Feature

Spill i september

Desse spela gler vi oss til i september

Alt frå rock og metal til apekattar og robotar står på menyen denne månaden.

Sommaren er over med denne gong, og vi får håpe du på eit eller anna tidspunkt gjennom dei siste vekene har fått deg litt ferie. Tid til å absorbere litt sol, innta nokre spel, dvele over alt det herlege som kjem i tida framover. Kva veit eg.

Ein interessant månad har det i alle fall vore, om enn litt ujamn. Blant høgdepunkta fant vi herlege opplevingar som universitetssimulatoren Two Point Campus, det taktiske westernspelet Hard West 2, samt lambekultsimulatoren Cult of the Lamb. Meir moro fekk vi i rulleskøyteskytespelet Rollerdrome, medan historietunge Immortality ikkje heilt innfridde. Det gjorde heller ikkje Saints Row som skuffa oss stort.

Med det set vi kursen framover, mot årets første haustmånad.

Rocksmith+

Det er på tide å plukke fram gitaren igjen.
Ubisoft

Plattform: Windows
Ute: 6. september

For ti år sidan snudde Ubisoft opp ned på gitarspela ved å introduserer eit spel som ikkje baserte seg på plastgitarar i Guitar Hero-stil, men i staden ekte gitarar. Målet var å lage eit spel som kunne lære kven som helst å spele gitar. Vel deg ei låt frå lista, og lær deg å spele den nøyaktig slik artistane sjølve gjorde det.

No er Ubisoft tilbake med ei heilt ny Rocksmith-oppleving. Spelet har fått namnet Rocksmith+, og lovar å gje kontinuerlege tilbakemeldingar som formar seg etter spelinga di. Låter, tips, og nyttig hjelpe skal bli tilgjengeleg alt etter kva du presterer og likar å spele. Ubisoft har derimot valt å gå over til ein abbonementsmodell der du må betale kvar månad for moroa, så det gjenstår å sjå om Ubisoft klarar å gjere Rocksmith+ verdt investeringa.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rocksmith+

Steelrising

Den franske revolusjonen har vel aldri vore fullt så vakker.
Nacon

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 8. september

Året er 1789, åstaden er Paris. I ei alternativ verd har Louis XVI ei mekanisk hær han brukar for å undertrykke folket sitt på brutalt og blodig vis. For å redde den franske revolusjon blir Aegis bygd, ein mystisk robot som får i oppgåve å eigenhendig redde verdshistoria.

Steelrising kjem frå franske Spiders, eit studio som har produsert både det eine og det andre, men som for eit par år sidan nesten traff fullstendig blink med det glitrande rollespelet Greedfall. Steelrising blir òg eit rollespel, men med mykje større fokus på action og intense kampar. Her skal du kunne definere din eigen stil, om det så er som ein nådelaus krigar, eller ein elegant, men livsfarleg dansar.

SJå bilete, les artiklar og finn beste pris på Steelrising

Splatoon 3

Blekkfolket er tilbake i Splatoon 3.
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 9. september

Kjem det frå Nintendo blir det som regel ein suksess, og det gjeld i aller høgste grad Splatoon-serien. No er den tilbake med tredje ledd, og utviklarane lovar ein drøss med nye ting for blekkfolka å leike seg med. Spelet får i tillegg til sine vanlege modusar no ein feullverdig historiemodus, samt eit kortbasert konkurransespel.

Ved sidan av dette får spelarane ein bunke nye våpen å leike seg med, som målingkatana og måling-og-boge, samt totalt 12 kart der nokre er heilt nye og nokre vil vere kjende frå før. Ved sidan av dette får vi ein heilt ny modus der vinnaren av den første runda i ein kamp endar opp med å måtte spele mot ikkje berre eitt, men to lag.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Splatoon 3

Metal: Hellsinger

Skyt demonar i takt med tung metal.
Funcom

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 15. september

Metal: Hellsinger er spelet for deg som likar rytmespel, men meiner dei byr på alt for lite metal, alt for lite skyting, og generelt for få demonar å ta knekken på. I dette spelet som ser ut til å bli omlag like hektisk som nyare Doom-spel, skal du plaffe ned demoniske beist frå helvete i takt med musikken.

