Anmeldelse

Halo 2

Master Chief tar steget over til PC i ein noko brukarfiendtleg presentasjon.

Eg gav Halo 2 full pott til Xbox for nokre år tilbake. Det er knapt eit einaste spel i historia som har gitt meg like mykje glede, kanskje med unntak av det aller første Halo. Å samle saman ein gjeng med vener, rigge opp skjermar og maskiner i eit alt for lite rom, og skrike og rope til kvarandre til sola hevar seg faretruande over fjelltoppane i heimbyen min, er noko eg alltid vil hugse med kjære tankar.

Men det var då. Dette er Halo 2 for Vista. Halo 2, eit to og eit halvt år gammalt spel. Eit to og eit halvt år gammalt spel er lanseringstittel for Microsoft si storsatsing Games for Windows?

Det skurrar litt både her og der. Først har vi eit stykk Windows Vista du ha for å i det heile tatt kunne installere spelet. Deretter har vi skyhøge systemkrav (innleingsvis ville ikkje spelet inn på maskina mi sidan min Dual Core-prosessor tydelegvis ikkje var sterk nok før eg skrudd ytelsen på full guffe), som er fullstendig uforståelege sidan spelet ser to år gammalt ut. Deretter har vi Live som på Xbox 360 er fabelaktige saker, men som på PC eigentleg ser litt malplassert og komprimert ut, og kun fungerar når du er inne i spelet.

La oss no snu litt på det. Eg har Windows Vista, og eg har ein Xbox Live-konto. Så nokre ekstrautgifter for å få fullt utbytte av spelet får eg ikkje. Samtidig fekk eg spelet til å godkjenne maskina mi i løpet av kort tid. Kva skjer så? Eg får opp eit vindu som ber meg om å starte spelet medan installasjornen gjer seg ferdig i bakgunnen. Javel?

Eg beklagar om eg ikkje har via mykje av mi tid til å lese om dei mange små tinga som gjer Windows Vista betre. Men å endeleg unngå kjedelege installasjonsskjermar, og heller berre hoppe ut i spelet medan all installering skjer, utan at eg treng tenke på noko – det plagar meg ikkje.

Alt dette er flott og fint, men kva så med spelet. Er det framleis bra? Held det seg godt? Eg er kanskje litt upartisk her, men eg elskar Halo 2. Det er vanskeleg for meg å så mykje som å berre ta i Halo 2 utan at det kilar av den lette forelskinga frå ein sommarflørt, då eg var berre sju år og veldig naiv. Eg og Master Chief deler seng om natta, det er berre slik det er. Eg elskar denne kosebamsen av ei krigsmaskin, og derfor kjennest det som om eg er heime når han kiler meg leikent i håret, og nussar meg mjukt på kjaken.

Eit spørsmål om preferanse

For ein habil og erfaren person som knapt har tatt i anna enn Counter-Strike, vil nok Halo 2 vere litt for treigt. Er du vand med Halo 2, er det nok anna. Dette tempoet er perfekt på ein konsoll med ein handkontroll, men for PC-folket vil det kanskje bli ei anna erfaring. Uansett kva du skulle meine om tempoet, følgjer kontrolloppsettet den vanlege standaren, og fungerar som det skal. Du skyt med musa og kastar granatar med høgre museknapp. Om du held to våpen samtidig, er høgre museknapp høgre våpen, og venstre for venstre.

I tillegg kan du koble til ein Xbox 360-kontrollar, noko som gjer spelet til ein tro kopi av Xbox-versjonen. Spelet er nøyaktig det same på alle punkt, og den einaste forskjellen er ei noko høgre oppløysning - uten at det gjer spelet penare.

Når ein laga spel til Xbox, der gamle TV-apparat uten høg oppløysning var målet, kunne ein gjerne snike seg unna med teksturar i lågare kvalitet. På ein PC vil dette raskt bli synleg, og referert til som direkte stygt. Halo 2 er ikkje stygt, men det er ikkje imponerande heller. Vi kan vel ikkje forvente oss noko anna av eit to og eit halvt år gammalt spel. Eller kan vi det? Om dei brukar over to år på å få eit spel over til PC, burde dei då ikkje hatt nok av tid til å pusse opp spelet slik at ein faktisk har ein liten bonus ved å vente så lenge på det? Det støttar ikkje DirectX 10 heller, noko som gjer kravet om Vista enda nokre hakk vanskelegare å forstå.

