Av alle de merkelege og minneverdige dingsane Nintendo har sleppt laus på ei dårleg førebudd spelverd, er det ein som skil seg ut som den absolutt største fiaskoen: Virtual Boy.
Midt i VR-manien på midten av 90-talet skulle Nintendo revolusjonere spelopplevinga di. I staden revolusjonerte dei uheldige konsept som hovudverk og nakkesmerter.
For å fullt ut forstå kor gale det var, må vi spole litt tilbake. På starten av 90-tallet var Nintendo kongen. Dei hadde dominert 80-tallet med Nintendo NES, og hadde følgt opp med Super Nintendo – ei maskin som gav oss klassikarar som Super Metroid, The Legend of Zelda: A Link to the Past, Super Mario World, og Donkey Kong Country. Deira argaste konkurrent hadde vore Sega, men no var ting i ferd med å endre seg.

Sony hadde samarbeida med Nintendo om å lage eit diskdrev til Super Nintendo, men dette samarbaidet havarerte, og førte til Nintendo 64 på den eine sida, og PlayStation på den andre.
3D, og virtuell verkelegheit som portrettert i fantastiske og tidsriktige filmar som The Lawnmower Man hadde fått stadig større merksemd. Filmar tok føre seg temaet, på radio kunne ein høyre innslag om korleis ein kunne sitje i sofaen og nyte eit bad nær ei stillehavsøy, og i dette klimaet tenkte Nintendo det var ein god idè å lansere ein 3D-konsoll som kunne korte ned den lange ventetida på storeslem Nintendo 64.
Hva i alle dagar var Virtual Boy?
Virtual Boy blei designa av eit av Nintendos største drivkrefter, Gunpei Yokoi. Han var hjernen bak Game Boy og Game & Watch, og ein av Nintendos mest briljante oppfinnarar.
Der Game Boy var liten og snedig, var Virtual Boy stor, tung, og upraktisk. Den såg ut som ein raud kikert på stativ, og for å bruke den måtte ein tilpasse seg den meir enn den tilpassa seg deg. Det var ikkje rom for å røre seg, og det beste var å plante den trygt på eit bord.
Ved sidan av eit trivielt forhold til komfort, var kanskje det aller største problemet til Virtual Boy grafikken. På tida opp mot lansering venta folk i spaning på PlayStation og Nintendo 64. På PC var spel som Quake det kvassaste av det kvasse. Virtual Boy budde på grafikk i same stil som Game Boy, med eitt unntak. Der den eine var grøn, var denne nye maskina raud. Alt du kunne sjå var i nyansar av raudt, og det var ikkje vidare lekkert.
Raudfargen var eit resultat av Nintendos forsøk på å gjere konsollen rimeleg. Raude LED-lys var billegare, meir stabile, og ein konsoll med fullt fargespekter hadde blitt for dyrt.
Om det var eit klokt val var ein annan ting. I spelpressa på den tida kunne ein lese om korleis speling i meir enn 15 minutter kunne gi deg hovudverk, slitne auge, og om du var riktig heldig – kvalme.
Eit mageplask i sakte film
Virtual Boy blei lansert i Japan i juli 1995, og i Nord-Amerika en månad seinare. Men allereie før den var å finne i butikkhyllene, var stemninga lunken. Nintendo brukte store summar på reklamekampanjar, men ingen skjønte heilt hva dette var. I reklamar meir inspirerte av Terminator og Grunge-kulturen var det lite info om spela som venta.
Vi sat no i ei verd der Sony allereie hadde lansert sin PlayStation nesten eit år i førevegen. Folk forventa meir. Sjølv om du kunne oppleve ei form for 3D med Virtual Boy, konsumerte vi på den tida skjermbilete gjennom små bilete i spelblad. Der såg det ikkje bra ut, når ein kunne bla om og sjå bilete frå Resident Evil og Final Fantasy VII på PlayStation og neste generasjons Zelda til Nintendo 64.
Spela var eitt hovudproblem for konsollen. Sjølv om Nintendo i Japan diska opp med 22 spel frå diverse aktørar – 14 i USA – mangla konsollen spela du måtte ha. Spela du kjøpte konsollen før.

Maskina hadde ingen Mario-plattformspel, ingen The Legend of Zelda, og ingen Metroid. Hovudattraksjonen var Mario’s Tennis, eit tennisspel i si mest grunnleggjande form. Andre titlar inkluderte det tredimensjonale romskytespelet Red Alarm, robotboksespelet Teleroboxer, og pinballspelet Galactic Pinball.
Internt i Nintendo hadde Virtual Boy konkurrert mot den langt viktigare Nintendo 64-konsollen om ein stadig større andel av ressursane. Virtual Boy blei nedprioritert, fekk knapt merksemd frå Mario- og Zelda-skapar Shigeru Miyamoto, og blei til slutt lansert i ei form hovudarkitekt Gunpei Yokoi ikkje var nøgd med.
Nintendo Virtual Boy blei tatt av marknaden allereie i desember 1995 i Japan, og august 1996 i USA, under eit år etter lansering. Til Europa kom den aldri. Det ble selt rundt 770 000 einingar på verdsbasis – ein pinleg lav sum for Nintendo, som var vande med å selje fleire titals millionar.
Gunpei Yokoi, som hadde hatt stor suksess tidligare forlot Nintendo eit år seinare. Han starta opp eit eige selskap og var med på å utvikle den bærbare konsollen WonderSwan for Bandai. Berre eitt år seinare døde han i ei tragisk bilulykke i 1997.
Konklusjon
Virtual Boy er ikkje berre Nintendos største fiasko – det er kanskje den største konsollfiaskoen gjennom tidene, og nei, vi har ikkje gløymt Nokias N-Gage. Virtual Boy var ei maskin som var både forut for si tid og ekstremt dårlig tilpassa si tid. Den mislukkast spektakulært, men den minner oss også på at sjølv dei største kan snuble når dei tek store sjansar.
Dette var Nintendos aller første, store feilgrep, men det skulle ikkje bli det siste. I åra som kom skulle Nintendo få erfare at suksess ikkje var noko som kom av seg sjølv. Der GameCube ikkje blei den store vinnaren i konsollkrigen mot Sony og Microsoft – etter at Sega allereie hadde meldt seg ut – selde Wii og Nintendo DS som hakka møk. Wii U blei derimot ein ny nedtur, før Switch løfta Nintendo tilbake på trona der dei likar seg best.
Virtual Boy var kanskje ein fiasko, men det var ei maskin som vitna om kva Nintendo skulle bli. Eit vågalt og eksperimenterande selskap villig til å ta sjansar. Der andre slavisk følgde dei same formlane Nintendo var med på å etablere, gjorde Nintendo det til ein del av sitt DNA å eksperimentere og prøve heilt nye ting.
I 2011 returnerte dei til ideen om 3D, med sin spinnvilt populære bærbare konsoll Nintendo 3DS. I 2019 leika dei igjen med VR i Nintendo Labo, der du kunne bygge dine eigne VR-brillen for bruk med fleire Nintendo Switch-spel.
Kva framtida vil by på, og korleis den komande lanseringa av Nintendo Switch 2 vil gå er vanskeleg å spå, men ein ting kan vi vere sikre på: Berre Nintendo er Nintendo.
Kva er ditt beste, eller verste, Nintendo-minne?