Anmeldelse

Chocobo GP

Langt til mål

Chocobo GP er eit solid spel, men kunne ha vore så mykje meir.

Det er litt vanskeleg å forstå tankeprosessen bak Chocobo GP. På den eine sida har vi noko mange har venta på, og ein gyllen sjanse til å verkeleg lage fanservice som blir sett pris på. Eit racingspel fullt av kjende og kjære Final Fantasy-figurar der alle kan finne sin favoritt der dei får velje og vrake blant ei lang rekke spelikon.

På den andre sida har vi det vi får. Eit spel som ikkje heilt ser ut til å forstå kva gullgruve det sit på, og vel å servere oss eit spel der vi etter å tilsynelatande ha låst opp alle figurar historiemodusen har å by på får stakkarslege tre kjende Final Fantasy-figurar; Terra i transemodus, Vivi og Steiner. På toppen av dette eit par moogles, heile fem nesten identiske chocobo-fuglar i ulike valørar mellom gult og oransje, samt eit mylder av intetsigande figurar ingen vil bry seg om.

At det var?

Elefanten i rommet

Vivi er ein av merkeleg få ikoniske Final Fantasy-figurar som er med i spelet.
Square Enix

Vi må snakke meir om dette. For kva er det Square Enix tenkjer med? Dei held på med Final Fantasy XVI no. Det er nummer 16 i rekka. Det vil seie at dei har 15 spel bak seg, 15 spel fulle med figurar som kunne ha vore med i dette spelet. Terra i noko anna enn si bisarre transeform, Locke, Cecil, Aerith, Barrett, Sepiroth, Rinoa, Freya, Zidane, Tidus, Kimahri, Lulu, Fran, Lightning for pokker! Eg berre nemner det som først dett inn i hovudet mitt etter 35 år med Final Fantasy.

Det er heilt hinsides all fornuft at vi i staden for alle desse kjende og kjære karakterane får ei lang rekke med intetsigande folk som ingen som ikkje har spelt Chocobo-serien før vil kjenne igjen, pluss ein haug med summons som framstår mest som eit desperat forsøk på å gå bort frå alt som gjorde Ifrit og Shiva populære, til fordel for eit frieri til Splatoon-samfunnet. Og joda, Cloud og Squall er med, men dei må du kjøpe ved å enten dra fram bankkortet ditt eller sakte bygge opp gull og rikdom ved å gå laus på spelet som ein møllestein på grove korn.

Men det stoggar ikkje der heller. Utviklarane kunne ha brukt desse spela for å lage fantastiske baner basert på sine respektive spel, men det einaste spelet som får denne behandlinga er Final Fantasy IX, som då og byr på spelets kanskje beste og mest minnerike bane, full av små detaljar fans av spelet vil kjenne igjen.

Det er ikkje til å forstå, og i staden for ei nostalgisk reise gjennom Final Fantasy-serien får vi i staden mange baner som joda, ser fine ut dei, men kunne ha vore frå kva som helst spel, og har knapt ein einaste identifiserbar Final Fantasy-detalj.

Treng vi ei historie?

Det er lite å seie på sjarmen.
Square Enix

Chocobo GP byr på eit solid utval ulike modusar. Det naturlege startpunktet for dei fleste vil vere historiemodusen. Slike modusar plar sjeldan fungere særleg bra i kartspel, og Chocobo GP er ikkje noko unntak. Der alle helst vil køyre fort må vi i staden sjå gjennom hakket for lange samtaler mellom figurar som seier ting som heilt sikkert er hysterisk morosamt for 5-åringar, men som eg tippar dei fleste andre vil finne i overkant masete.

Det er ganske slapt forfatta, men eit og anna artig pek basert på ting som har skjedd i Final Fantasy-serien klarar likevel å snike seg inn, og om ikkje anna kan ein humre lit, av og til. Du kan heldigvis hoppe over desse sekvensane.

Gjennom historia låser du opp nye baner og figurar å køyre med. Det er naturlegvis denne biten som er heile grunnen til at vi er her, og køyringa er absolutt kompetent. Den er ikkje like raffinert, intuitivt og elegant som Mario Kart, og det krev hakket meir tid å få kontrollane til å sitje skikkeleg. Når det er gjort er det derimot lite som skal stå i vegen frå å stille likt med andre spelarar.

Det vil seie faktiske spelarar, å spele gjennom historia mot datastyrte motstandarar kan vere eit brutalt mareritt. Det er litt som å spele eit skytespel der alle fiendar ser deg det sekundet du stikk fram hovudet. Alle er ute etter deg, berre deg, og med ein haug våpen på slep vil du ikkje sjeldan erfare å gå frå første til siste plass berre ei billengde frå målstreken.

Dette er ikkje uvanleg for sjangeren, men i Chocobo GP er det ekstra frustrerande fordi frekvensen er så høg. Det tek og minst eit sekund for lang tid å vere tilbake i fart etter eit krasj, noko som gjer det veldig vanskeleg å vinne tilbake ein posisjon. Når ein køyrer bra, men blir pepra og får full stopp tre gongar i løpet av ein sving, og det er normalen, då er det lett å bli litt lei.

