Bli postbud i nytt zombiespel

Rollespelet Confederate Express tek ein interessant vri på zombiekonseptet.

Ein ny dag og eit nytt zombiespel. Av og til kan det verke slik, men sjølv om det er uhorveleg mange zombiespel på marknaden er dei ofte fulle av gode idear. Confederate Express er eit døme på dette. I spelet tek du på deg rolla som eit postbud, og gjennom spelet blir det din jobb å levere post til ulike mottakarar.

Utviklarane i Kilobite som for tida køyrer ein vellukka Kickstarter-kampanje for spelet fortel at Confederate Express vil by på unike opplevingar kvar gong. Når du har fått ei pakke som skal leverast vil spelet skru saman ei unik verd kvar gong. I denne verda vil du møte fiendar, finne nytt utstyr, og kanskje møte nokre sjefsfiendar.

Lekker pixelgrafikk

Solid pixelgrafikk i Confederate Express.

Confederate Express vil som mange andre indiespel bli presentert gjennom nostalgisk pixelgrafikk. I tillegg til ein smart stil har utviklarane skrudd i hop ein grafikkmotor som leverer overbevisande lyseffekter sjølv om spelet er heilt og fullt i to dimensjonar.

I den post-apokalyptiske pixelverda vil du kunne ta med deg eit følgje for å klare oppdraga betre. Blant dei ulike karakterane du kan putte inn i gruppa di finn vi alt frå ingeniørar til legar, og alle vil gå opp i erfaringsnivå etter kvart som du fullfører oppdrag.

Å velje riktig gjeng vil bil viktig, for pakkar av ulike storleik vil by på forskjellige utfordringar. Å ta med seg ein liten konvolutt er noko heilt anna enn å transportere store kassar. For å sikre seg i prekære situasjonar vil du kunne skru saman dine eigne våpen med gjenstandar du finn rundt omkring i spelet.

Eit solid arsenal kan kome godt med i kampen mot zombier, robotar, opprørarar og soldatar, for når du først døyr i Confederate Express er det permanent.

Les også: Nazi-zombiene angriper igjen
Les også: Anmeldelse: ZombiU

Siste fra forsiden