigvis er turist i.

Kampane er intense og svært visuelle.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei reise inn i galskapen

Reisa til Senua er ei blanding av vandring gjennom vakre landskap der det som driv deg vidare er samtaler med folk du møter på reisa, eller lyden frå stemmene i hovudet til Senua som kontinuerleg både hjelper og øydelegg for deg. Du vandrar gjennom landskapet, gjerne saman med nokon, og alle samtaler skjer når dei er meint å skje, alt skjer til si tid, alt er bestemt, det er ingen fridom her, og den stramme regien er nøyaktig det som tillet at opplevinga blir det den blir. Med fridom hadde mykje av dette forsvunne, og spelet hadde blitt noko heilt anna.

Ein kan kanskje kalle Hellblade II eit actioneventyr, men det blir veldig misvisande. Dette er ikkje eit spel der du spring gjennom område, kjempar mot nokre fiendar og så spring inn i nye område med nye fiendar. Kampane i Hellblade II nyttar velkjende mekanikkar, men opplevinga av dei er ganske unik. Det er ikkje mange av dei, men når dei skjer er det nesten som å bli kasta midt inn i slagmarka i ein velregissert krigsfilm.

Senua er flink med sverdet, men ho er berre ein person, og kvar kamp er med livet som innsats. Ho kan blokkere, dukke unna og angripe med både raske og tunge angrep, men alt dette blir nesten sekundært i forhold til korleis det heile er presentert. Du dansar med fienden, dukkar unna nokre godt telegraferte angrep før du får inn nokre sjølv. Brått bommar du, blir slått i bakken, og Senua skrik og hiv seg rundt for å kome på beina igjen slik at du kan dukke unna det neste angrepet som kjem.

Etter nokre raske slag stikk ho sverdet gjennom fienden berre for å bli angripen frå sida av ein du ikkje såg kome, blir kasta i bakken igjen, og det heile startar framfrå. Du kjempar alltid mot berre ein fiende, og det er slik spelet er bygd, men alt anna forsvinn i ei tjukk tåke når du er i kamp. Det er interessant og annleis, for sjølv om mekanikkane ikkje byr på noko nytt, og fiendane ofte er enkle å lese, er kampane presentert på ein brutal og direkte måte der animasjonar og lydane frå krigarane framhevar desperasjonen det er å vere i ein kamp til døden.

Hellblade II byr på mange nydelege landskap.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei stille stund

Den tredje bolken av kva Hellblade II byr på er ulike gåter som må løysast for å låse opp vegen vidare. I desse finn du symbol som held ein portal stengd, og du må deretter leite fram komponentane desse symbola er laga av i området rundt. Du må leite litt, bruke unike krefter for å opne og lukke vegar i terrenget, og finne det du leitar etter medan du tek inn landskapet. Gåtene byr sjeldan på ei stor utfordring, men tek akkurat passe med tid til at spelet får ei fin dose variasjon.

Det er likevel historia som er det viktige her, og alt tener den. Du vandrar når historia krev det, du kjempar når historia treng det, og du løyser ei gåte når det gjev meining for historia. Ingenting er tilfeldig, og historia tek aldri pause. Dette gjer spelet, spesielt i dei første timane, svært intenst, for det er få naturlege stopp her. Uansett kva du gjer møter du ny dialog, og nye detaljar kjem fram.

Hellblae II er ikkje eit spel som handlar om sine individuelle komponentar. Det er i staden eit spel der alle ledd berre er der for å tene den totale opplevinga, og det som best tener opplevinga til ei kvar tid er det du får servert. Dette betyr at nokre gongar må du løyse nokre gåter i terrenget medan du høyrer dialog utspele seg mellom stemmene i hovudet ditt, andre gongar må du kjempe i møte med folk som vil deg vondt, medan du elles vandrar gjennom vakre, mosegrodde landskap.

Konklusjon

Om nokon skulle kike inn i hovudet mitt for å koke saman konseptet for det perfekte spelet for meg, mistenker eg resultatet hadde blitt noko slikt som Senua's Saga: Hellblade II. Det seier eg vel vitande om at forgjengaren Hellblade: Senua's Sacrifice aldri heilt greip meg.

Ninja Theory brukar visuelle knep svært effektivt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Hellblade II er noko heilt anna. Dette er eit av dei mest fengslande eventyra eg har erfart på veldig lang tid. Det var nesten umiddelbart, mykje takka vere den hinsides grafikken og det altoppslukande lydbiletet, men det tok ikkje lang tid før alle dei andre elementa la seg til. Spelet tek velkjend speldesign og gjer nye ting, det tek kamp som er lett å forstå og gjer den til noko brutalt, nådelaust og annleis. Spelets aller fremste formål er å formilde ei oppleving, og å fortelje ei engasjerande og tidvis gripande historie i ei verd som blandar mørke, norrøn mytologi og mystikk på ein nydeleg måte.

Dette er likevel ikkje eit spel for alle, det kan eg slå fast med ein gong. Om du ikkje klarar sekvensar der du berre vandrar medan folk pratar, kjem du til å rynke på nasa nokre gongar. Om du treng digre, opne verder der du kan plukke krims og krams å fylle lommene med finn du det ikkje her. Om du i tillegg vil ha eit langt spel som tek fleire veker kan du sjå bort. I moderne samanheng er eit spel på omlag ti timar for ganske kort å rekne, men for historia spelet fortel, er det heilt perfekt.

Senua's Saga: Hellblade II er noko uhyre sjeldant i no for tida; eit lineært, historiefokusert spel av fornuftig lengde for berre ein spelar. Det byr på noko annleis, noko tankevekkjande, og det er vanvittig imponerande.

Senua's Saga: Hellblade II er ute til Xbox Series X/S (testa) og PC 21. mai. Som alle Xbox-utgitte spel er det tilgjengeleg i Game Pass-abonnementet.

10
/10
Senua's Saga: Hellblade II
Eit fantastisk ubehageleg spel eg aldri vil gløyme.

Siste fra forsiden