25
Sniktitt

The Blood of Dawnwalker

Spanande vampyrspel frå The Witcher-veteranar

I dette vampyrrollespelet er du menneske om dagen, men vampyr om natta.

Det neste store rollespelet frå Bandai Namco har sterke namn i ryggen. Rebel Wolves er eit polsk utviklarstudio skipa av veteranar som har hatt leiande roller hos CD Projekt Red på både The Witcher-serien og Cyberpunk 2077.

Deira første spel under fana Rebel Wolves er det store, opne rollespelet The Blood of Dawnwalker, der vi blir lova ei historie i sandkasseformat. Du treng ikkje følgje ein gitt veg, eller ei gitt rekkefølgje, men har eit overordna mål om å redde din eigen familie i løpet av 30 dagar. Korleis du brukar dei dagane er opp til deg.

Vår helt, Coen. menneske om dagen, vampyr om natta.
Rebel Wolves/Bandai Namco

Halvt vampyr, halvt menneske

Vi har fått ta del i ein presentasjon av spelet om illusterer mange av elementa spelet byr på. Diverre har vi ikkje fått sjansen til å spele det sjølv heilt enno, men sidan The Blood of Dawnwalker ikkje er ute i folkets hender før ein gong neste år, har det garantert sine grunnar. Det vi har fått sjå vitnar likevel om eit spel som er godt på veg, sjølv om medforfattaren som stod for presentasjonen presiserte at spelet no er i pre-beta.

Den frie forteljinga er eit viktig punkt for Rebel Wolves. Vi blir lova eit spel der du etter prologen får gjere akkurat som du vil, gå kvar du vil, og ta på deg, eller droppe, dei oppdrag du vil. Du kan gå rett på det siste, endelege oppdraget om du er modig, ei utfordring som burde inspirere speedrun-samfunnet.

Eit interessant element er korleis tida fungerer. Normalt sett står tida stille, og du kan utforske og leike deg så mykje du vil utan å tenkje på klokka. Men enkelte oppdrag, eller til og med samtaler kan by på val som dyttar tida framover med ei bestemt mengde. Sidan du berre har 30 dagar på deg til å redde familien din, kan det raskt bli ein faktor å halde eit vakent auge med.

Fokuset på presentasjonen vi deltok på var derimot på korleis eitt og same oppdrag kan utarte seg på ulike måtar avhengig av om du gjer det om natta, eller om dagen. The Blood of Dawnwalker er eit komplekst rollespel i tredjeperson der du tek på deg rolla som Coen, ein mann som er både menneske og vampyr.

Dette utspelar seg tydelegast gjennom korleis spelet endrar seg når ein skiftar mellom natt og dag. Om dagen er Coen menneske, men om natta er han vampyr, og får unike vampyrkrefter han ikkje har om dagen. Blant desse er evna til å gå på veggar og tak, eller forflytte seg til synlege område langt borte. Vi fekk sjå korleis Coen klatra opp på hustak, og praktisk talt hoppa mellom dei for å snike seg inn i ein gammal katedral, nærast usynleg for vaktene nedanfor.

Om natta kan du klatre over hustak utan problem.
Rebel Wolves/Bandai Namco

Eit ekte nattdyr

Det første vi fekk demonstrert var korleis eit oppdrag kan utarte seg om natta. Då måtte Coen snike seg gjennom katedralen, leite etter spor i området rundt seg, og nesten som ein detektiv finne ut kvar han skulle gå, medan vi får lytte til hans indre dialog. Ein og annan kamp var uunngåeleg, og her prøvar utviklarane å fri til fleire leirar. For taktikaren byr spelet på eit retningsbasert kampsystem som framstår ikkje heilt ulikt Kingdom Come: Deliverance-spela, men for dei som ikkje orkar det, kan du spele med det som framstod mest som eit einknappssystem, der du kan hamre deg til siger.

Det er eit merkbart fokus på å parrere fiendens angrep her, men det ser ikkje ut til å ha dei same krava til timing som mange nyare spel inspirert av Souls-serien har. Ein artig eigenskap er at Coen i løpet av ein kamp kan nytte vampyrkreftene sine, og suge blod frå ein fiende for å få tilbake litt helse.

