Anmeldelse

Forgotten Realms: Demon Stone

Tre veldig sannsynlege heltar, legg ut på eit svært sannsynleg eventyr for å redde verda frå ein frykteleg sannsynleg vondskap som kan øydeleggje dei alle. Tolkien hadde nok meir fantasi, men han hadde aldri så god underhaldning.

Side 1
Side 2

Frå jungel til frostrøyk Kvart kapittel har si eiga setting, om det er i eit islandskap, jungel eller grotter. Alt ser forskjellig ut, og følest forskjellig. Det er ikkje berre same områda med forskjellige teksturar, med identiske monster kvar gong. Alle område har forskjellige fiendar, med unntak av når Cireka og Ygorl sender sine horder, og det set ein effektiv brems på eventuell einsformigheit. Dette gjer mangelen på variasjon i gameplay mykje lettare å svelge. Dette er eit rett fram action-spel, og poenget er å drepe fiendar. Til forskjell frå ein del andre spel er det her gjort med skikkeleg god stil. Du spring ikkje berre lengre og lengre ned under jorda med enda større og farlegare versjonar av edderkoppar i helane.

Visse brett byr også på spesielle mål du må nå. I eit av dei beste bretta, der du møter ein kjend figur, må du beskytte ein port mot ei hær av istroll. Her må du vere rask og finne kven som er farlegast, og samtidig beskytte andre karakterar som prøver å utføre visse oppgåver. Seinare må ein stoppe ein demon som har blitt mana fram, frå å få i seg mat. Ein kontinuerleg straum av beist vandrar fram mot demonen, medan du må stoppe dei. Dette blir ikkje lett, spesielt med tanke på at du må halde deg inne i ein sirkel, og samtidig har fiendar som gjer sitt beste for å distrahere deg. Det blir fullstendig nødvendig å ta i bruk det du har av magi og spesialangrep for å få dette til.

Fantastisk grafikk Xbox-versjonen av Forgotten Realms: Demon Stone ser hakket betre ut enn PlayStation 2-versjonen. Likevel er grafikken så og seie identisk, noko som gjer det imponerande å sjå kva ein fortsatt kan få ut av ei PlayStation 2-maskin. Fleire av figurane ser nermast fotorealistiske ut, animasjonen er langt over gjennomsnittet, og områda er enorme og fulle av liv. Ein snarveg Stormregion har tatt for å få dette til er ved å bruke matte-bilder i bakgrunnane, eit kjent konsept frå filmindustrien. Dette betyr at tåke ikkje eksisterar i det heile tatt. Du får inntrykket av at du kan sjå så langt vinden kan ta deg, og er verkeleg med på å plassere deg der du høyrer heime. Midt inne i spelet, mellom horder av demoniske fiendar.

Det er nesten forstyrrande å sjå på visse av hovudpersonane, spesielt Rannek ser så livaktig at at du kan lure på om du er i ein film. Dette gjeld forsåvidt Illus også, men Zhai skiljer seg ut på ein litt negativ måte. Kanskje er det lettare å få menneske til å sjå fotorealistiske ut enn kva ein halv-drow er, men Zhai ser uansett ut som om ho like greit kunne passe inn i ein teiknefilm, der ho står noko urealistisk ved sidan av sine to kompanjongar. Dette viser seg også på visse andre karakterar i spelet. Rannek og Illius ser unormalt ekte ut, og det skapar eit skilje med resten av karakterane i spelet, som ikkje er fullt så truverdige.

Som i alle eventyr i eit fantastisk landskap fullt av demonar og magi høyrer det heime med litt pompøs og storslagen musikk. Etter Ringenes Herre-filmane kan det verke som om samtlege komponistar har låst seg fast til akkurat same oppskrifta når det er på tide å besøke alvar og orkar. Det går i horn og strykarar og harde trommer, ei gammal oppskrift, men ei oppskrift som fungerar forferdeleg bra for denne type spel. Det er pompøst og storslagent fordi det skal vere det. Det fungerar ikkje med "Sputnik sine beste" om ein skal redda verda frå den sikre undergang.

For å gjere spelet om mogleg enda meir pompøst har Stormfront henta inn Patrick Stewart (Stark Trek, X-Men) og Michael Clarke Duncan (Daredevil, Planet of the Apes) for å levere nokre linjer her og der. Utan tvil er det Michael Clarke Duncan som strålar best i rolla som den mannevonde Slaad-herren Ygorl. Han har akkurat den mørke og grove stemma som skal til for å vekke ein demon til live. Hr. Stewart gjer ein bra jobb, men høyrest litt ut som om han er på autopilot. Han kan mykje betre, og det er litt synd at han snakkar omtrent kun i eit toneleie heile vegen gjennom. Resten av rollebesetninga gjer også ein stort sett veldig bra jobb, kun med nokre få unntak på mindre viktige karakterar.

Konklusjon Om du er på jakt etter litt enkel moro, og eit episk eventyr du faktisk har tid til å runde, er Forgotten Realms: Demon Stone eit ypperleg valg. Det finnest spel med betre levetid, og meir gjennomtenkte erfaringssystem, men Stormfront har fått til det aller viktigaste; Å gjere produktet moro. Du kan slå spelet på godt under ti timar, men på den andre side vil du ikkje kjede deg medan du gjer det. Det skjer alltid noko på skjermen, historia tar seg opp etter kvart, og kontrollane er lette å beherske. Om du sit godt planta i alle regelbøkene til Dungeons & Dragons og Forgotten Realms, alltid på jakt etter det mest truverdige produktet, kan du nok galant legge disken til dette spelet diskret under hjulet på ein bil. Er du berre på jakt etter litt god underhaldning derimot, kan du vere sikker på at du finn det her.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden