Guide

Nybegynnertips til Elden Ring

10 kjappe tips til deg som er rasande på Elden Ring

Me gir nokre spissa tips for korleis du kan gjere spelet litt enklare i dei første timane dine.

Elden Ring har tatt både kritikarane og spelarane med storm den siste veka, der meldar Andreas Bjørnbekk klinte til med ein tiar i vår omtale.

Dette er den første gongen FromSoftware prøver seg på ei open verd i Souls-serien, og dei har verkeleg slått på stormtromma når det gjeld omfang og presentasjon.

Det gjeld òg vanskegraden. Mange syns dette er det klart mest utfordrande spelet utviklaren har laga, og me har difor kokt i hop nokre kjappe tips til dei som syns oppoverbakken er litt vel bratt i starten.

FromSoftware's eigen «ring ein ven»-funksjon er tilbake no som du kan mane fram vener igjen, men det er langt ifrå den einaste måten du kan gjere opplevinga litt mindre frustrerande.

1. Ikkje ver redd for å hoppe over fiendar

Elden Ring sin opne verd legg opp for at du skal kunne kome tilbake til dei tøffaste fiendane når figuren din er meir kraftig. Til dømes er Tree Sentinel, den andre minisjefen du møter, svært vanskeleg.

Her er det greitt å ha 15–20 nivå under beltet før du prøver deg aleine. Mange av dei valfrie kampane gir få runer, og er slik sett berre vits i om du faktisk vil kjenne på meistringskjensla av å ta dei tidleg eller du vil ha gjenstanden dei gir frå seg.

Det er ikkje nødvendig å bli så sint at ein slenger kontrollaren i veggen – i alle fall ikkje heilt enno.

Dette gjeld like mykje dei «vanlege» fiendane på dei ulike bretta. Spring eller ri rett forbi dei. Du treng ikkje drepe dei om du berre vil vidare til neste sjefskamp.

2. Sank inn runer

Det er fleire stadar tidleg i Elden Ring der du kan samle inn svært mange runer på relativt kort tid. Viss du slenger deg på Torrent og rir eit stykke aust for Gatefront Ruins og Agheel Lake North-punkta, over brua, møter du eit reisefølgje med to kjempar og ein drøss med vandrande skjelett. Her kan du lett samle inn 3000 runer på kort tid med svake våpen, og byrje på nytt igjen takka vere eit Site of Grace rett over vegen.

Eit stykke aust for Stormhill Shack, på veg til Stormhill Castle, finn du Warmaster's Shack. Rett sør for dette er eit jorde med fem kjempar. Du får 1000 runer kvar for desse, og med eit litt kraftig våpen er det fort gjort å meie dei ned. Men desse er litt meir utfordrande enn dei første.

Den aller beste plassen å hauste runer på er i Greyoll's Dragonbarrow. Du kan kome deg hit ved å finne Third Church of Marika i Limgrave, og gå nokre meter nord til ein liten innsjø. Der finn du ein portal til Dragonbarrow. Spring unna den første minisjefen, og drep dei små fiendane for rundt 1000 runer kvar. Dei kjem sannsynlegvis til å drepe deg med eitt slag, men med enten å springe att og fram med eit stort våpen på Torrent, eller ved å snike deg rundt og stikke dei i ryggen, er dei enkle å drepe. Med litt trening samlar du fint inn 10 000 runer på fem minutt. Då er det berre å dra tilbake til Site of Grace nede ved brua og starte om att.

3. Dra til Murkwater Cave

Les også
Elden Ring-trailer avslører mer om spillets historie

Nordover, langs elva under brua aust for Agheel Lake North, finn du ei hóle det er verd å ta turen til. Eg skal ikkje avsløre kva du møter i enden, men det er gir deg eit svært kraftig, oppgradert våpen som gjer dei aller fleste fiendane dei første ti timane mykje enklare å handtere.