Den forelda grafikken gjer uansett ikkje spelet mindre moro. Det er framleis god nivådesign (sjølv om å køyre med Scorpion-stidsvogna over ei viss bru blir gammalt ganske fort), utfordrande kampar, og ei engasjerande historie. Du kan gjerne skrive klageside opp og ned om slutten, og alt det du vil om historia, men eg hugsar framleis kor anspent eg var ved første gjennomspeling. Den er for min del like engasjerande den dag i dag. Dette kjem og i form av dialog som riv tak i deg og dreg deg inn i spelet, samt den heilt fantastiske musikken. Etter mitt syn har Halo-serien noko av den beste spelmusikken som er å få tak i, og det kjem som regel eit klimatisk stønn frå meg kvar gong eg høyrer den velkjende bassrytmen når vi landar på Delta Halo.

Blomster og medaljar

Noko av det som raskt kan kome til å lure mange gamle Halo 2-travarar til å kjøpe Halo 2 Vista (meg inkludert) er belønningar. No kan du for første gang få prestasjonspoeng i Halo 2, og det er i seg sjølv grunn god nok for meg til å spele spelet i enda fleire timar. Desse er naturlegvis fordelt på historia, og på fleirspelar-modusen. Eg har høyrt folk klage over at dei ikkje finn kampar på nett, men dette må eg stille meg fullstendig uforståande til. Det har aldri tatt meg meir enn fem sekund å finne ein kamp.

Sjølv om det å bruke handkontroll eller mus ikkje har stort utslag når du spelar gjennom historia, kan det bli noko du legg merke til når du spelar på nett. Som vanleg på konsoll, har du autosikte med handkontroll. Med mus og tastatur har du betre presisjon, og derfor får du naturleg nok ikkje autosikte der. Dette kan gi dei med handkontroll ein fordel, men først og fremst alle nye spelarar. Det kan vere lettare å kome i gong med ein handkontroll, enn det er å få kontroll over presisjonen med ei mus. Eg kan så langt ikkje hevde at nokon av dei er «best», det kjem fullt an på kor dyktig du er med det du veljer å bruke.

Spelet byr på 23 kart i pakka, og dei fleste vil vere velkjende for dei som har spelt Halo 2 før. Samtidig får du óg eit kartredingeringsverkty som lar deg lage akkurat dei karta du sjølv vil ha. Sannsynlegvis noko mange har venta på.

Dessverre er det ein ting som hindrar dette frå å bli så bra som det kunne ha blitt. PC-brukarar kan ikkje spele mot dei som spelar Halo 2 på Xbox 360, og sjølv om det har sine logiske forklaringar, er det likevel litt bittert. Microsoft har promotert sitt «Live Anywhere»-initiativ med at ein skal kunne spele mot kvarandre med PC og Xbox 360, og då blir det litt antiklimatisk når ein av dei første titlane som støttar plattforma ikkje lar deg gjere nettopp det. Dette bør vel leggast på lista over ting vi gjerne skulle hatt, men det øydelegg ikkje for spelet i nokon grad. Det er berre litt synd at alle venene dine må kjøpe seg Halo 2 for Vista om dei skal kunne spele mot deg, sjølv om dei allereie har det til Xbox.

Foreløpig er det er litt vanskeleg å skjøne kva ein eigentleg skal med ein Live-konto på PC. På Xbox 360 seier det seg sjølv. Du kan spele online når du vil, og får en rekke andre goder via Xbox Live Marketplace. På ein PC blir det litt vanskelegare å forstå. Du har to forskjellige kontoar du kan lage; Silver og Gold. Gold må du betale for, og gir deg visse fordelar. Når du spelar Halo 2 er desse fordelane ganske banale. Du kan spele på nett utan eit Gold-abonnement, men du må ha det for å kunne søke deg kjapt inn i kampar. Du må óg ha Gold for å kunne få prestasjonspoeng, noko som ikkje gir noko meining.

Konklusjon

Det er enkelte ting som kan hindre deg i ei optimal Halo 2 oppleving. Du ha Vista, du ha Gold-abbonement for fullt utbytte, og du bør ha ein ganske kraftig PC. Har du ikkje alt dette, er det forståeleg om du blir gretten.

Om du uansett kjøper Halo 2, har du nok allereie Vista, og då blir det litt meiningslaust å sei spelet har blitt dårlegare berre på grunn av at det har eit litt uforståeleg krav til operativsystem. Halo 2 er eit fantastisk spel uansett korleis du snur og vender på det, og om du har alt du treng, er det absolutt ingenting som står i vegen for at du vil kose deg stort. Halo 2 er kanskje ikkje det penaste spelet per dags dato, men med sin fantastiske fleirspelarmodus, og engasjerande historie, er det framleis eit av dei beste.

Det er uansett ganske unødvendig av Microsoft – uansett kor mykje betre Windows Vista måtte vere – å tvinge deg til å kjøpe det for å spele eit to og eit halvt år gammalt spel.

Siste fra forsiden