Alexandria frå Final Fantasy IX er ei av spelets beste baner.
Square Enix

Det er på nettet det skjer

Chocobo GP byr på ei rekke modusar der du får spele både aleine og mot andre spelarar. Den mest spanande modusen er definitivt Grand Prix der heile 64 spelarar blir kasta saman i ein konkurranse om å bli best. 64 spelarar fordelt på åtte heat med åtte spelarar køyrer mot kvarandre, og frå kvart løp går fire spelarar vidare til neste runde, før ein sit igjen med åtte spelarar.

Det er her spelet verkeleg kjem til sin rett, og viser seg frå sine beste side. Der du mot den kunstige intelligensen må overleve eit konstant angrep frå alle på ei og same tid, er opplevinga ei heilt anna over nett. Du kan sjølvsagt bli slått frå gull til null på eit sekund, men du har framleis ein sjanse til å kome deg på topp igjen.

Mykje av dette kjem frå dei individuelle karakterane og kva av dei du er mest komfortabel med. Som vanleg er får vi velje mellom bilar og førarar som har ulike fart, aksellerasjon og grep, men i Chocobo GP har alle karakterane samtidig ein eigen unik eigenska basert på kven dei er. Steiner kan til dømes suse framover og slå rundt seg med sverdet, medan andre fyrer laus rakettar mot fiendane, eller berre blir uovervinnelege ei stund.

Ved sidan av dette byr spelet på ei lang rekke våpen, eller magicite som det heiter på fint. Her finn vi klassisk Final Fantasy-trolldom som eld, is, og vind, samt meir spesielle manøvrar som Doom, kunsten å forvirre ein fiende, samt ein litt smågenial portal som sender deg framover, eller bakover avhengig av kva ende du køyrer inn i. Det er eit stort utval å velje mellom, og spelet byr på nokre små triks for å gjere det heile ekstra unikt. Når du plukkar opp magi fungerer det som med kassane i til dømes Mario Kart. Du køyrer inn i ei magisk krukke og får tilfeldig magi, men her kjem krukkene i tre fargar; gull, sølv og bronse. Kva farge du klarar å plukke opp bestemmer kor kraftig magi du endar opp med.

Cloud er med, for den som er villig til å bruke tid eller pengar.
Square Enix

Held du litt på magien du har fått tak i, kan den byggast opp om du plukkar opp fleire magikrukker. På denne måten kan ei enkel eldkule gå frå å vere ein liten heit ball som går rett fram og mest sannsynleg vil bomme på målet, til ei massive kule som treff fleire motstandarar og kan runde svingar. Det tilføyer spelet eit artig strategisk element som kan vere vel verdt å ta inn over seg.

Den store melkekua

Diverre er det et ganske dystert teppe som heng som ein skugge over heile Chocobo GP. Dette er eit spel der det tilsynelatande er fullt mogleg å låse opp alt som er ved hard jobbing, men der du stadig blir oppfordra om å bruke pengar. Joda, ved å spele mykje får du gullmyntar, og du får billettar du kan bruke til å låse opp nye drakter og nye bilar og diverse anna.

Men det kostar meir enn det burde i forhold til kor lang tid det tar å samle inn, og når spelet byr på ikkje berre ein, men heile tre ulike valutaer som må brukast til ulike ting, er det lett å bli litt sliten av heile greia.

Eg synest det blir heilt feil. Dette er eit spel som openbert er laga for dei yngre, sjølv om utfordringa kanskje tidvis skulle seie noko anna. Heile presentasjonen, frå den grufulle menymusikken til karakterdesignet som tydeleg er mynta på den yngre garde, er retta mot born. Men denne nødvendigheita av å skulle kjøpe alt, om, det så er via kredittkort eller gjennom grunkar opptent i spelet, skapar ei konstant kjensle av at eit spel til full pris krev enda meir peng for å gjere seg heilt tilgjengeleg.

Det er hakket for kynisk og utspekulert til at eg synest det er greit.

Konklusjon

Steiner kan slå motstandarar ut av vegen med sverdet sitt.
Square Enix

Chocobo GP er ein solid og på alle måtar verdig konkurrent til andre kartspel. Det har gode baner, gode mekanikkar, og mange kule våpen å bruke mot andre spelarar. Den solide fleirspelarmodusen med 64 spelarar er òg eit engasjerande tilskot.

Men det held ikkje. Det er for mange gode konkurrentar der ute til at spelet klarar å hevde seg. Den eine tingen Chocobo GP har å dingle over hovuda på konkurrentane er Final Fantasy, og det er noko utviklarane har fullstendig feila med. Dette spelet burda ha vore ei feiring av 35 år med Final Fantasy, men i staden er det ei litt spak krampetrekning med berre ei handfull kjende figurar.

Med spelets litt ukomfortable fokus på mikrotransaksjonar er eg rimeleg trygg på at meir kjem, men til ein pris. Det er ikkje godt nok.

6
/10
Chocobo GP
Grei racing som manglar det lille ekstra.

Siste fra forsiden