Dess tidlegare du drar dit, dess meir får du ut av våpenet – sett at du klarar kampane der.

4. Utforsk

Fridomen til å dra nett der du vil opnar for ein del moglegheiter. Det er enkelt å kome seg forbi langt meir kraftige fiendar så lenge du sit på Torrent, og ein ridetur i nokre minutt gir deg tilgang til gjenstandar som du ikkje ville fått før langt seinare i dei andre spela.

Ikkje ver redd for å køyre litt slalåm mellom kraftige fiendar for å plukke med deg nye våpen, oppgraderingar til Flask of Crimson Tears eller betre rustning. Det kan gjere møte med komande fiendar betydeleg enklare. Du kan lett ha flaska di oppgradert til 5–6 dosar etter ein halvtime på vegen. Berre leit etter dei små, lysande trea for Golden Seeds, medan kyrkjene har Sacred Tears for å auke kor mange helsepoeng kvar dose gir deg.

5. Bruk «Spirit Ashes»

«Spirit Ashes» er ein ny funksjon som lar deg mane fram allierte ved bruk av Focus Points. Du kan oppgradere styrken til desse etter kvart, og det er i praksis det same som å mane fram ikkje-spelande figurar til hjelp.

Me anbefaler Lone Wolf tidleg i spelet, som du får av Renna i Chuch of Elleh i Limgrave – rett bak Tree Sentinel. Desse gir fiendane dine tre nye mål, og er tidvis så effektive i sjefskampar at du kan fullstendig unngå skade. Nokre av hovudsjefane i spelet blir reine barnematen med ein oppgradert versjon av desse.

6. Finn våpenet som passar for deg

Kva som helst våpen i FromSoftware sine spel kan vere effektivt. Det handlar berre om å venne seg til spelestilen. Opplevinga av spelet vil òg bli kjekkare med ein gong du finn noko som er morosamt å spele med.

Etter kvart som du kjem lenger inn i spelet er det mange måtar å oppgradere våpen på, så det er greitt å avgrense seg til eit par heilt i starten. Dei aller fleste klassikarane frå Souls-universet er tilgjengeleg innan kort avstand frå Limgrave.

7. Bruk bogen din

Med ei open verd er det mange stadar der du enkelt kan få ned helsenivået til fiendane dine utan at dei ser deg i det heile. Bogen er slik sett eit effektivt verktøy for å gjere kampane dine lettare. Du får etter kvart eit enormt arsenal av ulike piler, og det gjeld å tenkje litt på kva type du skal bruke.

8. Bruk skjold

Skjold er ein annan måte du kan spare deg sjølv for svært mykje skade. Kjøpmannen bak Tree Sentinel har eit skjold som blokkerer 100 prosent av skade, og den nye counter-teknikken gjer at ein kan skade fiendane meir effektivt med bruk av blokkering enn før.

Det er sjølvsagt kjekkare å meistre fintene og rullinga, men skjoldet gir deg god trening.

9. Høyr og sjå

Elden Ring har, som alle dei andre spela i serien, ein del spesielle fiendar som gir deg gjenstandar og fleire runer. Høyrer du ei bjølle, er det sannsynlegvis ein skarabe i nærleiken med ny magi eller oppgraderingsgjenstandar. Ser du fiendar med glødande, gullfarga auge, har du moglegheit til å få ekstra mange runer.

10. Lær deg parering

Det er svært mange fiendar i Elden Ring som brukar våpen du kan parere. Timingen på parering er vanskeleg å få til, men når du får det inn i fingrane går det av seg sjølv.

Minisjefen i Stormhill Evergaol er eit godt utgangspunkt for å prøve ut ferdigheitene skikkeleg. Han er ein utfordrande motstandar viss ein berre rullar og brukar skjold, men blir med eitt svært enkel viss du kan parere jamleg.

Har du andre, kjappe tips? Del dei gjerne i kommentarfeltet.

Siste fra forsiden