Feature

Armored Core VI – PC

Har FromSoftware endeleg tatt til fornuft?

Armored Core VI tenner eit lite håp for at japanarane opnar augo for PC-spelarar.

Bandai Namco

FromSoftware har lenge vore ein dinosaur i PC-marknaden. Utviklaren har på ein måte vore datamaskinens Nintendo; dei leverer fantastiske spel på rekkje og rad, men dei bryr seg null om den tekniske opplevinga.

Dei siste åra har alt av PC-spel i Souls-serien vore låst til 60 bilete i sekundet. Tidlegare spel har vore avgrensa til 30. Det har vore syltynt med innstillingsalternativ, og fleire av spela har vore svakt optimalisert ved lansering.

Armored Core VI ser ut til å vere eit aldri så lite vendepunkt. Du kan omtrent køyre det nye FromSoftware-spelet på ein kalkulator, og endeleg har dei opna for meir enn 60 bilete i sekundet.

Rett nok er du låst til enten 90 eller 120, men det er eit lite steg på rett veg. Spelet har til òg med fått støtte for 21:9-oppløysing.

God yting

Det er elleve år sidan førre Armored Core. Denne gongen trer du inn i ein kamprobot på planeten Rubicon 3, og jobbar som leigesoldat for den som kan betale mest.

Spelet har fått svært gode kritikkar den siste veka. Vår meldar var imponert, men syns ikkje verda og handlinga klarar å engasjere like mykje som FromSoftware sine andre spel.

GREITT UTVAL: FromSoftware sine spel har fått litt fleire alternativ i grafikkmenyen, men dei har mykje å lære om å lage PC-versjonar enno.

Me drog fram vår trufaste RTX 4090 for å teste dei tekniske sidene av spelet.

FromSoftware anbefaler eit GTX 1060 eller Radeon RX 590 for å spele, så det skal ikkje veldig mykje til for å få greie resultat.

4090en ligg på 120 bilete i sekundet i snitt, uansett oppløysing og innstilling.

Symbolsk strålesporing

Sjølv i 4K med strålesporing droppar spelet sjeldan under 120 bilete i sekundet.

Eg stussa først litt over at strålesporinga ikkje ser ut til å gjere noko som helst forskjell, men det viser seg at effekten berre gjeld i garasjen, altså lobbyen i spelet.

Det er eit veldig merkeleg grep. Elden Ring fekk strålesporing før sommaren, så det kan hende utviklaren jobbar med å implementere det i resten av spelet.

NULL STRÅLESPORING: Armored Core VI har berre strålesporing i garasjen der du melder deg på oppdrag. Ikkje som her i sjølve spelet, altså.

Me må i alle fall ha betydeleg svakare maskinvare for å sende biletefrekvensen ned på ubehageleg nivå.

Eg pjåta inni eit Nvidia RTX 3060 8 GB i maskinen for å prøve. I 1080p ligg snittet på 90 bilete i sekundet, i 1440p får me 67 i snitt og i 4K hamnar me på 39 i snitt med alt på maks.

Ikkje gale for eit to år gammalt budsjettkort. Ein kan enkelt auke biletefrekvensen drastisk med å skru ned innstillingane nokre hakk.

Enkelt å auke ytinga

Så må det seiast at kvaliteten på grafikken ikkje er kjempeimponerande for å vere eit 2023-spel, men FromSoftware har alltid lagt meir vekt på den visuelle stilen enn fotorealisme. Det gjer dei her òg.

Sjølve innstillingsmenyen er ikkje veldig mykje meir omfattande enn i Elden Ring, men du har litt å leike med.

Djupneskarpleik, volumetrisk skodde og skuggenivå er innstillingar som har relativt liten effekt på utsjånaden til spelet, men som er krevjande for skjermkortet. Her kan du hente nokre ekstra bilete i sekundet om du treng.

På visse stadar fekk RTX 3060en opptil 15 prosent høgare yting ved å skru volumetrisk skodde frå høgaste nivå til «medium».

Det er relativt små forskjellar på tvers av innstillingsnivåa. Sjølv skilnaden mellom det lågaste og høgaste innstillingsnivået er minimal.

Lite trøbbel

Eg opplevde at spelet krasja éin gong dei første to timane, men elles har det ikkje vore noko trøbbel.

Ein rask kikk på sosiale medium og foruma til spelet viser at det er nokre få som slit med krasjing elles.

Nokon peikar på at det kan hjelpe å låse spelet til 60 bilete i sekundet, andre skriv at det hjelper å køyre spelet i kompatibilitetsmodus for Windows 10 eller tidlegare.

LYSSTRÅLAR: Dette er det einaste du får sjå av strålesporing i spelet.

Det einaste irritasjonsmomentet elles, er at kantutjamninga ikkje er spesielt god. Eg ser klart og tydeleg at kantar er hakkete på nært hald, men det er strengt tatt ein bagatell.

Det er uansett ikkje nemneverdig forskjell på ytinga mellom «low» og «maximum» for kantutjamninga, så ein kan like godt ha ho på høgaste nivå.

Konklusjon

Armored Core IV er godt optimalisert, og spelet køyrer stabilt. Det er eit pluss i boka at FromSoftware gjer opplevinga på PC litt betre med å opne for 120 bilete i sekundet, men dei har ein del å gå på.

Me saknar til dømes ulåst biletefrekvens, justeringsalternativ for synsvinkel, oppskaleringsteknikkar, betre moglegheiter for å endre knappar og ein meir detaljert grafikkmeny.

Det er heldigvis ingen grunnar til å halde seg unna Armored Core VI på PC, men me skulle berre ønske at FromSoftware la litt meir sjel i PC-versjonane sine.

Siste fra forsiden