Anmeldelse

Evil Genius

Det blir nok lettare for dei fleste å forstå kvifor det alltid er James Bond og liknande superheltar som går sigrande ut av konfrontasjonar med megalomaniske geni, etter ei god runde med Evil Genius. Evil Genius er eit godt gammaldags "bygge base"-spel i same stil som Dungeon Keeper og Theme Hospital. Det er mykje å halde styr på der du skal bygge ditt imperium inne i eit digert fjell. Frå fryserom til å oppbevare mangfoldige lik, til fasilitetar som sørger for at undersåttane dine ikkje forlet deg til fordel for andre eventyr.

Treig byggeprosess
Det første hinderet du må kome over når du skal bygge basen din er ei litt tungvindt form for økonomi. Skal du bygge eit nytt rom, må arbeidarane dine først hente pengar i velvet ditt, før dei går til eit oppbevaringsrom der dei kjøper det dei treng. Sidan dette oppbevaringsrommet ligg eit lite stykke frå basen din tar det etter kvart ganske lang tid før noko skjer, og allereie no vil du oppleve at du i store delar av spelet berre sit og ventar.

Din jobb i spelet blir først og fremt å sørge for at du til ei kvar tid har dei pengane du treng for å kunne bygge nye ting. Dette gjer du ved å gå til verdskartet der du sender ut undersåttar som stel pengar. Samtidig kan du velge at undersåttane dine skal finne nye mål i området du kan bruke for å auke folk si bevistheit på at du faktisk eksisterar (også kalla plotting). Agentar er dine verste fiendar her, og dei dukkar opp med jamne mellom rom for å forkludre planane dine. Er du ikkje forsiktig risikerar du å miste alle folka du har plassert i verda. Noko som er litt ergeleg sidan du enkelt kunne unngått dette om du fikk beskjed når det skjer. I staden blir du nødt til å klikke deg inn på verdskartet med jamne mellomrom.

Som ein kan forvente av slike spel er det ei enorm mengde med forskjellige rom du kan bygge. Du har fasilitetar for undersåttane dine, fengsel, kontrollrom, og alt anna som ein kan tenke seg kan vere av nytte. Di fleire rom du har, desto meir straum brukar du, og derfor blir du nødt til å kjøpe generatorar før basen din bryt saman. Om du brukar meir straum enn du har blir det straumbrot og fiendtlege agentar får fritt leie inn i basen din. Desse agentane er noko som blir ei konstant plage. Dei bryt seg inn, øydelegg alt dei finn, og er generelt sett forferdeleg irriterande.

Alle agentane i heile verda, samtidig
Sjølvsagt kan du stoppe desse, men det er ikkje alltid like lett. Du kan til dømes setje opp feller, men om det kjem agentar som er litt dyktigare enn gjennomsnittet, vil dei øydelegge desse før dei går inn i basen. Om det kjem så langt kan du velje å slå på alarmen for å få undersåttane dine til å ta seg av problemet, men ein heilt latterleg kunstig intelligens presterar å forkludre dette og. Alarmen kan bråke i mange minutt utan at det skjer noko. Uansett kor mange høgtalarar du skulle ha plassert ut i basen, fortset folka dine berre med det dei driv på med, og fienden kan sprade rundt som dei vil. Om nokon i det heile tatt prøvar å ta seg av problemet er det gjerne tenarar eller teknikarar som absolutt ikkje er skikka for oppgåva.

Du får som regel ordna med problemet, men gjerne ikkje før fienden har gjort stor skade, og drept mange folk. Du skjønar, folka dine er ikkje særleg organiserte. Dei spring gjerne mot fienden ein og ein, sjølv om du står ovanfor eit SWAT-lag på ti-tolv personar. Om dei kunne samla seg i ei gruppe før dei gikk inn hadde nok ting blitt lettare. Dei einaste du kan kontrollere direkte er spesielle leigesoldatar, men desse har du svært få av, og ein av dei er sjeldan i stand til å ta knekken på ei større gruppe med agentar.

Evil Genius Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 1. oktober 2004
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Vivendi Universal Games
  • Utvikler: Elixir Studios

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen