Sniktitt King's Quest

(Bilde: Sierra)

Dette kan bli eventyrspelet vi har venta på

Etter mange vonde års fråvær er eventyrgudfaren tilbake.

LOS ANGELES (Gamer.no): Marknadsføring er rare greier. Med enkel klipping og liming kan scener frå eit spel framstå som noko heilt anna enn det vi har i vente. PR-teamet til Activision og nyoppliva Sierra fortener eigentleg litt ris på lanken. Før eg fekk sjå King's Quest i aksjon hadde eg bygd opp eit vagt bilete av eit spel med nok hopp, sprett og action til at det ville bli rimeleg langt frå dei klassiske eventyrspela som gav serien sitt namn.

Så feil kan ein ta. King's Quest er eit erketradisjonelt eventyrspel som er eit peik og klikk-eventyr i alt anna enn form. Nei, du får ikkje flytte ein musepeikar rundt på skjermen, men å flytte den unge Kong Graham rundt på skjermen gjer eigentleg den same nytta. Du går bort til ting, ser på dei, funderer litt over dei, og plukkar dei opp eller avviser dei som noko heilt unyttig. Akkurat slik vi er vande med, og vil ha det.

Med humor skal tida fordrivast

Kong Graham fortel bornebornet om sitt magiske liv.
Kong Graham fortel bornebornet om sitt magiske liv. Bilde: Sierra

King's Quest blir eit eventyrspel fortalt over fleire episodar, og den første vil bli lansert i slutten av juli. Det heile startar med at ein gammal Kong Graham fortel historier om sin ungdom til bornebornet Gwendolyn, og på denne måten får vi servert eit eventyr med ei forteljarstemme som heile tida kommenterer kva som skjer i spelet. Kong Graham blir spelt av erfarne Christopher Lloyd, og han gjer etter alt å døme ein eksemplarisk jobb. Det han fortel om sin ungdom, og det som hender på skjermen kan ofte vere to veldig forskjellige ting, og dette er rot til mykje av underhaldninga i spelet.

I løpet av vår tid med King's Quest blei det raskt tydeleg at dette vil bli eit uvanleg morosamt spel. Eg tok meg sjølv i å le høgt av fleire av tinga som skjedde på skjermen, ikkje minst grunna dei stadige kommentarane frå gamle Kong Graham. Om det så var unge Grahams overdrivne lange fall ned ein bakke, eller kommentarar som prøvar å bortforklare diverse flaue episodar på skjermen.

The Odd Gentlmen står for utviklinga av spelet, og dei har lagt inn enormt mykje heilt unødig innhald. Berre det å iherdig insistere på å gå feil veg om igjen og om igjen vil resultere i eigne sekvensar som vil få den tolmodige til å humre godt. Rundt omkring i eventyret vil du i tillegg finne lengre sekvensar og utfordringar du lett kan gå glipp av basert på kva du svarar i ei samtale, noko dansen til eit troll med bru på hovudet er eit godt døme på.

Val og konsekvensar har snike seg inn til å bli ein dominerande faktor i spelverda, og vi finn rikelege doser med dette i King's Quest òg. Spelet vil by på ei lang rekke utfordringar som kan løysast på meir enn ein måte, og kva du gjer kan ende opp med å gje deg ein av tre ulike sluttar.

Varsku her!
Varsku her! Bilde: Sierra

Eit eventyr av den gamle sorten

Vi fekk eit solid døme på valfridomen i det som var hovudfokuset i E3-presentasjonen. I King's Quest vil Graham bli med i ei riddarturnering, men vegen dit er svært vanskeleg. Omsider kjem han og resten av dei håpefulle fram til borga turneringa skal haldast i, men ei bru har kollapsa, og ingen kjem seg over til endestasjonen.

Her har Graham fleire moglegheiter. Han kan prøve å samarbeide med dei svært arrogante og vanskelege riddarane i ufordrageleg blanke rustningar, eller han kan gjere jobben sjølv. Å kome seg over til den andre sida er ein omstendeleg prosess som demonstrerer tydeleg at King's Quest er eit barn av eventyrspela frå 80- og 90-talet. Du får ikkje eit overdrive stort inventar å halde styr på, men i staden ei konsentrert samling med ting som har faktisk verdi, og utviklarane er tydelege på at dei vil løysingar skal vere logiske, sjølv om dei kan vere både komiske og absurde.

Etter at Graham omsider hadde kome seg over ved å bruke både tau, øks og bogeskyting, fekk vi demonstrert ein framgangsmåte som var langt enklare, og på grensa til det hånlege. Det var lite i demonstrasjonen som tyda på at spelaren sjølv vil merke noko til ulike moglegheiter, og spelet vil by på mykje innhald spelaren aldri vil sjå om han spelar gjennom berre ein gong.

 

For ein motbydeleg gjeng!
For ein motbydeleg gjeng! Bilde: Sierra

King's Quest ser svært lovande ut, og det er ikkje minst grunna den unike grafikken. Sjølv om utviklarane har valt ein 3D-motor i staden for å gå nostalgien i saumane med todimensjonale måleri som bakgrunnar, er spelet likevel på sett og vis handteikna. Utviklarane printa ut alle teksturkarta til alle 3D-modellane i spelet, målte teksturane med akvarell, skanna dei, og la dei inn igjen i spelet.

Resultatet er ganske spesielt, og tidvis veldig pent. Figurane i denne verda har diverre ein lei tendens til å skine litt vel mykje, og bryt såleis det mjuke inntrykket, men det er ikkje nok til å øydeleggje heilskapen.

Konklusjon

Om du likar eventyrspel har du all grunn til å sjå fram til King's Quest. Spelet ser ut til å vise dei klassiske spela frå fleire tiår tilbake mykje respekt, men maktar likevel å modernisere det på ein fornuftig måte. Med populariteten Telltale Games har bygd opp med sine episodiske eventyrspel, er det eigentleg på tide at nokon skikkelege konkurrentar dukkar opp. King's Quest er i så måte ein innlysande kandidat.

Av det vi har fått sjå ser King's Quest ut til å bli eit fargerikt, morosamt og utfordrande eventyspel som gjev oss det vi vil ha; solide utfordringar du må løyse med hjernen i staden for reaksjonsevna. Det eg fekk sjå var scener frå eit spel bada i personlegdom, og utvikla av folk med ein så stor kjærleik for serien at lyste frå auga deira.

Om King's Quest leverer det vi blir lova finn vi ut når første episode lanserast 29. juli.

King's Quest XOne

King's Quest X360

King's Quest PS4

King's Quest Windows

King's Quest PS3

King's Quest XOne XOne PS3 PS4 Windows X360

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. juli 2015
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Sierra Entertainment
  • Utvikler: The Odd Gentlemen

King's Quest X360 X360 PS3 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. juli 2015
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Sierra Entertainment
  • Utvikler: The Odd Gentlemen

King's Quest PS4 PS4 PS3 Windows X360 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. juli 2015
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Sierra Entertainment
  • Utvikler: The Odd Gentlemen

King's Quest Windows Windows PS3 PS4 X360 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. juli 2015
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Sierra Entertainment
  • Utvikler: The Odd Gentlemen

King's Quest PS3 PS3 PS4 Windows X360 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 29. juli 2015
  • Plattform: PlayStation 3
  • Utgiver: Sierra Entertainment
  • Utvikler: The Odd Gentlemen

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen