Kommentar

Palworld og plagiat

Dette er kanskje litt frekt, men er det plagiat?

Farsotten står midt i ein stor kontrovers.

Pocketpair

Palworld har blitt ein megasuksess, og bryt rekordar i aust og vest.

Me må skru klokka seks år tilbake for å finne sist gong eit spel runda to millionar samtidige spelarar på Steam. Det er utruleg kjekt å sjå ein ny tittel bryte gjennom i jungelen av oppfølgarar og AAA-mastodontar – og det nesten ut av ingenting.

Men så er det ingen hemmelegheit at Palworld står på skuldrene til kjempar. Og det er dette spørsmålet som har opptatt spelverda dei siste vekene:

Driv utviklarane med kopiering og plagiat av Pokémon?

Advokatmat

Svaret på dette er vanskeleg å sette to strekar under. I alle fall utanfor ein rettssal, og det er mange som spekulerer på at saka hamnar nettopp der.

The Pokémon Company gjekk nyleg ut med eit svar på rykta. Dei seier dei ikkje har godkjend bruk av sin eigedom i andre spel, og vil undersøke om Pocket Pair har brote opphavsretten.

Nintendo, som er eit av tre selskap som eig Pokémon, er notoriske for å slå knallhardt ned på alt som kan minne om tjuveri av intellektuell eigedom.

Sannsynlegvis sit advokatane og finkjemmer figurane i Palworld i dette augeblikk, og samanliknar dei med Pokémon. Nett som brukarane på sosiale medium som X og reddit har gjort.

LES OGSÅ: Ein skamlaus blåkopi? »

Stel som ramnar

Har du sett noko av Palworld, forstår du sikkert kvifor debatten rasar. For når ein opnar spelet, er det straks openbert at Pocket Pair har latt seg inspirere av Pokémon.

Men det er ikkje det einaste.

Dei har henta i alle retningar, både frå Breath of the Wild, Elden Ring, Ark, Rust og andre overlevingsspel.

Og her er litt av fordelen til utviklar Pocket Pair. For alle, og det er absolutt alle, stel frå kvarandre i spelbransjen.

Difor er det òg vanskeleg å bevise plagiat.

Det er ein gammal klisjé, at dyktige kunstnarar låner, men dei beste stel. Spelbransjen skildrar dette godt. Med ein gong eit spel kjem opp med ein nyskapande mekanisme, kan du vedde på at det dukkar opp i eit konkurrerande spel innan kort tid.

Mi erfaring med Palworld er at innsalet i media er noko skeivt. For meg verkar spelet meir som Rust med væpna lommemonster, enn berre Pokémon med skytevåpen.

Det å kombinere ting ein veit fungerer, er heller ikkje ukjend i kunstens verd.

LES OGSÅ: Nintendo har uttalt seg om Palworld »

Tar dei ein Borch?

Det mest interessante her er sjølvsagt om Pocket Pair har kopiert figurar rett frå Pokémon.

Førsteinntrykket er litt som ei fargeleggingsbok der andre utviklarar har teikna strekane, og Pocket Pair har fylt inn fargane. Men kontekst er viktig.

Det finst over 1000 Pokémon, og dei fleste er trass alt basert på dyr. Difor er det umogleg å unngå at ein del liknar.

Nokre av døma er meir openbert inspirerte enn andre, men det er igjen vanskeleg å kalle dette for opphavsrettsbrot utan at utviklaren har direkte klipt og limt, og det ser det ikkje ut til at dei har gjort.

Samtidig får eg inntrykk av at Pocket Pair har tatt ein Snorlax – beklagar, Mozzarina, meiner eg – og sove i timen. For heile denne knipa kunne dei unngått med litt meir kreativitet i figurutviklinga.

Spørsmålet er om denne diskusjonen berre har bidratt til å gjere spelet endå meir interessant. Det har kanskje utviklaren òg tenkt.

Det er pussig at diskusjonen rundt Palworld kjem rett i kjølvatnet av avgangen til Sandra Borch, der reddit-detektivane har spelt ei sentral rolle.

Det er neppe dei same som sit og samanliknar figurmodellar her, men eg trur Pocket Pair vil bestå sin «plagiattest». For så langt er det lite som tydar på at Nintendo sine advokatar kjem til å finne noko fellande bevis for plagiat.

LES OGSÅ: Plagiat-skuldingane haglar mot spelet »

Siste fra forsiden