25
Anmeldelse

Styx: Blades of Greed

Gretten gothgoblin på nye eventyr

Den snikande goblinen Styx er tilbake, og byr på glede og frustrasjon i like mengder.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Cyanide

At goblintjuven Styx skulle vere ein av tidlegare heltar som skulle dukke opp igjen i 2026, hadde eg ikkje trudd, men her er vi. Den gretne drapsmaskina må på nye eventyr, og for alle som har spelt dei tidlegare Styx-spela, er det ingen tvil om kva det betyr: sniking, dreping og mange bitre dødsfall.

Historia er det ikkje mykje å seie om. Styx har ein liten bande med snodige figurar han reiser rundt med i eit luftskip. Med skipet reiser dei til den eine staden etter den andre der Styx eine og aleine må snike seg inn, først og fremst for å finn den magiske kvartsen som gjev både Styx og verda rundt han mektige krefter.

Å navigere terrenget og kverke vakter kan vere god moro.
Øystein Furevik/Gamer.no

Du og skuggane

Styx: Blades of Greed er eit snikespel, det tredje i serien, og sniking er alt spelet handlar om. Styx er ein goblin, men ikkje ein sterk ein, og om du først blir oppdaga er det ikkje mange slaga som skal til før kroppen gir etter, og hovudet går på bærtur inn i dei evige jaktmarker.

Ditt viktigaste verkty for å overleve er ei herleg akrobatisk evne som lar Styx klarte langs bygningar og maskiner, og hoppe frå platå til platå. Verda i dette spelet, og då spesielt den vertikale byen The Wall, er forbløffande samankopla. Det finnest eit mylder av vegar å gå, og måtar å gå fram på. For å nå eine og same mål kan du godt mogleg prøve å ta livet av vaktene i vegen, eller du kan snike deg under borda, eller kanskje du kan snike deg opp skorsteinen og omgå alle saman.

Du er alltid best i skuggane, og så fort du blir oppdaga er det ein kamp om å få gøymt seg fort nok. Du kan alltids gøyme deg i skap, kister og tønner, men sjølv om fienden var i eit anna rom, er det alltid den staden du er akkurat no dei leitar først, og det er difor best å kome seg på god avstand.

Den kunstige intelligensen, om vi kan kalle den det, i dette spelet er banal, og noko som sender tankane tilbake til tidlegare konsollgenerasjonar.

Ein gong hadde eg drept fleire vakter i eit rom, noko som blei oppdaga av dei resterande vaktene som sprang i harnisk rundt i ring nokre gongar før alle unisont sa «Oh Well», gløymde sine døde kollegaer, og vandra gjennom dei som om dei ikkje var der.

Ein må alltid kvitte seg med beviset.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det blir litt for dumt

For å overleve i ei brutal verd har Styx ei rekke triks i ermet. Han kan lage og sende giftpiler mot fiendar, dirke opp dører, kaste flasker for å distrahere fiendar, eller bruke særare eigenskapar.

Som i tidlegare spel kan Styx hente fram ei klone av seg sjølv som kan fungere som lokkemat slik at du kan snike deg forbi fiendane. Det kanskje aller kulaste trikset Styx har er derimot evna til å ta over fiendar. Finn ei vakt, ta den over, og få den til å hoppe ut for balkongen. Eventuelt kan Styx teleportere seg til der den stakkars vakta er, noko som kan få han forbi mange elles utfordrande hindringar.

Det er mykje kult her, og spelet er som ei akrobatisk sandkasse der du har eit starpunkt og ein destinasjon, men vegen dit kan vere ulik kvar gong. Spesielt nokre timar ut i spelet når Styx får tak i ei gripeklo opnar spelet seg for alvor opp, og ein kan kome seg mykje raskare mellom dei ulike delane av eit område.

Om det er noko eg verkeleg saknar her, er det ei meir truverdig verd. Det ser bra ut, og er godt designa, men ingen bur her. Kvar du enn går er det utelukkande vakter og ein og annan arbeidar. Skal eg tru på at det ikkje bur vanlege folk i ein diger by?

Eg skulle og ynksje utviklarane hadde utvikla konseptet litt på dei ti åra som har gått sidan sist. Hinderet ditt er som regel vakter, og dei er uhyre rigide. Spelet legg opp til artige ting som aldri slår ut. Ja, du kan forgifte maten, men dei einaste som et av den maten er vaktene som er for sterke til at du kan drepe dei med snikeangrep. Det blir ikkje så mykje eit av fleire alternativ, som det einaste alternativet. Dessutan går alle vakter i dei same, korte mønstra, og etter ei stund blir det noko forutsigbart.

Dette spelet hadde hatt godt av noke veker til med polering.
Øystein Furevik/Gamer.no

Treng meir tid i omnen

Trass sine skavankar er Styx: Blades of Greed eit spel som for det meste byr på ei god oppleving. Det er absolutt utfordrande, men det er òg veldig moro å finne ein veg vidare som kanskje ikkje alltid ser ut til å vere tiltenkt. Eg blir stadig overraska over å finne ut at her har eg vore før, men kom dit frå ein heilt annan vinkel.

Mindre moro er det at spelet heilt openbert ikkje er heilt ferdig. Du vil først legge merke til det i filmsekvensane, der element poppar inn i kvart kutt, og det er uhyre distraherande. Kvar gong kameraet skiftar frå ein vinkel til ein annan, er det ei rekke element som i løpet av det første sekundet dett inn i biletet.

Vidare har eg møtt fleire tekniske feil, blant anna å setje meg fast i terrenget, eller at spelet utfører eit godt, gammaldags krasj.

Eg skulle òg ynskje spelet hadde ein betre autolagringsfunksjon. Styx: Blades of Greed lagrar berre på viktige punkt som at du har funne det du leitar etter. Utover det må du lagre sjølv. Det er lett gjort med eit trykk på styrestikka, men det er så lett gløymt i farta medan du klatrar langs brystvern og prøvar å halde deg i det skjulte. Det konstante behovet for å lagre dreg deg litt ut av opplevinga.

Slik kan det òg gjerast.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Styx: Blades of Greed er eit artig eventyr som byr på utfordrande sniking i vertikale område fulle av utfordringar. Det er mange moglegheiter her, og Styx har mange triks for å ikkje bli sett av vaktene, men det er vanskeleg å sleppe kjensla av at dette kunne ha vore så ufatteleg mykje betre.

Først har vi fiendane som over heile fjøla er komplette idiotar. Dei er meir som dominobrikker du må slå over ende utan at nokon ser du gjer det, enn reelle motstandarar. Klarar du å hive deg inn i skuggen ser fienden berre liket, skrikar og skrålar litt, og går tilbake til sitt, med liket framleis liggande i rommet. Har han derimot først sett deg, følgjer han etter uansett kor mange krikar og krokar du forsvinn inn i.

Det er greit. Eg kan slå av hjernen litt, og berre bryne meg på den utfordringa som faktisk er her. Den er hyggeleg nok, spesielt om du likte dei tidlegare spela, men med den fantastiske leikegrinda spelet byr på, skulle eg ynskje innmaten var litt meir forseggjort.

Styx: Blades of Greed er i sal for PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows 19. februar.

0
Styx: Blades of Greed
Spanande sniking med mange problem.

Siste fra forsiden