Fractured Blooms

– Doki Doki Literature Club møter Silent Hill

Geoff Keighley er gira. Er du?

Innsalet under Summer Game Fest er jo nok til å pirre interessa.

I traileren til spelet Fractured Blooms er det openbert noko som ikkje er heilt som det skal, og noko uhumsk luskar under overflata av den rolege gardsidyllen.

Eitt eller anna er svoltent etter å ete noko, sannsynlegvis deg. Fractured Blooms er skildra som ein «livssimulator» der éin dag blir gjentatt om og om igjen – samtidig som noko veks fram.

Spelet er visstnok inspirert av ei sann historie.

Det er den amerikanske utviklaren Serenity Forge som står bak spelet.

Ein kan ønskeliste det på Steam, men lanseringsdatoen er foreløpig ukjend.

Les fleire Summer Game Fest-nyheiter »

Siste fra forsiden