Anmeldelse

Star Ocean: The Divine Force

Romopera i storform

Star Ocean er tilbake, og leverer varene der det gjeld.

Square Enix

Av alle japanske rollespelseriar må det vere lov å seie Star Ocean er blant dei som har slite mest. Ein gong fantastisk, men med ein haug med verdige om ikkje heilt vellukka tilskot, har den store suksessen uteblitt.

Mykje av grunnen til det ligg diverre i seriens DNA. Sjølv om konseptet som i grunnmuren kan kallast Star Trek møter tradisjonell fantasy burde vere oppskrifta på suksess etter suksess, har serien hatt store problem med å ikkje berre fortelje ei engasjerande historie, men og å fortelje ei historie som heng på greip. Det absolutte lavpunkt var Star Ocean: The Last Hope som nesten fekk meg til å rive ut håret i frustrasjon over persongalleriets dumskap.

Det, og karaktersdesign som jamt over høyrer heime på dynga har så og seie utelukkande blitt redda av herlege spelmekanikkar og fantastiske kampsystem.

Ein ny vår?

Karakterdesignet er tidvis ganske tvilsamt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg hatar ikkje historia i Star Ocean: The Divine Force, og det er strengt eit enormt kompliment tatt for denne serien å vere. Karakterdesignet er like tarveleg som vanleg, og eg kan ikkje seie eg blir vand med det. Det er ein bisarr stil der utviklarane prøvar å lage nokon lunde realistiske tolkingar av animefigurar, og det fell gjennom på alle punkt. Latterlege hårfrisyrer, overdramatisert animasjon og bisarre klesval. Ein må leggje igjen hovudet litt ved døra.

Bortsett frå dette er det faktisk ikkje den dummaste gjengen vi blir eksponert for her, og det kan sjå ut til at manusforfattarane lærte eitt og anna etter katastrofale The Last Hope. Vi får ei heilt grei historie der vi får ei krasjlanding på ein underutvikla planet, få om nokon tankar for konsekvensane av å blande høgteknologi med middelalder, og sjølvsagt ei solid dose krig.

Det fungerer, og sjølv om det er lite nytt å absorbere her, så er det ein finfin gjeng vi møter, og der det gjekk kaldt nedover ryggen på meg første gong eg såg og høyrde hovudpersonen Raymond (sorry, Ray, alle må ha eit klengnamn i dette spelet), vaks han på meg, og no likar eg han eigentleg ganske godt.

Ei stor, stor verd

Star Ocean: The Divine Force byr på mange spanande område.
Øystein Furevik/Gamer.no

Som vanleg i Star Ocean-serien er det sjølve verda og spelmekanikkane som er den store attraksjonen. The Divine Force er utan tvil det mest ambisiøse spelet i serien, og byr på ei verd med svære område du kan springe rundt og leike deg i.

Dette er på ingen måte ei opa og levande verd, men i staden ei lang rekke soner i ulik storleik som er sydd saman for å skape eit univers. Områda er først og fremst fulle av fiendar, men kjem og med diverse nyttige og unyttige ting du kan plukke opp, og akkurat her kjem det spelet er aller best på.

Om det er ein ting eg manglar, er det tolmod for ting som gjev meg ei kjensle av å vere bortkasta tid. Spelfigurar som går og spring for sakte gjennom ei enorm verd der det er langt til neste destinasjon og meiningsfylte interaksjon ligg særs høgt oppe på den lista. Akkurat her briljerer The Divine Force. Tempoet her er så høgt at ein nesten kan bli litt i stuss om ein burde stoppe opp og ta inn utsikta før ein spring vidare.

Ikkje berre spring du som standard, der andre spel lar deg springe sprintar du her. Du fyk av garde som Usain Bolt på ein god dag, og det å vandre gjennom eit digert område er unnagjort på rekordtid. Det er heilt herleg, og blir betre av spelets store hovudperson D.U.M.A..

D.U.M.A. er ein svevande robot som gjev deg ein heil haug med eigenskapar. Sjef blant dei er at du kan fly som ein rakett gjennom lufta over kortare distansar. Når du jaktar etter gjenstandar i terrenget er denne flyginga gull verd, og det å plukke opp alt frå skattekister til små gjenstandar blir ein leik i seg sjølv eg har svært vanskeleg frå å avstå frå.

Av og til må ein berre stoppe opp.
Øystein Furevik/Gamer.no

Seriens beste kampsystem

Star Ocean-serien har alltid vore god på kamp. Det som ein gong starta som det nye spelet frå dei som skapte Tales of-serien til Bandai Namco, fann raskt si eiga sfære å leve i, og den har utvikla seg jamt og trutt over tid. Om du vil ha turbaserte kampsystem finn du det ikkje her. Her går alt i eit skyhøgt tempo, og i dette spelet tar utviklarane det til nye høgder.

