Anmeldelse

Bramble: The Mountain King

Eit brutalt eventyr

Tussar, troll og nøkken sjølv er blant hovudpersonane i dette uvanlege eventyret.

Ambisjonane er høgre enn evna til å levere når svenske Dimfrost presenterer si forteljing inspirert av nordisk folketru. Eller, forteljing er kanskje feil ord. Dette er meir som eit eskalerande mareritt som startar i det sju år gamle Olle vaknar midt på natta og ikkje finn systera si Tuva. Han undersøker rommet, ser veggen der dei måler kor høge dei er, men finn ingen livsteikn. Han ser ut det opne vindauget, og finn eit provisorisk tau laga av laken hengande frå karmen.

Redd for si syster klatrar han ut og inn i natta. Lita anar han, og vi, om kva som ventar. Han rotar seg inn i ei fantasifull verd der han brått er på storleik med tommeliten, og han hoppar på soppar, møter ei diger padde og leiakr gøymsel med små tussar. På leikent vis blir spelaren gradvis kjend med dei enkle, men noko skranglete kontrollane, og om ein ikkje tek åtvaringa i starten av spelet, kan ein nesten narre seg til å tru dette spelet er laga for små, små ungar.

Spelet som ville

Alt klart for spelets første plattformsekvens.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kjensla eg sit igjen med etter å ha spelt Bramble: The Mountain King er mykje den same som eg hadde etter spel som Limbo, Brothers: A Tale of Two Sons og A Plague Tale: Innocense. Eg kjenner på at eg har vore gjennom noko. Eg har fått meg ei oppleving eg trur eg vil hugse lenge, og eg synest det er forbanna tøft og modig det Dimfrost har gjort.

Bramble er derimot ikkje i same liga som desse andre spela, langt der i frå, men det prøvar å gjere mykje av det same. Det prøvar å fortelje noko anna enn ei typisk historie om helten som drep skurken, og mange av tinga det prøvar på er svært vellukka. Historia er av mangel på betre ord vanvittig. Den er brutal, nådelaus, og den skyr ingen middel for å formidle sitt poeng. Det er scener i dette spelet mange vil finne svært utrivelege.

Og poenget? Verda er ein brutal stad. Den vil tygge deg opp og spytte deg ut. Det er i alle fall det eg sit igjen med etter dei omlag fem timane denne reisa tok. Det er vanskeleg å seie for mykje om kva som skjer, for det vil spolere heile spelet, men det er ei reise som hentar enormt med inspirasjon frå nordisk folketru. Vi møter kjende og til dels kjære skapningar vi alle har høyrt om, enten som små hjelparar eller store motstandarar.

Suksessen til Bramble er korleis spelet vevar desse mytologiske skapningane inn i eit verdsbilete. Skiljet mellom kor vidt dei er reelle skapningar eller personifiseringa av jævelskapen folk før i tida måtte stri med er diffust. Sikkert er det i alle fall at det er ein grunn til at folk byrja å koke saman skapningar som nøkken, pesta og dovregubben.

Bramble: The Mountain King leikar seg med desse grunnane, og det med stor suksess.

Det er frykteleg søtt til tider.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ikkje heilt i mål

Bramble gjer mykje riktig, men det gjer og mykje feil. Eg får eit inntrykk av at utviklarane har mangla ein tydeleg visjon for kva spel dette skulle vere reint spelmekanisk. Forteljinga er mektig, det er alt det andre som slit i oppoverbakke.

I starten framstår Bramble mest som eit lettbeint plattformeventyr der du hoppar på soppar og jagar etter små konglemenn. Andre gongar er det nesten som eit peik og klikk-eventyr der du må finne eitt og anna spor som viser vegen, før du brått endar opp i ein kamp og må meistre eit kampsystem du ikkje visste var der før du brått må ta det i bruk.

