Anmeldelse

Lunar: Remastered Collection

Det enkle er ofte det beste

Ei minimalistisk og respektfull utgåve av gamle klassikarar.

Sjølv om favorittspela dine på 90-talet skulle ha vore Final Fantasy, Illusion of Gaia, Terranigma, Secret of Mana, Alundra, Suikoden og ein heil haug med andre japanske spel med namn du ikkje lenger hugsar, er det lett forståeleg om Lunar-serien aldri dukka opp på radaren din. Desse var blant dei mange spanande spela som ikkje kom til Europa.

Lunar: Remastered Collection er ei samling med dei to spela, Lunar: Silver Story og Lunar: Eternal blue. Begge kom først ut på Sega CD på tidleg 90-tal, før dei fekk nye og oppdaterte PlayStation-versjonar nokre år seinare. Dette er spel som var med i barndomen av den japanske rollespelindustrien. Dei blei utvikla av Game Arts som seinare laga Grandia-serien, og dei var tidleg ute med ting som etter kvart blei kjennemerke ved sjangeren.

Det første ein spør seg når ordet «remastered» er i tittelen er sjølvsagt kva som er nytt, endra eller forbetra, og her er lista ganske kort. Utviklarane har valt å halde dette spelet så nær originalen som mogleg. Målet her er ikkje å lage noko nytt, men å la eit nytt publikum få spele gamle spel på ein autentisk måte. Vi får såleis to versjonar av kvart spel. Ein original, og ein ny. Den nye byr på nokre små visuelle forbetringar, og dette er først og fremst merkbart i dei mange anime-sekvensane som dukkar opp i viktige situasjonar, samt portrettbileta av viktige personar.

Du er fri til å spele den versjonen du vil, og du kan gå fram og tilbake som du vil, sidan dei to versjonane deler spelefil.

Forskjellane på nytt og gammalt er små, men merkbare.

Det treng ikkje vere så vanskeleg

Lunar: Remastered Collection viser kor enkelt det eigentleg kan gjerast. Begge byr på svært ulike forteljingar, men nokre veldig viktige ting har dei til felles. Her blandast humor og alvor med perfekt balanse, og vi går fort fram. Med begge spela tok eg meg sjølv i smile berre få minutt inn.

Eg blei umiddelbart engasjert på ein nesten barnleg måte. I Silver Star følgjer vi ein ung gut som legg ut på ei reise for å bli den nye dragemeisteren. Det er sjølvsagt lettare sagt enn gjort, men med seg har han gode vener som både støttar og ser litt rart på han om han er teit, noko han gjerne kan finne på å vere. I Eternal Blue hoppar vi tusen år fram i tid og møter ein ung mann som vil ut på eventyr berre for å ende opp med å møte ei jente som blir jaga av verdas mektigaste hær i den tru ho skal øydeleggje verda.

Felles for begge er humor, sjarme og skikkeleg underhaldande dialog. Delar av den, og då først og fremst den som kjem via animesekvensane har fullt skodespel, noko desse spela var veldig tidleg ute med. All dialogen er likevel spelt inn på ny for denne utgåva, av litt uklåre grunnar.

Dette er enkle historier av ein sort vi knapt ser lenger. Det er ungdommeleg, litt naivt og med ein tydeleg optimisme og entusiasme eg verkeleg saknar i nyare spel. Kva skjedde med den? Spel av denne sorten var fulle av positivitet og trua på eit samhald som blei demonstrert gjennom eit likandes persongalleri.

Lunar hadde stemmeskodespel lenge før mange andre spel i sjangeren.
Øystein Furevik/Gamer.no

Eg vil tru enkelte vil finne det heile litt vel tradisjonelt. Vi får servert ting vi har sett gong på gong i 30 år no, men det kan vere greit å hugse på at dette er eit av dei spela som var med på å skape desse stereotypane og tropene. Det heile kjem difor i ei hakket friare form ikkje prega av fleire tiåar med terping og repetisjon. Det merkast.