Dette er uansett berre om natta. Om dagen stiller ting seg annleis, og vampyrkreftene er borte. Snikemoglegheitene blir difor fattigare, og som ein konskevens fekk vi sjå detektivarbeid av ein heilt annan sort. Samtaler blir viktig for å få tak i informasjon, og nokre av desse legg press på deg ved at du må svare innan ein tidsfrist.

Ein annan del av detektivarbeidet er å utforske stadar som ein har tilgang til om dagen, men ikkje om natta. Coen prata med kyrkjetenarar, fann vegen til eit skur der sjuke blei stua inn, og grov fram mørke hemmelegheitar. Ein eigen fokusmodus kan la deg sjå ting du elles ikkje legg merke til, og med denne fann Coen kloremerke på golvet, som igjen leia han til blodspor. Dei leia han i tur til raude møll som indikerer viktige objekt, eller katalysatorar.

Desse katalysatorane kunne brukast i samtaler med døde kroppar, ein eigenskap Coen berre har tilgang på om dagen. Finn du ikkje katalysatorane går samtala sin gong, men har du dei, då kan du få ut meir informasjon, og få eit betre bilete av kva som har skjedd, noko som blei demonstrert ved at liket gjenopplevde sine siste augneblink på ein noko grell måte.

Vi blir lova eit meir eller mindre historisk korrekt spel.
Rebel Wolves/Bandai Namco

Blandar fiksjon med historie

The Blood of Dawnwalker er på alle måtar eit fiksjonsverk, men det er eit spel som prøvar å blande overnaturlege element som vampyrane er eit godt døme på, med kjend historie. Utviklarane lovar at verda skal vere tru mot middelalderen på 1300-talet, men tidsriktige klede og historisk korrekt arkitektur. Utover dette er derimot spelet reinspikka fantasi.

Det er absolutt eit pent spel, sjølv om det finnest ting å pirke på akkurat no. Verda er det som stikk seg ut mest positivt, og då spesielt det å vandre gjennom gamle byar. Eg er ingen ekspert på 1300-talet, men det framstår autentisk, med herlege og stemningsfulle hus som strekk seg opp og kastar lange skuggar. Folk går kledd i ting eg veit eg har sett på gamle måleri, og det er lett å tru på det ein ser.

Der spelet gjerne kunne fått litt meir merksemd er i møte med andre menneske. Animasjonen overbevisar diverre ikkje. Spelet lid litt av den gamle leksa der ein skodespelar har gjort mykje større innsats for å levere dramtikk enn kva animasjonen har.

Munnen rører seg for det meste truverdig, men resten av andletet er som mumifisert med botox. Det merkast veldig tydeleg når ein person blir sjokkert over å få høyre om eit dødsfall, men ser ut som om han er i sitt livs mest keisame samtale.

Pene modellar, men det er rørslene om avgjer resultatet.
Rebel Wolves/Bandai Namco

Konklusjon

Vi har ikkje fått spele The Dawn of Bloodwalker sjølv heilt enno, men det vi har fått sjå lovar godt for at dette kan bli eit solid rollespel frå erfarne folk som har levert det før. Dette ser derimot ikkje ut til å bli ein kopi av The Witcher. Rebel Wolves prøvar eigne ting, og fokuset på å la deg styre historia sjølv, gå dit du vil når du vil, og gjere ting i ditt tempo, ikkje utviklarane sitt, er spanande.

Eg likar òg dynamikken mellom å vere vampyr om natta, og menneske om dagen. Eg tør ikkje spekuler ei kva biologien seier om dette, men det ser i alle fall ut til å kunne by på mykje moro. Å ha to vidt forskjellige måtar å løyse oppdrag på, basert på at du nesten er to ulike personar med ulike eigenskapar har veldig mykje potensiale.

Spørsmålet blir sjølvsagt korleis alt dette vil fungere. Vil det bli like opent som vi blir lova, og vil dei ulike oppdraga kunne by på like stor intern valfridom som vi får i kva oppdrag vi vil gjere når?

Det er det vanskeleg å svare på akkurat no, men lovande, det er det.

The Blood of Dawnwalker lanserast på PlayStation 5, Xbox Series S/X og Windows i løpet av 2026.

Siste fra forsiden