Kommentar

Call of Duty: Black Ops 4 på PC

Er Treyarch redd for at folk skal ha for mykje moro?

Utviklaren er for treig på avtrekkaren med innhald som burde vore til stades ved slepp.

Døra knirkar open. Eg blir møtt av eit fargehav, den rå lufta stikk i nasen. Vinden snappar med seg lauv, og dei dalar ned mot bakken som snøfnugg. Oransje. Gule. Brune. Grøne. Naturen har liksom ikkje heilt klart å bestemme seg kva farge dei skal vere.

Hausten er komen. Her på Jæren betyr det dogg på graset, fallande temperaturar og ulande vindkast med sidelengs regn. Men det betyr òg at me ønskjer velkomen lyden av peprande maskingevær og tornande skarpskyttarrifler.

Sesongen for dei store skytespela er på plass.

Call of Duty har sparka det heile i gang med eit brak. Blackout har sikra salsrekordar for serien, og utgivar Activision melder om dobling av det digitale førstedagssalet frå i fjor på PC.

Sjølv har eg brukt helga limt til stolen min. Olbogane er såre frå tida på armlenet, fingrane verker, augo raudsprengte. Det er smerte, men god smerte. Teikn på dei nesten tjue timane eg har klokka inn i det nye Call of Duty-spelet saman med venene mine på nokre få dagar.

Det å springe rundt med dei latterleg ubalanserte maskinpistolane og plaffe ned 60-70 fiendar i løpet av ein kamp er ekstremt god underhaldning. Å kome tilbake til eit spel der ein enkeltperson kan bere eit heilt lag på skuldrene, gjere alt sjølv og verkeleg få noko ut av det, er forfriskande. Der spel som Overwatch og Battlefield lønar lagspel og har kutta ned på potensial til solo-«carry», kan éin spelar snu kampane på eigenhand i Call of Duty om ein berre er dyktig nok. Får du til det, ventar ei godkjensle som få andre spel kan produsere.

LES OGSÅ: Pass deg PUBG, ein ny utfordrar er her »

På tide at spelserien lever opp til potensialet sitt

Men så er det ein del ting som skurrar med Black Ops 4. Ting som burde vore fiksa for mange år sidan. Årets retur til slagmarka skil seg ut med Blackout og Specialist HQ – ei miniatyrutgåve av einspelaren – men er elles ein tilnærma karbonkopi av Black Ops 3. Anna enn nokre nye våpen og Operators, kutt av regenererande helse og ei handfull middelmåtige kart har me sett det meste før.

Lagkompensasjon øydelegg serverane, det finst ingen modifikasjonsverktøy, det er ingen Ground War-modus, ingen moglegheiter til å sette opp eigen dedikert server, ingen småkart for å spele 1-mot-1 mot vener før uti november, ingen modus for rangert spel ved slepp. Det heile verkar som ein billig versjon av dei gamle spela. Spelet byr på haugevis av moro, ja, men det kunne vore så mykje meir. Og det med enkle grep. Grep som me gong på gong peikar på, år etter år, utan at noko skjer.

Skytekjensla er på topp i nye Black Ops, men det er ein del manglar som hindrar spelet i å nå nivået til dei eldre spela.
Activision

Treyarch har vore frampå med arbeidet med spelsamfunnet i haust, og har fokusert på å høyre kva spelarane seier, kva dei vil, kva dei meiner – i alle fall når det kjem til Battle Royale-modusen. Den vanlege fleirspelaren er det verre med. Her er det langt mellom nyvinningane. Anna enn at dei har fjerna sjansen til å springe langs veggar og fly med rakettstøvlar, er endringane få. Ser ein vekk frå Blackout, kunne spelet like godt vore kalla Black Ops 3.5.

