Earthion er eit spel frå ei svunnen tid. Det er ikkje laga for moderne konsollar og maskinvare. Utviklarane hos Ancient har laga eit Sega Mega Drive-spel. Eit vaskekte Sega Mega Drive-spel som pressar den den 35 år gamle konsollen til det ytste. Dette spelet har så i tur blitt porta til PC og konsollar.
Dette er eit skytespel av gamlesorten. Tenk R-Type, Ikaruga og Gradius. Det er ei sideskrollande manndomsprøve der du styrer eit lite skip som møter enorm motstand, må navigere rundt både fiendar og kulene dei sender din veg, plukke opp nye våpen, og prøve så hardt du kan å overleve enda eit nivå.
Når du er i mål gjer du det heile ein gong til, betre.
Vilt moro
Earthion er heilt på høgde med det beste frå sjangerens storheitstid. Det er umiddelbart gjenkjenneleg, lett å få tak på, men uhorveleg vanskeleg å meistre. Spelet byr på fleire vanskegrader som ikkje berre bestemmer kor mykje du tåler, men og kor lenge du for halde på oppgraderingar om du ikkje dansar unna kulene. Ein grei metode om du skulle slite litt allereie på normal grad, er å starte på lett, bli kjend med spelet, korleis du styrer skipet effektivt, korleis nivåa er bygde opp, og i tur og orden hoppe opp på høgre vanskegrad etter kvart som du blir ein betre pilot.
Mykje handlar om å memorisere baner. Ting skjer alltid på same stad. Dei same fiendane vil dukke opp, dei vil skyte dei same typane skudd. Nokre kuler blir kasta ut i sirkel, andre i vifteform. Å vite kva som skjem vil alltid gjere det lettare å overleve.
Med åtte nivå som alle ber tar nokre minutt å kome gjennom, er Earthion eit spel som kan rundast på under ein time. Lengda er likevel ikkje fokuset, poenget her er å spele spelet om att mange gongar, bli betre, gå opp i vanskegrad, og slå seg sjølv. Setje ein ny toppscore.
Når du klarar siste sjefen på siste bane får du eit passord, med dette kan du ta med deg skipet ditt med alle oppgraderingar slik det var då du greidde spelet, og dette kan vere til enorm hjelp om du skal prøve deg på høgre vanskegrader.
Spelet har heller ikkje noko form for å lagre. Slår du av må du starte om att. Det er kanskje gammaldags, og eg skal ikkje vere ueinig. Samstundes er dette ein del av det å gjenskape noko. Mykje av poenget med slike spel er å sjå kor langt du kan kome deg med dei liva du har. Om du kan lagre etter kvar bane forsvinn den biten.
Ein funksjon for å lagre kvar du er før du slår av, hadde derimot vore fint. Det er ikkje alltid alle har ein heil time ledig.
Å meistre eit skip
Å knuse fiendane i Earthion handlar om fleire ting. Du må først og fremst unngå kuler, og unngå å krasje, men du må òg passe på å plukke opp det som finnest av grøne krystallar.
Dei grøne krystallane kjem i mange storleikar. Nokre er bittesmå, andre er massive. Desto fleire du har, desto meir skade gir du, men om du sjølv tek skade, mistar du krystallar. Det er ein fantastisk mekanikk som held deg skjerpa i alle situasjonar, for du veit at sjølv omd et kan vere stor risiko ved å gå inn for å få tak i grøne krystallar, er det verdt det.
Helsa di er berre eit skjold som regenerer seg sjølv om du unngår å få skade lenge nok, og alt dette kan oppgraderast. No og då dukkar det opp oppgraderingar på din veg. Dei er som regel ein av to ting; nye våpen eller ein oppgraderingsmodul. Våpna tek du med deg til neste nivå, og om du har fullt kan du byte ut ein av dei du har.
Har du derimot ein oppgraderingsmodul med deg når du klarar eit nivå får du bygge på skipet ditt. Du kan til dømes få meir skjold og våpenkraft, eller låse opp plass til å fleire våpen. Sidan du kan fyre av alle våpen samstundes, skadar det aldri å ha meir.
Litt av moroa er å prøve ut nye samansetningar, for så å bruke ditt nye passord for å starte eit nytt løp på topp.
Lekker retrografikk
Det er mange som lagar stilige pikselspel om dagen, og det er ei kunstform som absolutt har utvikla seg sidan den var det kvassaste av det kvasse. Det Earthion har som mange nyare spel kanskje manglar, er noko uvanleg autentisk over seg. Det er både nytt og gammalt på ei og same tid. Det hentar dei fleste av sine visuelle trekk frå klassisk 80- og 90-tals sci-fi, noko som ikkje er overraskande sidan utviklarane har erfaring som strekk seg heilt tilbake til då.
Vi får åtte ulike nivå, og alle har ein sterk visuell identitet. Vi flyr langs digre romskip, inn i grotter, og kvart nivå er særeige og ulikt det førre. Dette er absolutt med på å halde gneisten opp, sjølv om spelet ikkje treng hjelp der, så intenst som det er. Ein kan heller ikkje gløyme den fantastiske musikken frå Yuzo Koshiro, ein fyr som tidlegare har stått for musikken i alt frå ActRaiser til Sonic.
Det eg kanskje likar aller best med grafikken i Earthion er alle vala du får for å skape di eiga oppleving. Du kan velje å berre spele med pikselgrafikken slik den er, men du kan òg velje blant ei rekke CRT-filter, og her er Earthion den beste i klassen.
Ikkje berre får du spele med CRT-filter, men du får velje om du vil ha flat eller kurva skjerm, om du vil ha eit vanleg filter, eller eit filter som simulerer ein gammal, øydelagd TV der fargane er grøne og fæle. På toppen av dette får du sjølv skru nøyaktig korleis skannlinjene skal sjå ut. Det er er komplett nostalgi, men du verda for ei effekt det har.
Eg hugsar godt kor irriterande det var når TV-en var grøn i hjørnet før i tida, at eg skulle nå punktet der slikt er positivt hadde eg aldri trudd.
Konklusjon
Det er sjeldan vi får noko så autentisk som dette. Earthion er eit nytt spel ja, men det gir meg den kjensla eg hadde då eg var åtte år gammal og spelte Atari med ein ei stikke og ein knapp. Det var tider, javisst, og alt var nytt, spanande og oppslukande.
Eg har spelt frykteleg mange spel sidan eg var åtte år, og at noko klarar å skape den same kjensla av å vere nytt og spanande, og likevel så gammaldags, det skjer ikkje ofte.
Ein kan sjølvsagt skulde på nostalgi, men dette er ikkje berre nostalgi. Visst spelar Earthion på nostalgi, men det er mykje meir enn som så. Dette er eit fantastisk gjennomført og nydeleg balansert spel som gjev oss rein speleglede av ein sort alt for få no om dagen veit finnest.
Earthion er ute no for PC (testa), og lanserast 18. september for Nintendo Switch, PlayStation 4, PlayStation 5 og Xbox Series S/X.