Mange actionspel byr på kampsystem der du i all hovudsak sjonglerer mellom to ulike typar angrep. The Divine Force gjer noko heilt anna. Medan du går opp i nivå kan du låse opp ein haug med ulike angrep, og desse kan du setje saman slik det passar deg. Kampsystemet i Star Ocean: The Divine Force lar deg lage dine eigne komboar.

Du kan liste opp tre angrep på tre ulike knappar der første, andre og tredje trykk utløyser første, andre og tredje angrep. Når som helst kan du byte til ein annan knapp for å starte den serien med angrep. For å auke kompleksiteten kan du ha eigne angrep når du held inne knappen, eller legge bruken av ein gitt gjenstand inn som eit eige ledd i komboen.

Det er like, om ikkje meir fantastisk enn det høyrest ut, og saman med D.U.M.A. løftast det heile til nesten vanvittige høgder. Med D.U.M.A. kan du fly mot fiendane, og ved å endre retning kan du oppnå Blindside. Dette er som eit litt sofistikert bakhaldsangrep å rekne, og har ein haug med nytteområde.

Det som kunne blitt kjempelett og blotta for utfordring får seg i tillegg ein ekstra dimensjon ved at alt du gjer kostar ressursar. Spelar du dårleg og bles langt i å setje deg inn i systema vil du ende opp med ei litt kjip kampoppleving. Set du deg derimot inn i systema og lærer deg detaljane vil du ha ei heidundrandes oppleving. Berre pass på å skru opp vanskegrada for å få den fulle opplevinga.

Eit teknisk feilsteg

Star Ocean: The Divine Force er eit flott spel med mykje pent å sjå på. Mang ein gong har eg stoppa opp berre for å gi meg sjølv litt tid til å ta inn usikta som lett forsvinn medan du susar forbi. Saman med enda eit flott lydspor frå seriekomponist Motoi Sakuraba er det ofte ei svært stemningsfull oppleving full av fantasifulle område og mystiske landskap.

Forskjellen på denne og førre generasjon er ganske grell. Forskjellen på denne og førre generasjon er ganske grell.
Forskjellen på denne og førre generasjon er ganske grell. Til venstre: PlayStation 4. Til høgre : Xbox Series X.

Men det tekniske heng ikkje heilt på greip. At spelet kamuflerer svært enkel geometri bak fine teksturar er ein ting, men den dårlege biletekvaliteten er noko heilt anna. Spelet har eit diffust og uskarpt preg over seg sjølv på Xbox Series X i kvalitetsmodus, og langt verre blir det om vi spolar tilbake til førre generasjon.

Eg starta testinga av dette spelet på PlayStation 4 fordi PlayStation 5 enno ikkje er i hus, og det blei ei heilt håplaus oppleving for meg. Først har vi eit uskarpt bilete som nesten får meg til å lure på om eg treng briller, og så kjem eit grensesnitt som er i ei heilt anna oppløysing og byr på kjempelita skrift som er vanskeleg å lese.

Eg måtte sitje nær skjermen for å kunne lese tydeleg det som stod i menyane, og dette gjorde resten av opplevinga så uskarp og utriveleg at eg måtte vente med å halde fram testinga til eg fekk ein Xbox-kode så eg kunne spele på Xbox Series X.

Diverre har eg kassert min originale Xbox One, men eg skulle gjere sett korleis spelet ser ut der. Ei god oppleving tvilar eg uansett på at det er, og eg vil abolutt tilrå at du spelar dette på ein konsoll med støtte for 4K. Noko anna er ikkje verdt det.

Konklusjon

Kampane er akkurat like frenetiske som dette biletet gjev inntrykk av.
Øystein Furevik/Gamer.no

Star Ocean: The Divine Force er ei flott oppleving. Det byr på ein likandes gjeng med eventyrrar som reiser rundt og slår på ting med stor iver medan du tar inn det eine fantasifulle området etter det andre. Eg skal ikkje nekte for at eg storkosa meg. Det har eit heilt fantastisk kampsystem som verkeleg let deg leike og finjustere ting slik det passar akkurat deg.

Eg skulle ynskje karakterdesignet var eit par hakk mindre idiotisk, og sjølv om historia er noko av det beste tri-Ace har levert, punktum, betyr ikkje det at den er knakande god. Den er ok, ingenting meir, og det er veldig synd all den tid denne serien er som skapt for store, fantastiske historier.

Når det er sagt, Star Ocean: The Divine Force er godt mogleg det beste spelet i serien, og det er frykteleg moro. Berre pass på at du har maskinvare å spele det på, for dette er eit spel som definitivt burde ha droppa førre generasjon.

Star Ocean: The Divine Force er ute nå til PlayStation 4, PlayStation 5, Windows, Xbox One, og Xbox Series X/S (testet).

8
/10
Star Ocean: The Divine Force
Eit flott rollespel i høgt tempo.

Siste fra forsiden