Anmeldelse

Halo 5: Guardians

Halo 5 tek serien til nye høgder

Aldri før har kjensla av å vere ein supersoldat vore så sterk.

Microsoft

Det er ikkje vanskeleg å argumentere for at det er på tide med noko nytt når det no er 14 år sidan Halo: Combat Evolved definerte konsollskyting for ein heil generasjon. Vi har fått ei rekke Halo-spel i åra som har gått sidan den gong, men den grunnleggjande Halo-oppskrifta har i grove trekk vore den same. Ein helt, to våpen, samt ein bunke granatar har vore modus operandi frå starten.

Denne formelen har vore så nagla fast at endringar blir farlege. Fans verda over har klamra seg så hardt fast til det som er kjerna ved Halo, at endringar har blitt møtt med avsky før nokon ein gong har fått prøve dei sjølv. Sjå berre på nokre av reaksjonane som kom mot at du kunne springe i Halo 4. Grunnleggjande mekanikk i andre spel, hårreisande i eit Halo-spel.

Heldigvis, får ein seie, har 343 Industries valt å ignorere konservative stemmer. I staden for å tenkje snevert på kva som var Halo, har dei fundert over kva som er Halo. Denne serien handlar om å ta på seg rolla som ein supersoldat, og kva er eigentleg spesielt med å vere ein supersoldat når det einaste som skil deg frå andre er at du toler fleire kuler?

Skal det vere, så skal det vere

Master Chief og Blue Team.

Du er av natur større, sterkare og raskare enn eit vanleg menneske, men dette er noko ein etter å ha runda Halo 5: Guardians tydeleg ser aldri har kome godt fram før no. I Halo 5 har utviklarane lagt til eit knippe nye eigenskapar som på rekordtid blir essensielle element både gjennom kampanjen og i fleirspelarmodusane. Dei glir så naturleg inn i spelet at det nesten er vanskeleg å gå tilbake til korleis ting var før.

Den viktigaste nyvinninga er «clamber», moglegheita for å gripe tak i ein kant for å dra deg opp. Konsekvensen er navigering gjennom område som er både raskare og meir intens enn før. I staden for å gå rundt, går du over. Du spring, hoppar, og grip tak i ein avsats langt der borte på ein måte ingen vanlege menneske nokon gong ville ha vore i stand til å gjere. Du spring vidare, hoppar ned frå ei bru, og slår i bakken med eit nytt kraftslag som sender puslingane under deg flagrande til alle kantar.

Tempoet på alt dette er skrudd akkurat passe til at den overmenneskelege krafta i kroppen din blir tydeleg, men ikkje så overdriven at det blir absurd. Sleng vi i tillegg på eit par jetmotorar på ryggen din som kan dytte deg framover, bakover eller til sida, har du enda eit element som gjer deg til eit mobilt, men plausibelt monster som leikar domino med fiendane som stormar mot deg i langt større mengder enn før.

Ein skulle kanskje tru dette i seg sjølv var nok nyvinningar, men eitt siste grep har 343 Industries gjort, og dette er kanskje det meste kontroversielle. I staden for å zoome inn på berre enkelte våpen med eit kjapt trykk på den høgre analogstikka kan du no sikte med alle våpen via ein ryggknapp. I motsetning til andre skytespel vil slik sikting ikkje sakke ned farten din. Spelet beheld den same mobiliteten som før, sjølv om presisjonen blir betre sidan styrestikka no er heilt fri.

Kvar er du, Master Chief?

Team Osiris likar ikkje heilt det dei ser.

Halo-universets store helt har sidan starten vore Master Chief. Han og den kunstige intelligensen Cortana har vore seriens maskottar, men etter hendingane i Halo 4 var det tydeleg at dette ville bli vanskeleg å halde fram i Halo 5. I Halo 5: Guardians møter vi ein ny hovudperson i form av Spartanaren Jameson Locke, og det er han og laget hans Osiris som i all hovudsak tek fokuset i spelet.

Halo 5: Guardians byr på ei historie der vi periodevis skiftar mellom å spele mellom Fireteam Osiris, og Master Chief og hans Blue Team. Gameplayet endra seg ikkje basert på dette, men historieforteljinga taklar det ikkje like godt, og slit frå starten med å forklare kva som eigentleg skjer. Kven er Fireteam Osiris, og kven er Blue Team? Har du som dei fleste andre berre spelt spela, og aldri plukka opp ein Halo-roman eller teikneserie får du aldri svar på dette.

Halo 5: Guardians er som alle andre spel eit kapittel i ei større historie, men der andre kapittel i langvarige seriar gjerne har ein godt definert start og slutt, er Halo 5: Guardians mest som eit par actionfylte kapittel plukka ut på måfå frå ei bok, og du får aldri ein god introduksjon, ei eller ei solid avslutning.

