For dei fleste er Stoic best kjende for den trauste og vikinginspierte taktikkserien The Banner Saga. Med denne trilogien skapte dei ei minneverdig reise der vi følgde eit reisefølgje gjennom vanskelege tider, tok avgjerande val og kjempa i turbaserte kampar.
Denne gong prøvar dei seg på noko heilt anna, og Towerborne er omtrent så langt frå The Banner Saga som vi kan kome. Her er ikkje fokuset på å fortelje ei god historie, men på at spelarane skal skape ei i lag. Towerborne er eit samarbeidsspel for opp mot fire spelarar som reiser på tokt, krigar mot monster, sankar nytt utstyr og oppgraderer i vilden sky.
Spelet blei lansert i «early access» på Steam i fjor haust, og er no tilgjengeleg på Xbox Game Preview via Game Pass. Då tenkte vi det var på høg tid å ta ein kikk på dette nye spelet frå The Banner Saga-studioet.

Skikkeleg pent
Towerborne er eit fargerikt actioneventyr med ein stil som nesten kan lure deg til å tru du spring rundt i ein teiknefilm. Eventyret er sideskrollande, og dreg deg konstant mot høgre medan du møter stadig nye monster. Det er lett å la tankane gå til Zelda når ein møter rotter, øgler og anna som har mykje til felles med moblins og andre beist frå Hyrule.
Der mange spel brukar god tid på å setje deg inn i basisen, treng ikkje Towerborne det. Dette er skikkeleg lettvint, og du er introdusert for korleis det heile fungerer på få minutt. Her handlar det om å springe mot fiendane, denge dei med i hovudsak to ulike angrep, hoppe unna, blokkere og bruke litt spesialangrep for å handtere større grupper, fiendar med skjold og større sjefsfiendar med unike kampmønster.
Banene er ikkje lange, men byr likevel på ein del variasjon, og ulike hinder. Dei er fulle av detaljar og sprudlar med fargar. Det er noko veldig leikent og lett med dette spelet, og det kjem veldig godt fram at kunstnarane hos Stoic har hatt det moro.
Løn for strevet
Nå du kjem i mål på ei av dei uhorveleg mange banene spelet ser ut til å by på er det tid for å få ein premie i form av erfaringspoeng, nye våpen eller nytt utstyr. Towerborne har lette rollespelelement der du stødig klatrar opp i nivå, og kan låse opp nye angrep og eigenskapar. Spelet byr òg på fire ulike klassar, som alle byr på særeigne måtar å spele på.
Etter kvart vil du samle inn mykje bytte, og du må førebu deg på mange og regelmessige utskiftingar av utstyr. Det er eit born av Diablo-skulen dette her, og det meste av våpen og utstyr kjem med unike bonusar. Nokre gjer det lettare å påføre fiendane ulike typar skade som gift, medan andre gir deg bonusar på helse, eller å få døde allierte kjappare på beina.

Noko utstyr kjem i sett som låser opp større bonusar om du har alle delane. Slikt kan det vere lurt å ta vare på, og kanskje til og med oppgradere i smia. Den fin vi i tårnet som har gjeve spelet sitt namn. Her finn du òg mykje anna, og då særskilt folk som kan sende deg ut på nye oppdrag. Utstyr du vil bli kvitt kan du dessutan øydeleggje for å få ressursar du kan bruke til oppgradering.
Rundt tårnet ligg verda, og den er bygd opp på eit heksagonalt brett. Kvart heksagon kan by på nye utfordringar. Det kan vere spontane små oppdrag der du berre skal knerte nokre utyske, til større historieoppdrag som går over fleire nivå. Du utforskar stadig meir av verdskartet, og lærer meir om verda i same slengen.
Best saman?
Towerborne er eit spel designa for fire spelarar. Det er heile intensjonen bak, og det er definitivt moro å spele saman med fleire. Du kan gjere dette over nett, men ein kan òg spele lokalt ved å å kople fleire kontrollerar til ein konsoll. Baksida ved fleirspelarmodusen er at det kan bli litt vel kaotisk, og eg hadde av og til problem med å finne ut kvar eg var. Mykje skjer på skjermen, og når du har fire heltar som kjempar mot store mengder fiendar skjer det veldig mykje på skjermen på ei og same tid.
Moro er det likevel, og når du hamnar i ei god gruppe der folk passar på kvarandre og sørgjer for å stå saman i staden for å herje på eiga hand, er spelet stor moro.
Sjølv om spelet byr på god fleirspelarunderhaldning, er det likevel fin moro å spele aleine òg. Det er ikkje slik at ein må vere mange, men dei verkeleg vanskelege fiendane blir definitivt enklare å få has på.

Det er mykje potensial her. Rytmen med å jakte fiendar og få betre utstyr som ein seinare kan oppgradere fungerer godt. Eg får litt Monster Hunter-kjensle av spelet, og det er jamt over eit spel som gir meir enn det krev.
Det er verdt å merke at dette spelet når det er ferdig skal bli eit gratisspel finansiert av mikrotransaksjonar der ein kjøper kosmetiske endringar. Ein kan allereie no handle i butikken, men eg brukte ikkje ei krone her, og fekk aldri kjensla av at eg gjekk glipp av noko.
Konklusjon
Dei fleste hadde kanskje tenkt at Stoic skulle halde fram i eit liknande spor som The Banner Saga når dei først kom med eit nytt spel, men nei. Towerborne er noko veldig anna enn det dette studioet har levert før. Sjølv om det er ein heilt ny og annan sjanger, er det ein sjanger utviklarane ser ut til å meistre godt, og har pakka inn i eit særs lekkert ytre.
Spelet er moro og byr på god underhalding. Eg likar spesielt kor lett det er å få gjort ting her. Du treng ikkje investere mykje tid, og om alt du har ledig er ein halvtime, er det ein godt brukt halvtime.
Utfordringa kan kanskje vere å finne eit stort publikum. Dette er ikkje eit spel med umiddelbar masseappell, men ved å vere tilgjengeleg via Game Pass er det eit spel det bør vere lett å ta ein liten sjanse på. Om du har lyst på litt lett underhaldning, og likar sideskrollande actionspel, er dette absolutt verdt å ta ein kik på.
Towerborne er tilgjengeleg i «early access» på Steam og via Xbox Game Preview (testa).