Det første som kjem til å slå deg når du spelar Heroes of Might & Magic: Olden Era er at jøss, dette ser bra ut. Dette er eit veldig pent Heroes-spel, og det tviheld på røtene så frykteleg mange har omfamna i alle åra som har gått sidan 90-talet då Heroes of Might & Magic-serien var på sitt aller beste. Ein dreg konstant kjensel på ting, ser korleis den nye varianten av den og den bygningen eller fienden ser ut, sug til seg inntrykka.
Det andre er at musikken er heilt nydeleg. Heroes-sjefskomponist Paul Romero er tilbake, og ein kan kjenne det i kvart fiber av dette spelet at musikken er alt. Ikkje berre er musikken flott, men lydeffektane som er brukt er i stor grad nye variantar av kjende ting.
Olden Era er eit nostalgismørbrød utan like, og det kan vere skummelt.
Overflod
Det er ingen tvil om at utviklarane bak dette spelet kjenner Heroes-serien godt. Det er så mange detaljar av ulike storleikar at ein nesten kan få ei tåre i augekroken. Eg hadde mange varme smil og neste rørte reaksjonar då alt frå lydvignettar til små animasjonar var tilbake i ny, men velkjent drakt. Det er ikkje langt unna kjensla ein får når ein kjenner lukta av baksten til bestemor igjen.
Det er mykje som ventar ein i Olden Era. I skrivande stund byr spelet på tre modusar, der du får bryne deg på alt frå digre kart, til konsentrerte utfordringar med berre ein helt, samt arenakampar der alt handlar om krig.
Å spele Olden Era er som å drukne i ting å gjere. Du vel deg eit kart, og set i gong med å utforske krigståka rundt startbyen din. Det er hinsides med ting å plukke opp. Du får knapt gå ein meter utan at det er nye ressursar, våpen og gjenstandar, skattekister, bauter som gir erfaring eller fiendar av ørten tusen millionar dusillionar slag.
Det er så mykje at det nesten blir ein bisarr kombinasjon av overveldande og keisamt. Dette er eit klikkespel. Du klikkar to steg vidare, så to steg til, og fordi det er så mykje å plukke opp mistar ein nesten interessa. Ikkje ein gong kampane som burde vere eit høgdepunkt gidd du bruke tid på, for kvifor skulle du det? Du ser jo nøyaktig kor mange soldatar du vil miste før du går i gong, og er kampen enkel kan du vinne den ved å berre akseptere det førehandskalkulerte resultatet.
Det er forenkling av typen som fullstendig fjernar gleda over å gjere noko. Innmaten er fjerna, til fordel for tankelaus klikking som minnar meir om zombieskrolling av sosiale media. Kva er poenget? Kvifor ta sjansar når ein veit utfallet?
Det blir forverra av at du knapt ser noko som helst. Synsfeltet ditt er knøttlite med mindre du aktivt bygger helten din mot noko anna, og det er langt mellom utkikkstårna som viser større delar av kartet. Resultatet er eit spel der fiendar med gigantiske hærar svingar usett innom og tek byen din medan du ryddar i hagen.
Mykje bra under panseret
I grove trekk er det dette litt overdrivne fokuset på å pakke ting tett saman som gjer meg litt uroleg for Olden Era. Det fine er at dette er ting utviklarane temmeleg lett burde kunne fikse på. Spre ut karta litt, lat oss bevege oss, utforske, la skattar vere nettopp det; skattar. Overflod fjernar evna til å bry seg, og vi ser såleis ikkje alt det bra spelet bringer med seg.
Olden Era gjer mykje veldig bra, og det startar allereie i byane. Først og fremst er dei vanvittig lekre. Dei er nydelege tolkingar av ting vi absolutt har sett før, og designet balanserer akkurat perfekt mellom å vere nostalgisk, og å tilføye nye ting. Vi vel nye bygningar frå eit eige byggepanel, og kan bygge nye og betre verjsonar av gamle bygningar for å få tilgang på betre krigarar.