Dette er eit stort problem for eit spel som har eit sterkt fokus på historia. Mellomsekvensane som dyttar historia vidare er på eit presentasjonsnivå som ikkje liknar grisen, og tek dei imponerande animasjonane frå Halo 4 til dramatiske nye høgder. Skodespelet er solid og intensiteten er høg, men det er vanskeleg å bry seg om folk ein ikkje kjenner, og når ein ikkje bryr meg om folka, er det litt vanskeleg å bry seg om dei små interne vitsane deira, eller utfordringane dei står ovanfor.

Det blir ikkje stort betre av at store deler dialog, lik tidlegare spel i serien, flagrar ut frå høgtalarane medan du spelar. Metoden er grei, utføringa er merkeleg. Kvifor vel utviklarane å fyre laus viktig dialog medan eg er midt i ein kamp full av eksplosjonar, skrik og skrål slik at det er umogleg å høyre noko av det som blir sagt?

I Warzone møter du både andre spelarar og kunstig intelligens.
Microsoft

I kampens hete

Sjølv om historia ikkje når heilt dei høgdene den imponerande presentasjonen legg opp til, gløymer ein alt dette når ein kastar seg ut i striden. Sjølv med ei rekke nye element til disposisjon er den umiskjennelege Halo-stemninga tungt til stade. Det er kjapt, intenst og fullt av utfordringar i alle retningar.

Noko du vil merke kjapt er kor mange fleire moglegheiter du har no i forhold til før. Kvart nivå er ei sandkasse du kan boltre deg i med ei rekke taktikkar og våpen, men det blir aldri frustrerande eller overveldande. Du kjem til eit område, og må tenkje på instinkt for korleis du skal gå vidare. Det er ikkje alltid slik at du berre skal gå framover og plukke ned fiendane etter kvart som laget ditt køyrer over ugraset med grasklippar.

I staden kan du i ein situasjon sjå ei rekke moglege vegar å gå, og dette gjeld uansett kvar du er. Ei hule kan kome til syne til venstre, framover deg finn du kassar du kan klatre over, lenger nede ser du ein gjeng små Covenant kjefte på kvarandre, medan eit brått smell avslører ein sniper langt der borte. Det skjer mykje, og det skjer noko heile tida. Halo 5: Guardians er bygd med samarbeid for fire spelarar i tankane, og dette er alltid tydeleg.

Om du spelar på nett eller aleine vil du alltid ha tre spartanarar ved di side, og sjølv om dei ikkje alltid er like nyttige når du er aleine, kan du be dei angripe bestemte mål, eller få deg i live om du plukka opp ei fiendtleg kule for mange.

Med fire spartanarar på tokt møter vi som ein naturleg konsekvens ei større mengde fiendar enn før, og dette er igjen med på å auke intensiteten. Du finn noko rundt kvart hjørne, og sjølv om det ikkje nødvendigvis alltid er nødvendig å bruke dine nye eigenskapar, blir det vanskeleg å sjå føre seg korleis ein skulle klart seg utan når dei først finn sin plass blant refleksane dine.

Best på nett

Jetmotorar gjer basketaka enda farlegare.

Sjølv om kampanjen i Halo 5: Guardians leverer intens og tilfredstillande underhaldning, er det i fleirspelarmodusane den verkeleg store moroa finn stad. Spesielt gjeld dette i den nye Warzone-modusen. Her skal to lag gå til kamp mot kvarandre i massive slag med opp mot 24 spelarar.

Desse kampane byr ikkje berre på mange spelarar, men òg på definerte mål. I ein modus startar kvart lag på kvar sin base, før dei må ta over dei tre andre stasjonane på kartet, og til slutt motstandarane sin base. I ein anna modus skal eit lag forsvare basen sin, medan det andre prøvar å ta over.

I Warzone er spelarane heller ikkje aleine. Fiendar styrt av kunstig intelligens dukkar òg opp, og skapar dynamiske kampar der det heile tida er noko å gjere. Du kan vinne ved å berre kjempe mot det andre laget, og ta over basar på veg mot ditt endelege mål, men sidan vinnaren er det laget med mest poeng, kan dette òg oppnåast ved å vie tid til å knerte alle NPC-fiendane som dukkar opp.

Kort sagt er det essensielt at laget samarbeider og spelarane hjelper kvarandre med å kome nokon veg. Solospeling i Warzone fører ingenting med seg. Kanskje skyt du ned mange fiendar, men om du ikkje samtidig er obs på å ta over basar og plukke ned andre datastyrte fiendar, kan du likevel tape, sjølv om du skulle vere den med flest liv på samvitet.

Om du heller vil spele Halo som i dei gode, gamle dagane, byr Halo 5: Guardians på Arena, ein modus skreddarsydd for sterke konkurranseinnstinkt. Her finn vi ei rekke ulike speltypar med alt frå to små lag i konsentrerte område, til meir strategiske kampar der ein skal kapre og halde på flest mogleg område.

Løn for innsats

Smil, du er på TV.