Det er eigentleg veldig synd. Kjerneopplevinga her er botnsolid, og har potensial til å bli noko stort. Ein ny klassikar. Dessverre blir det heller slik at utviklarane legg opp til at spelaren skal kjøpe nytt Call of Duty kvar haust, i staden for at dei tar eit års pause og lagar noko som overlever i meir enn ein månad eller to. Noko fleirspelaren knapt har gjort dei siste åra. Etter kvart forstår folk kor lite djupne det er i opplevinga, og går vidare. Men så slår det meg at dei heller ikkje treng å tenkje nytt for å matche klassikarar som Call of Duty 2. Utviklarane må heller vende blikket bakover.

Sjå mot fortida

Les også
Rykter hevder at neste års Call of Duty blir en «reboot» av Black Ops

Det er sjølvsagt irriterande når folk seier at alt var betre før. Jepp. Men eg seier det likevel. Call of Duty var betre før. I alle fall når det kjem til innhald. Ein fekk rett og slett langt meir for pengane i den vanlege fleirspelaren.

Me treng ikkje skru tilbake klokka meir enn nokre få år for å ha den faste Ground War-modusen, der me spelte 9-mot-9 på eitt kart. «Spawn»-systema i Call of Duty har alltid vore bås, men det er ein del av sjarmen. Det handlar om å lære seg kvar fiendane kjem til å stå opp frå dei døde, og spraye dei ned i same sekund. Lite kjekt for dei, veldig kjekt for oss.

Servernettlesaren må vere på plass frå slepp, elles blir det for seint - slik som skjedde i Black Ops 3 (bilete frå Modern Warfare på PC).
GameReplays

Og kva med dei gamle PC-versjonane der ein kan ha femti mann på same server? Kvifor er det framleis folk som speler dei spela? Jo, fordi dei er sinnsjukt morosame. Det kaoset ein får oppleve av å kjempe mot tjuefem fiendar på eit knøtlite kart som Shipment er vakkert. Eminent underhaldning er det òg.

Treyarch og Beenox har sagt at årets Call of Duty er laga for PC-spelarane. Så kvifor ikkje gi oss litt meir fridom til å skape vår eigen moro? For det er nettopp det Call of Duty handlar om på PC. Det var innhaldet spelarane lagde som gjorde fleirspelaren i Call of Duty 4: Modern Warfare eksepsjonell, ved hjelp av konkurransemodusar, modererte serverar og modifikasjonar.

Hadde det vore likskap mellom plattformene som var grunnen til at dette ikkje skjer så kunne eg forstått det, men dei har til og med tatt vekk Ground War frå konsollversjonane. Det fattar eg i alle fall ikkje. Blir det som i fjor, så vil den store modusen kome i tidsavgrensa periodar, noko som er total dumskap.

At karta er for små for fleire spelarar er heller ikkje ei gyldig forklaring. Dei fungerer heilt fint. Klarar me å få femti mann inn på spelseriens minste kart, klarar me atten stykk på dei svære karta i Black Ops 4. Nokre av dei er såpass store at ein er avhengig av flaks for å vinne rundar i «free for all»-modusen, for det tar så lang tid å finne fiendar.

Tomme lovnadar

Call of Duty sel ekstremt godt, og kjem sikkert alltid til å gjere det. Eg er sikker på at Call of Duty: Modern Warfare 57 vil vere ein slager når det kjem i 2082. Likevel må det vere lov å seie at ein er lei av at Activision lovar gull og grøne skogar, og serverer oss gråstein i staden. Salstal er nemleg langt frå den fremste indikatoren på kvalitet.

Det dedikerte serversystemet gjer at me endeleg slepp å sjå denne beskjeden, men den aggressive kompensasjonen for forseinking legg ein dempar på moroa.
Call of Duty Wiki

Sjølv om Treyarch har gått vekk frå «listen-server»-modellen som alle spela sidan Modern Warfare 2 har brukt, med alt av vertsmigrasjon og vertsfordelar det tar med seg, er serversystemet slik det er no, milevis unna andre konkurranseskytespel som Counter-Strike og Overwatch. Med ein «tick rate» på mellom 10 og 20 hertz på Blackout, er Battle Royale-modusen fullstendig ubrukeleg til e-sport. Den vanlege fleirspelaren hadde i det minste skrudd opp dette til 62 hertz, men på grunn av ein heftig kompensasjon for forseinking, blir eg ofte skoten rundt hjørne. Det er slike ting som gjer at ein får veldig lyst til å smelle knyttneven i tastaturet. I etterkant av beta-testen har visst fleirspelaren òg blitt justert til 20 hertz, av ein eller anna grunn.