Ein fin detalj er korleis du kan gjere val når det kjem til visse oppgraderingar. Til dømes kan du velje korleis du vil oppgradere bymurane. Du kan kjøpe tårn som skyt to gongar, eller tårn som gir områdeskade. Eventuelt velje mellom ei slagmark full av miner, eller ekstra soldatar.
Slike val får du for krigarane òg. Skjelett kan til dømes oppgraderast til skjelett med sverd, eller skjelett med boge. Andre krigarar kan få oppgraderingar som lar dei slå fleire fiendar med eitt slag, eller slå to gongar for kvar angrep. Dette er veldig fine ting som gjer det lett å velje den spelestilen du sjølv likar. Spesielt godt likar eg at du kan skifte oppgradering utan å betale for det. Veldig greit når ein vil teste ut kva ulike ting gjer.
Det er likevel synd at dei fleste oppgraderingane ligg låst bak den konsante mangelen på alkymistøv, ein ny ressurs som tilsynelatande berre kan sankast inn manuelt, til dømes ved å selje andre edle ressursar eller finne ein sjeldan klump på kartet. Det er eit tullete tillegg som drep alt momentum det sekundet du går tom. Frå då av handlar alt om å finne meir, og det kan vere vanskeleg.
Eg skulle òg gjerne sett at den beste ideen frå Heroes IV – karavaner – kom tilbake, så ein slepp bruke heltar som pakkesel.
Det er kampane vi lev for
Olden Era er Heroes på gamlemåten, med klassiske heksagonale kamparenaer og turbaserte kampar, slik det skal vere. Vi har fått bryne oss på fire ulike fraksjonar. Den personlege favoritten Necropolis, riddarane i Temple, mytologiske og underjordiske beist i Dungeon og den nye fraksjonen Schism, som framstår nesten som ei blanding av gamle Tower og Inferno.
Alle fraksjonane har sine eigne spesialitetar som kjem til sin rett i kampane. Å leike seg som dei vandøde i Necropolis blir til dømes fort ein dans der fiendane drep krigarar du heile tida hentar tilbake, enten sidan vampyrar sug til seg liv for kvar fiende dei drep, eller gjennom spesielle eigenskapar frå andre soldatar eller helten din.
Korleis du bygger opp helten får sjølvsagt òg mykje å seie, og her har det kome litt nytt. Når du går opp i erfaringsnivå vil du kunne velje underkategoriar som til dømes kan gjere dine eigne eigenskapar sterkare, eller fienden svakare. Eventuelt kan du velje mellom å gå raskare gjennom røft terreng, eller gå lengre.
Dette er enda eit ledd i spelets fokus på å gje deg større valfridom, og om du bygger på bestemt vis kan du låse opp spesialklassar når du kjem høgt opp i nivå.
Konklusjon
Det er i år ti år sidan førre spel i Heroes of Might & Magic-serien. For lenge, kan ein absolutt seie, og det er verkeleg på tide med noko nytt no. Eg vil tru mange gamle fans av klassikaren Heroes III vil vere spesielt klare for dette spelet. Det droppar tidlegare spels forsøk på å modernisere og skape meir action med dramatiske kameravinklar, til fordel for ei kjærleikserklæring til seriens største suksess.
Akkurat det ser det ut til at utviklarane hos Unfrozen lukkast med i vekslande grad. Eg storkosar meg i kampane, med å bygge opp byane og ved å skape den perfekte helten.
Diverre har utviklarane gjort ein del banale grep. Dei har innført ein ny, sjeldan ressurs som er nødvendig for å oppgradere soldatane dine. Dei overfyller karta med ting som gjer det vanskeleg å føle framdrift, og å kome seg nokon stad. Fokuset er litt feil.
Heldigvis er dette ting som lett kan endrast på, og om utviklarane gjer det, er det så stort potensiale i Heroes of Might & Magic: Olden Era at det fort kan bli spelet vi har venta på.
Heroes of Might & Magic: Olden Era kjem til PC, men har ikkje fått lanseringsdato enno.