Etter kvart som du klokkar inn ein del tid i fleirspelarmodusen vil du samle inn det 343 Industries kallar REQ-poeng, samt låse opp REQ-pakkar. REQ er kort for requisitions og er i praksis eit samlekortsystem der du ved å spele vil låse opp nytt innhald. Dette kan vere alt frå kosmetiske endringar som lar deg finjustere korleis du vil sjå ut i alle modusane i spelet, til forskjellige våpen du kan leike deg med i Warzone.

Dette systemet blir raskt svært viktig i Warzone. Ved å låse opp nye kort kan du få permanent tilgang på diverse våpen, samt våpen og bonusar som forsvinn frå samlinga di etter bruk, med mindre du får tak i fleire kort. For å velje nytt utstyr går du enten til ein av fleire REQ-stasjonar på kartet, eller du kan velje ting medan du ventar på å kome inn igjen i spelet etter å ha blitt skoten.

REQ-systemet er nivåbasert, og alle kort krev at du har nådd eit gitt nivå før du kan bruke dei. Når ein startar ein kamp i Warzone byrjar ein alltid på null. Etter kvart som ein spelar ein kamp vil ein gradvis låse opp nye nivå, og på denne måten få tilgang til dei ulike korta i samlinga di. Frå å starte med Assault Rifle og pistol kan du etter kort tid endre våpen til rakettkastarar og andre destruktive våpen.

Spelar du bra låser du opp nivåa raskare, og før du veit ordet av det kan du gå frå å bruke betre våpen, til å hente inn køyrety som Ghost og Scorpion Tank. Om du alltid har hatt lyst til ein solid duell mellom to lag med to eller fleire stridsvogner på kvar side, er dette modusen for deg.

For det meste lekkert

Om du ser fram til ein grafiske revolusjon i Halo 5: Guardians, kjem du til å sitje igjen med blanda kjensler. Eg var eigentleg litt skuffa over den visuelle presentasjonen i løpet av mine første timar. Ein ventar seg kanskje å bli møtt av noko storslagent når ein plantar beina på spelets første nivå, men sjølv om ein herleg introdusksjonssekvens set oss i rett stemning, er ikkje alt i spelet like lekkert.

Det er alltid kjekt å møte ein Hunter eller to.

Utviklarane har prioritert 60 bilete i sekundet framfor å dytte inn alt dei kan av grafisk fyrverkeri, og sjølv om dette er noko gameplayet absolutt tener på, er det vanskeleg å bli imponert over alt du ser. Fleire nivå er ikkje eit stort hopp over Xbox One-versjonen av Halo 4, og no og då bryt tåkete teksturar, skatpe kantar og flate landskap med heilskapen.

No og då er derimot stikkordet her. Halo 5: Guardians har definitivt sine høgst imponerande stunder, og etter kvart som ein utforskar spelet vil ein finne fleire ting å få hakeslepp av. Enkelte område er så lekre at ein kan bli paff, og ikkje minst bør den artistiske variasjonen i ulike miljø få honnør.

Samtidig har spelet fått ei ny musikalsk drakt frå den tidlegare Metal Gear Solid-komponisten Kazuma Jinnouchi. Han var òg innvolvert i Halo 4, men har med Halo 5: Guardians teke over det fulle ansvaret. Han gjer ein svært god jobb, og hentar tilbake fleire kjende og kjære musikalske tema, samtidig som han blandar mykje nytt inn i miksen.

Konklusjon

Det er ingen tvil om at 343 Industries har gjort ein fenomenal jobb med Halo 5: Guardians. Det er eit spel der utviklarane har gjort essensielle grep for å halde serien frisk og relevant i møte med stadig hardare konkurranse frå alle kantar. Med eit stort fokus på samarbeid gjennom kampanjen, samt nye eigenskapar som gjer det tydelegare enn nokon sinne at du spelar ein supersoldat, har utviklarane klart å utvide Halo-formelen, sjølv om den eineståande Halo-kjensla alltid er til stade.

Samtidig er det naturlegvis i fleirspelarmodusen spelet vil finne sitt lange liv, og her har utviklarane gjort enda fleire smarte trekk. REQ-systemet som let deg låse opp nye leikety for den herlege og massive Warzone-modusen er ein liten genistrek, og sørgjer for at du har noko å spele for, ved sidan av gleda av å spele i seg sjølv.

Det visuelle vaklar kanskje litt mellom det makelause og det kritikkverdige, og historia hadde hatt godt av nokre runder til på forfattarstadiet, men jamt over leverer 343 Industries og Microsoft eit fantastisk spel ein kvar skytespelentusiast kjem til å drukne mange herlege timar i.

Om Halo 5: Guardians gjev meirsmak, bør du kaste deg over fjorårets Halo-samlepakke Halo: The Master Chief Collection.

Bileta er pressebilete frå Microsoft, men er representative for opplevinga.

9
/10
Halo 5: Guardians
Eit fantastisk spel ein kvar skytespelentusiast kjem til å drukne mange herlege timar i.

Siste fra forsiden