Eksklusive spel til Virtual Console

Wii si retroteneste Virtual Console blir utvida med heilt nye spel.

Eurogamer fortel at Nintendo vil selje nye eksklusive, skreddarsydde spel for Virtual Console. Dei nye spela vil gå under namnet WiiWare. Du vil kunne kjøpe dei med Wii Points, og laste dei ned direkte, på same måte som andre spel på Virtual Console.

Tidlegare denne veka hadde Nintendo ein konferanse for utviklarar. På denne konferansen blei utviklarane informerte om at Nintendo er på jakt etter spel til den nye tenesta. I tillegg til spel frå etablerte utviklarar, er Nintendo på jakt etter titlar frå uavhengige selskap.

Nintendo vil sjekke kor godt spela fungerar, og om dei har tekniske feil. I tillegg vil dei bestemme prisen på spela. Utover det ligg alt i hendene til utgjevarane, som òg får ansvaret for å aldersmerke spela. Ingen "Adults Only"-spel vil bli tillete.

Dei første WiiWare-spela vil dukke opp neste år.

Siste fra forsiden