Det hjelper heller ikkje at spelet har flust med problem med krasjing for mange, og at dei framleis ikkje har fjerna systemet med NAT-type. Eg hugsar kor mykje det irriterte meg då eg prøvde å spele med vener i Modern Warfare 2. Det er ni år sidan no. Kanskje på tide å gjere noko med dette?

Gi oss moglegheita til å sette opp eigne serverar med høgare frekvens, så vipps, er ein stor del av problema med serversystemet vekke. Det kostar neppe mykje i arbeidstid for utviklarane, og det sparar oss ufatteleg mykje frustrasjon. Nettkoden må framleis pussast på, men utgangspunktet blir eit heilt anna. Lagkompensasjon kan ein alltids fjerne. Og når ein først er i gang; lèt oss velje kor mange spelarar me vil ha på denne serveren. I det heile vil ein servernettlesar styrt av spelarane fikse mesteparten av problema Call of Duty står ovanfor. Treyarch og Beenox må berre vere mykje kjappare på å implementere slikt.

Gi oss makta tilbake

Det er trist at det alltid skal ta så lang tid å fikse dette. Dei gongane det har kome modifikasjonsverktøy til Call of Duty dei siste åra, har det skjedd lenge etter lanseringa. Då er spela stort sett døde. Dette er ein tendens ein ser igjen med endringar til mange storspel (til dømes PlayerUnknown's Battlegrounds), mens nokre få, som Rainbow Six Siege, har klart å vekse over fleire år ved satsing på «spel som teneste»-modellen – noko ein strengt tatt gjere for å halde liv i ein Battle Royale-modus.

Trur eg at me faktisk kjem til å få servernettlesar til Black Ops 4 med det første? Nei. Eg trur heller ikkje at den vanlege fleirspelaren kjem til å leve spesielt lenge, nettopp på grunn av mangelen på dette. Men det må vere lov å håpe. Grunnlaget for eit glimrande spel luskar i periferien for Call of Duty: Black Ops 4. Arbeidet som skal inn for å skape dette, ligg stort sett i hendene på spelaren. Me må berre få verktøya til å kunne gjere det. Det er på tide at utviklarane høyrer på oss viss dei faktisk vil få innpass på PC-marknaden. Den vanlege fleirspelaren vil aldri få status som eit skikkeleg PC-spel med mindre me får ha meir av kontrollen. Desse tinga vere på plass frå slepp slik at spelet har tid til å vokse.

Galactic Warfare-modifikasjonen til Call of Duty: Modern Warfare 4 er ei av dei mange flotte opplevingane som har kome ut av modifikasjonssamfunnet.
MoDDB

I dei fire første Call of Duty-spela var det på PC spelet verkeleg utmerka seg. Årets innslag i mastodontserien har potensial til å leve opp til desse klassiske titlane, om utviklarane berre strekkjer seg litt lengre. Det kunne vore så mykje meir enn det er no.

Eg er stort sett einig i den karakteren kollegaen min har satt på spelet, men eg sit med ein bitter smak i munnen når eg veit kor lite som skal til for å gjere det monaleg betre. Det verkar litt som om utviklarane på prinsipp nektar å låse opp det siste av potensial serien har, berre for å hindre at PC-spelarane skal ha det meir moro enn andre.

Eg saknar serverane med zombiemodus og femti ulike «killstreaks», eg saknar Star Wars-modusen, eg saknar skarpskyttarlobbyar med plass til femti mann, eg saknar ProMod – modifikasjonen som la bruer mellom Call of Duty og spel som Counter-Strike. Alt dette kan me få igjen. Om me berre får lov til å skape det.

Siste fra forsiden