Spela er uendeleg befriande, lett fordøyelege og frie for alle dei dårlege vanane utviklarar har teke til seg oppgjennom åra. Her finn vi ingen trøyttande sideoppdrag. Ingen lange samtaler om hobbyar og matvanar, ingen uendeleg lange monologar om dei minst interessante tinga i verda. Dette er spel der ting ikkje blir ytra om dei ikkje er viktige, men det som blir ytra kjem kjapt, med snert og på underhaldande vis. Alt du gjer fører deg vidare gjennom historia.

Det må òg nemnast kor fort ting går framover her. Dagens spel kan ta seg veldig god tid, men i Lunar-serien har du allereie reist over halve kontinentet, vitja fleire byar og kriga deg gjennom både skog og borg etter knapt ein time.

Kampsystemet er enkel moro.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ingen overraskingar

Som i mange andre spel i denne sjangeren er kampane turbaserte. I motsetning til mange andre spel i sjangeren er fiendar synlege i verda. Kampsystemet er enkelt, med få funksjonar, men det får jobben gjort. Det er ingen finurlege ting som skjer under panseret, men berre ei gruppe eventyrarar som gradvis går opp i nivå. Nokre får nye og sterkare angrep, andre får nye magi og du vel frå ein meny i tur og orden.

Eit lite strategisk element kjem inn gjennom posisjonering. Fiendar og heltar flyttar seg på kamparenaen, og dette betyr at dei fysisk svake magikarane aldri er heilt trygge. Det kan bli nødvendig å bruke ein tur berre på å flytte dei på trygg avstand, men stort sett går det meste heilt fint. Kampane kan bli ganske trege, men i denne utgåva kan du skru opp farten til tre gongar vanleg tempo, noko som er gull verdt.

Spesielt nyttig er det når du kanskje innser du må sanke litt erfaring, eller skal gjennom eit område med mange fiendar. Då kan du setje på spelets kunstige kampintelligens, og suse kjapt gjennom fiendane. Denne intelligensen er deirmot ikkje alltid like påliteleg, og det er best å styre sjølv når du ikkje kjenner styrka til fiendane.

Lunar er ikkje vanskelege spel, sjølv om det er lurt å hugse på at dette er spel utan autolagring og lagringspunkt. Her lagrar du i staden sjølv, og du kan lagre når du vil. Fint, men lett å gløyme. Eg har klart å miste over ein time med speletid fordi eg gløymde meg, og det er litt surt sjølv om det på alle måtar er min feil.

Animesekvensane dukkar opp ved personintroduksjonar og viktige hendingar.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Lunar Remastered Collection er nøyaktig det namnet seier. Her får vi to gamle, fine spel frå 90-talet, med svært lite attåt. Utviklarane har gjort små, men gode val som både tek vare på den opphavelege opplevinga, men òg gjer den hakket meir venleg for dagens publikum.

Filmsekvensar er oppskalerte på eit vis som tek dei frå lågoppløyselege pikselfestar til noko som ser heilt nyteikna ut, små justeringar er gjort under panseret og vi finn nokre små visuelle effektar som pyntar litt på opplevinga, utan å endre den. Meir enn det får vi ikkje, men vi treng heller ikkje meir. Det er historia som det er det viktigaste her – eit vittig følgje sære figurar som legg ut på ei reise som blir hakket meir dramatisk for kvart steg dei tar.

Dette er ei autentisk samling med to flotte spel som er midt i blinken for fans av japanske rollespel som saknar den kjensla dei fekk då dei putta ein heilt ny CD inn i PlayStation-konsollen sin, klar for nye eventyr.

Lunar Remastered Collection er tilgjengeleg på PlayStation 4, Xbox One (testa), Nintendo Switch og Windows.

8
/10
LUNAR Remastered Collection
Ei underhaldande tidsmaskin til 90-talet.

Siste fra forsiden