(Bilde: Bethesda)

Bethesda spelar opp til actionfest

I BattleCry blandast God of War med League of Legends i ei saleg blanding.

Om du likar å kveste folk på nettet, men ikkje heilt finn deg til rette i skytespel som Call of Duty-serien, eller MOBA-spel som League of Legends, kan kanskje BattleCry vere spelet for deg. Dette spelet blir utvikla av ferske BattleCry Studios, ei underavdeling av Bethesda Softworks.

I BattleCry vel utviklarane å gjere ting på sin eigen måte. I staden for å gjere som andre fleirspelarspel der du stort sett enten ser det heile ovanfrå eller i førsteperson, vil du i dette actionspelet sjå det heile i tredjeperson. Spelet som har blitt kunngjort i ei rykande fersk pressemelding vil hente inspirasjon frå actionspel som Devil May Cry- og God of War-spela, med det unntak av at det heile skjer på nettet.

Såleis ser det ut til at spelet vil minne meir om fleirspelarmodusen til God of War: Ascension, Platinum Games sitt Anarchy Reigns, samt moglegvis War of the Vikings frå svenske Paradox. Spelet vil la to lag på til saman 32 spelarar møtast til solide slag på ei rekke kart som pressemeldinga lovar vil leggje godt til rette for strategisk posisjonering og planlegging.

Spenstig framtidsvisjon

BattleCry byr på ein fargerik blodsprut.
BattleCry byr på ein fargerik blodsprut.

I BattleCry møter vi ei verd der velkjende våpen som brukar kular og krut har blitt bannlyste etter ein svært øydeleggjande verdskrig. Dette har resultert i at konflikter blir løyste i kamparenaer der to lag møtest for å ta knekken på kvarandre med enorme sverd, pil og boge, samt andre våpen godt eigna for brutale avrettingar.

Spelet nyttar ein ganske særeigen visuell stil, og vi møter ei verd som framstår som ei blanding av middelalder, western og steampunk.

Som mange andre spel no for tida vil BattleCry bli gratis å spele, noko som stort sett betyr at mikrotransaksjonar får ei rolle. Detaljar om dette har derimot ikkje Bethesda gått ut med enno.

BattleCry blir utvikla for PC, og vil gå ut i beta tidleg neste år. Noko lanseringsvindauge er ikkje stadfesta.

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen