Anmeldelse

Home

Sideskrollande grøssar som lar spelaren styre historia.

Det er ingen tvil om at Home ønskjer å presentere seg som ein grøssar, der spelet ved oppstart insisterer på at du bør spele det i eit mørkt rom og med hovudtelefonar på. Men la det vere sagt med det same: Den som forventar «survival horror» à la tidleg Resident Evil og Silent Hill, vil nok bli ein smule skuffa. Dette er nemleg ein sideskrollande grøssar av den relativt sjeldne typen, som tar utgangspunkt i at dei bileta som dukkar opp i spelaren sitt eige hovud kan vere vel så skremmande som dei bileta ein blir servert på skjermen. Det er eit utgangspunkt som kan vere effektivt, viss det blir utnytta på rett måte. Og ikkje minst er det eit utgangspunkt som er beundringsverdig, fordi det stiller krav både til historieforteljinga i spelet og til spelaren sjølv.

Utrivelig stemning

For grafikken er i seg sjølv ikkje særleg egna til å skremme, pikslete og lite detaljert som han er. Ikkje med det å seie at grafikken ikkje fungerer til sitt formål, for det gjer han for det aller meste, då først og fremst i kraft av sin reint praktiske funksjon, nemleg å gi spelaren eit grovt omriss av sine omgjevnadar. Heilt ueffen er den grafiske stilen heller ikkje som stemningsskapar, ved å plassere spelaren i ei setting som er tydeleg utriveleg sjølv i grovpiksla, todimensjonalt format. Men dei eventuelle grøssa er det historia, samt spelaren sin eigen fantasi, som står for – ei historie som på den eine sida er interessant fordi ho utviklar seg relativt til spelaren sine val undervegs, men som på den andre sida aldri eigentleg blir verken skummel eller medrivande nok.

Det heile startar med at spelets hovudperson, ein namnlaus og tilsynelatande middels ung mann, vaknar i eit ukjent hus og anar verken kor han er, korfor han er der, eller kva som har skjedd – eit nokså utriveleg utgangspunkt. Det tar ikkje lang tid før stemninga går frå utriveleg til uhyggjeleg, når han finn ein død mann, som han går ut frå er husets eigar. Utan å røpe for mykje kan eg seie såpass som at hovudmålet på sett og vis er todelt, nemleg å finne vegen heim, samt å finne ut av kva som har skjedd. I praksis går desse to stort sett ut på det same, nemleg å utforske omgjevnadane så godt som det lar seg gjere, og å prøve å finne vegen vidare.

Utforskinga er løyst på rimeleg og effektivt vis, og det er nesten umogeleg å setje seg fast i spelet. Dei tinga ein kan interagere med lyser opp med eit kvitt omriss når ein går forbi dei, noko som gjer at ein slepp unna frustrerande leiting etter småting som er lette å gå glipp av. I det heile er det lite å utsetje på det svært enkle kontrollsystemet. Ein kan gå til venstre og høgre, ein kan løfte lommelykta mot taket for å sjå opp, og ein kan interagere med ting ved å trykke på space.

For det aller meste består interaksjonen i at det dukkar opp ein tekstbolk der hovudpersonen forklarer kva det er han ser, mens viss ein trykker ein gong til på same ting, får ein vite litt meir om kva han tenkjer om det han ser – noko som ofte kan vere nyttig. Det er det heile, og det fungerer sånn måteleg bra. Det hender av og til at ein ser ting ein gjerne skulle kunne sett nærmare på, men kan ein ikkje det, så er det så enkelt som at den tingen ikkje er sentral for historia.

På mange måtar framstår spelet som ein digitalisert og noko forenkla variant av dei gode, gamle «Choose Your Own Adventure»-bøkene, for her kan ein altså påverke historia gjennom dei vala ein tar undervegs. I hovudsak handlar dette om at spelaren får tilgang til forskjellige delar av historia alt etter kva val han eller ho tar undervegs, og ein kan dermed opparbeide seg forskjellige forståingar av kva som har skjedd. Men visse deler av historia kan spelaren faktisk påverke, og endre, på ganske direkte maner. Dette er ein ganske fiks liten detalj, som faktisk kan få ganske store følgjer for kva ein sit igjen med til slutt.

Diverre verkar det som om utviklaren har slurva litt med konsekvensorienteringa, slik at ein av og til kan få utkom som ikkje heng heilt saman med dei vala ein har tatt undervegs. Likevel fortener utviklaren skryt for å prøve å gjere noko meir ut av den velkjende PR-boostaren om at «vala dine får konsekvensar», som elles stort sett fører til lite anna enn at ein kan oppnå to-tre forskjellige sluttsekvensar.

Mitt problem med Home er likevel at det, til å vere ein grøssar, rett og slett ikkje er skummelt nok, samt at historia og framføringa av denne ikkje er fengande nok. Personleg tykkjer eg det er herleg at indie-utviklarane prøver seg på nye spelopplevingar, av typen som det ikkje går tretten på dusinet av – for det skal Home ha, det er ei ganske annleis speloppleving. Men sjølv om eg blir direkte involvert i historia si utfalding, og sjølv om det utvilsamt skjer meir enn nok uhyggjelege saker og ting i denne historia, så sit eg aldri på kanten av stolen, verken i spenning eller i frydblanda skrekk – om ein kan seie det slik.

Eg danna meg tidleg eit bilete av kva eg trudde hadde skjedd, og blei veldig sjeldan overraska av noko av det som skjedde gjennom den omtrentlege timen det tar å runde spelet ein gong. Så kan ein sjølvsagt runde det om igjen, for å sjå korleis det heile utfaldar seg om ein tar andre val enn det ein gjorde første gongen – og det er interessant nok, det. Men det skal ikkje meir til enn to, maks tre, rundar før ein føler at ein har fått med seg storparten av det spelet har å by på av variasjonar.

Konklusjon

Alt i alt er Home eit spel som er verdt å prøve ut; det er både lett tilgjengeleg og billig, det er enkelt, det tar lite tid, og det tilbyr ei speloppleving som er litt på sida av det dei fleste er vane med no til dags. Og kanskje er det nettopp fordi det prøver seg på noko litt annleis, at det ikkje heilt når opp. Sjølve presentasjonen av historia, med mogelegheita ein har for å påverke denne, er interessant nok til å rettferdiggjere eit par-tre rundar med spelet – men der stoppar det.

For til å vere eit spel som så tydeleg framstiller seg sjølv som ein grøssar, er Home diverre verken spennande eller skummelt nok, ikkje heller er historia fengande nok. Dette har nok til dels ein samanheng med at spelet stiller ørlite for høge krav både til seg sjølv og til spelaren; presentasjonen av historia gir ikkje nok rom for spelaren sin fantasi til å utfalde seg, til å finne fram dei bileta som verkeleg skremmer. Det heng rett nok ei smått uhyggjeleg stemning over det heile, men spelet klarer aldri å dra det lenger enn denne stemninga. Når det er sagt, så er det utvilsamt eit potensial her som gjer at underteikna håpar at utviklar Benjamin Rivers fortset med å lage spel som utfordrar spelaren sin fantasi. For i det utgangspunktet ligg det mange spennande mogelegheiter.

Home er i sal gjennom Steam.

Siste fra forsiden