Sniktitt

Elveon

Slovakia er kanskje ikkje eit land som er godt kjent for spelproduksjon, men det kan raskt kome til å forandre seg med Elveon.

Kor mange gongar har du kome i kontakt med eit fantasy-univers der alvane si tid snart er over? Har du nokon gong undra deg over kvifor det alltid er slik? Har du kanskje hatt eit svakt håp om at det ein gong skulle dukke opp eit univers som ikkje set alvar til ein rase som forsvinn frå jorda, i det menneska overtar?

Sei hallo til Elveon, eit action-rollespel frå slovakiske 10Tacle Studios. I ei verd satt mange millennia før så og sei alle andre spel som inneheld alvar, får vi møte ei verd der vi ser alvane som den regjerande rasen. Vi får oppleve ei verd der hovudvekta ligg på alvar og gudar, og det heile blir presentert ved hjelp av Epic Games sin Unreal 3-motor.

Dynamiske kampar

Elveon er eit action-rollespel som legg stor vekt på kamp. Vi snakkar ikkje om å trykke inn knappar i det høgste tempoet fingrane dine er i stand til utan å kreve legesjekk, men taktisk kamp der du må tenke over kva du gjer. 10Tacle jobbar med eit system der kvar handling du gjer er ein reaksjon på det du ser på skjermen, og der det ikkje er nok å slå to slag mot fienden for at han skal falle død om. Ein legg raskt merke til at kampane varar litt lengre her ein kva ein er vand med. Dei forskjellige fiendane du møter har forskjellige måtar å angripe deg på. Nokre vil gå på med alt dei har, medan andre vil sirkle rundt deg, på jakt etter ei åpning. Dette er ikkje noko som varierar frå rase til rase, men frå person til person.

Designer for Elveon, Slavo Hazucha geleida oss gjennom fleire forskjellige kampsituasjonar, og demonstrerte korleis du kan ta fatt på ein kamp. Å blokkere slag er veldig viktig. Det er positivt å sjå at det ser ut til at du har tid til å reagere. Du ser når eit slag kjem, og du er i stand til å sjå når du bør blokkere. Ved å spele smart, kan du gå frå å blokkere eit slag, til å gå ut i ein kraftig kombo. Du kan også tråkke til sida for å unngå eit angrep, noko som gjer fienden sårbar for motangrep. Eit komboangrep vil også kunne bryte gjennom blokkerande forsvar. Her kjem også fysikk inn I biletet. Til dømes er det full kollisjon på våpen, slik at du merkar det om dei kjem I kontakt med kvarandre.

Det er tre forskjellige typar våpen i Elveon, og det er desse som definerar rollespel-elementa. For nærkamp finn du spyd, sverd og knivar, men du har også tilgang på boge. I løpet av spelet vil du få anledning til å bli betre i våpen, og du kan velje å spesialisere deg i ein type, eller bli betre i alle. Om du vel å spesialisere deg, vil dette samtidig bety at du ikkje blir spesielt god i dei andre våpena. Kvart våpen tilhøyrer ein religion, og for å bli betre med eit våpen kan du snakke med folk som tilhøyrer våpenet sin religion. Før du blir betre vil du få spele som ein gud, hvor du opplever bakgrunnsinformasjon om verda. Slavo fortalte oss at dei ikkje ville lage eit spel der historia blir fortalt utan at du deltar. Desse delane av spelet vil la deg prøve nye ferdigheiter du kan få seinare.

Ei vakker verd

Som nemnt utnyttar Elveon Unreal 3-motoren, men 10Tacle har gjort forandringar på den for å få fram verda si betre. I Elveon finn du vakre skogar som rivaliserar dei vi finn i Oblivion. Teknologien Bethesda har brukt for å skape skogane i Oblivion, finn vi og i Elveon, men i følge Slavo var ikkje dette nok. SpeedTree-teknologien, som skapar store og realistiske skogar, har kun blitt brukt i toppen av trea. For å skape meir truverdig natur, har trestammane blitt modellert individuelt, og resultatet er merkbart. Dette, saman med nokre spektakulære væreffekter, skapar ei stemning det er vanskeleg å beskrive.

Det første inntrykket av dette værsystemet kom då Slavo sprang rundt i ein skog medan det regna. Brått la eg merke til sollys som traff delar av ein stein, og Slavo kunne forklare at været skiftar dynamisk, og kan gå frå regn til sol. Eit anna eksempel kom i form av ein kamp på ei stor steinbru. Ein kunne sjå skuggane av dei to kamphanane, men i det sola glei fram frå ei sky, blei dei bada i sterkt sollys. Det er ei effekt du ikkje ser så ofte. Når du til dømes ser kvart løv på eit tre bryte solstrålane, blir du imponert.

Det vi har fått sett av Elveon til no gir absolutt meirsmak. Det er eit action-rollespel som gjer ting på sin eigen måte, i eit univers sterkt inspirert av blant anna Tolkien. Spelet er veldig åpent, så avhengig av kor mykje du vil ha med deg av spelet, skal det kunne halde deg gåande i mellom tjue og førti timar. Om spelet blir like bra som det vi har fått sett, har du absolutt all grunn til å glede deg. Elveon kjem til Xbox 360 og PC.

Siste fra forsiden