Er betalte modifikasjonar på veg tilbake til Skyrim og Fallout 4?

Bethesdas Creation Club får pepper etter E3-visning.

Valve skapte stor debatt i 2015 då dei fortalde at Steam ville innføre betaling for modifikasjonar til Skyrim. Det verkar som at dette er på veg tilbake, med det nyleg annonserte Creation Club. Utviklaren skal lage ein ny plattform for modifikasjonar, som er laga i samarbeid med Bethesda sjølv. Her vil det vere mogleg å bruke «credits» til å laste ned modifikasjonar.

Det er enno uvisst kva valutaen kostar, men med tanke på at menyen til Creation Club har ein eigen knapp for å kjøpe «credits», er det antakeleg snakk om ekte pengar. Funksjonaliteten skal kome i sumar til PC, PlayStation 4 og Xbox One.

Mods utvikla i samband med Bethesda

Talet på folk som har gitt den nye traileren «tommel ned» gir ein god indikasjon på at spelsamfunnet ikkje er spesielt nøgde med den nye ordninga, men fokuset skal ligge på finpussa modifikasjonar. Desse vil vere kompatible med alle spelas utvidingar og lagringsfila di. Ein vil få tilgang til nye våpen, rustningar, figurar, skapningar og spelmekanikkar, samt modifikasjonar som lar ein reise til andre områder.

Det er mogleg å søkje om å få vere med på prosjektet, viss ein har erfaring som utviklar frå før. Dei som kjem inn vil få betalt for arbeidet sitt dersom det blir godkjent av Bethesda.

Informasjonssida til Creation Club har ein seksjon der det står at dette ikkje er betalte mods, fordi det ikkje er mogleg å legge inn eksisterande modifikasjonar på plattforma. Dette må vere nye, unike mods, som ikkje har vore publisert andre stader.

Ein må likevel betale for desse, så det er litt vanskeleg å forstå argumentasjonen til utviklaren då dei bokstaveleg talt ber om pengar for modifikasjonane. Det verkar naturleg at dette kan føre til ein mindre straum av mods på gratisplattformer som Steam Workshop og NexusMods, men på same tid kan det tiltrekke seg nye utviklarar og gi oss modifikasjonar av høg kvalitet.

Få med deg alt det viktigaste frå E3 her »

Siste fra forsiden