Vi snakkar ikkje radiovenlege beats her. Spelet byr på metal av det musikalske slaget, og komponistane har fått hjelp frå ei lang rekke kjende vokalistar frå band som Lamb of God, Jinjer, Arch Enemy, System of a Down og mykje meir. For ei skyteoppleving som kanskje òg inspirerer til sunne doser headbanging, kan dette vere spelet vi alle har venta på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metal: Hellsinger

Return to Monkey Island

Return to Monkey Island prøvar å sprute litt humor inn i spelverda igjen.
Devolver Digital

Plattform: Nintendo Switch, Windows
Ute: 19. september

Ein av dei verkeleg store klassikarane frå PC-spelverdas piksellerte barndom er Monkey Island. Eventyra om piraten Guybrush Threepwood har prega mang ein oppvekst, og opp gjennom åra har det dukka opp ei rekke spel i fleire ulike format, sjølv om det no har vore stille frå serien i mange år.

I år er det derimot endeleg på tide med ein tur tilbake til Monkey Island, og det med ingen ringare enn Ron Gilbert, skaparen av Monkey Island ved roret. Her blir vi lova meir av den same gamle humoren som gjorde spelet så populært den gong då, og tradisjonen tru blir det eit skikkeleg peik-og-klikk-eventyr. Og fortvil ikkje, Dominic Armato er tilbake som Guybrush Threepwood.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Return to Monkey Island

Tilbake til apokalypsen

Ellie og Joel er tilbake for tredje gong.
Sony Interactive Entertainment

Joda, vi veit. The Last of Us Part I er nok det mange ventar på denne månaden, men det er eit spel som tross alt har vore lansert to gongar tidlegare. Vi har allereie spelt det, og hadde ei nydeleg oppleving.

Dette er berre eitt av mange spel på ei nesten latterleg lang liste over lanseringar i september. Der finn vi blant anna FIFA 23, det som mest sannsynleg blir det aller siste spelet i FIFA-serien før den skiftar namn.

Om du likar sideskrollande spel er september månaden for deg. Her får vi fargerik pikselaction i Freedom Planet 2 og Chenso Club, mørk og dyster demonjakt i både nydelege Moonscars, og ikkje fullt så nydelege – men likevel pene – Black Witchcraft. Enda meir sideskrolling blir det i det tidlegare Apple Arcade-eksklusive spelet Little Orpheus, som no kjem til så og seie alt. Den siste sideskrollaren vi tek med i denne omgang er ANNO: Mutationem, eit lekkert cyberpunkspel som blandar 2D-pikslar med 3D.

Moonscars er eit sideskrollande og valdeleg actionspel.
Humble Games

Treng du ei Pokémon-klone for å få dagane til å gå, vil godt mogleg Temtem oppfylle dine ynskje. Om du heller vil køyre tog kan du absolutt gjere det i Train Sim World 3. Eventuelt kan du styre eit Sirkus i det taktiske rollespelet Circus Electrique.

Om du skulle sakne dei gode, gamle dagane før grafikken blei så pen og alle skulle gjere dei same greiene, er kanskje Lunistice spelet du har venta på. Dette er eit 3D-plattformspel som i staden for å hente retroinspirasjonen sin frå 8- eller 16-bit-eraen, hentar den frå PlayStation og Sega Saturn-tida.

Vidare finn vi eit par slåssepsel. Det eine er LEGO Brawls. Som du sikkert skjønar av namnet hentar dette spelet litt inspirasjon frå Super Smash Bros. Eit spel som definitivt ikkje hentar inspirasjon frå Mario er Jojo's Bizarre Adventure: All Star Battle R, ein oppussa versjon av det tidlegare spelet med nesten same namn.

The DioField Chronicle byr på sanntisstrategi.
Square Enix

Vil du heller dyrke eitt og anna utan å gå ut i frisk luft og få litt jord under neglene, kan Ooblets eller Hokko Life kanskje vere det friske pustet du treng.

Til slutt tek vi med nokre spel i vidt forskjellige sjangrar. The DioField Chronicle er eit taktisk strategirollespel i sanntid frå Square Enix. Vidare frå Square Enix får vi Valkyrie Elysium, det første spelet i eller utanfomr Valkyrie Profile-serien på mange år. Som noko attåt kjem Valkyrie Profile: Lenneth til PlayStation 4 og 5. Frå det hoppar vi over til Gerda: A Flame in Winter, eit rollespel om Gerda under okkupasjonen av Danmark under andre verdskrig.

Serial Cleaners er på si side eit spel om å vaske opp etter mord utført av mafiaen på 90-talet. Eit meir opplagt konsept for eit spel trur eg aldri eg har høyrt om.

Til slutt tek vi med at Grounded, spelet der du spring rundt på storleik med ein maur, omsider er ute av Early Access.

Det var det for denne gong.

Siste fra forsiden