Kontrollane er for upresise, presisjonen for dårleg, responsen for treg. Spesielt i ein sekvens der du må springe unna dalande steinar vella frustrasjonen opp i meg. Korleis skal eg kunne gjere dette skikkeleg når Olle reagerer for tregt, spring for tregt, og skuggen som viser kvar steinen vil falle i tillegg byrjar å hoppe etter meg? Det er mykje sånt. Små ting som hadde passert som ein liten irritasjon om det skjedde berre ein gong, men som blir eit problem fordi det er for mykje av det.

Konsekvensen er at spelet mekanisk sett gjer veldig lite veldig bra, men mykje sånn passe bra. Eventuelt dreg det berre ut i det uendelege. Å møte Nøkken og Huldra i dette spelet vil for meg stå som to av årets definitive høgdepunkt på spelfronten. Å møte pesta er derimot eit prakteksempel i å hale ein kjip sekvens ut til den går langt over smertegrensa.

Årets høgdepunkt.
Øystein Furevik/Gamer.no

Suveren stemning

Dei sekvensane av spelet som er best, er dei der du eigentleg gjer minst. Du berre vandrar gjennom områda og tek inn korleis spelet fortel ei historie ved å la det visuelle utfalde seg medan glitrande, trolsk musikk sig ut av høgtalarane. Denne musikken fortel ei historie i seg sjølv, der den blandar inn kjende folkemelodiar, nordiske instrument, og går frå sårt og fagert den eine stunda, til stort, farleg og dramatisk den neste.

Mellom slaga kjem ei forteljarstemme og fyller inn tomromma, fortel kva Olle tenkjer, og driv deg vidare.

Det er eit vakkert spel med stor visuell variasjon og svært effektive verkemiddel. Frå dei solbada skogane med høgt gras og enda høgre soppar, til mørke og dystre sumpområde fulle av trugslar, passar spelet heile tida på å setje i den rette stemninga. Mykje av jobben her blir gjort ved smart bruk av låste kameravinklar som oppnår alt frå å vise kor liten Olle er i denne verda, til å komponere det du ser på skjermen på ein så meisterleg måte at ein er freista til å henge heile greia opp på veggen.

Jøss, dette tok ei mørk vending gitt!
Øystein Furevik/Gamer.no

Diverre har den jamt over strålande visuelle presentasjonen òg eit par riper i lakken. Spesielt gjeld dette Olle sjølv. Han framstår meir som ei buktalardokke enn som eit levande born. Stiv i andletet, og animert som ei marionettdokke der han spring over landskapet som Titten Tei. Det er litt vanskeleg å kjøpe at dette er eit born når det er så stivt. Med litt meir fokus på på å vekke den essensielle hovudpersonen til live, hadde mykje vore gjort.

Konklusjon

Ein audiens hos Kong Padde.
Øystein Furevik/Gamer.no

Bramble: The Mountain King er eit unikt og annleis spel som vågar å gå sin eigen veg. Det fortel ei historie sterkt inspirert av nordiske sagn og folketru, og dreg desse skapningane inn i spelverda på ein måte eg aldri har sett før, men gjerne gjer det igjen. Det er mykje her som er direkte mektig, imponerande og ikkje minst inspirerande. Det er enormt med potensiale i gammal folketru, og eg håpar verkeleg dette berre er startpunktet for meir trolsk underhaldning.

Samstundes viser Bramble korleis spel kan vere så mykje. Her får vi gjennom eit spel oppleve eit mareritt av dei sjeldne. Det er mørkt, dystert, men likevel fullt av håp, og det er ei oppleving eg vil hugse.

Diverre er det ikkje eit spel som briljerer med solide mekanikkar og suverent gameplay. Det er keitete, stivt og fullt av gode idear som ikkje alltid er like godt gjennomførte. Nokre gongar treff Dimfrost blink så det syng, og spesielt musikken i dette spelet er heilt fantastisk, men jamt over manglar Bramble: The Mountain King den ekstra finpussen som må til for å skape dei beste spelopplevingane.

Bramble: The Mountain King er tilgjengeleg på Nintendo Switch, PlayStation 4, PlayStation 5 (testa), Xbox One, Xbox Series X/S og Windows.

7
/10
Bramble: The Mountain King
Ei mektig oppleving som er langt frå feilfri.

Siste fra forsiden