Anmeldelse

Valkyrie Elysium

Det er godt å ha Valkyrie Profile-serien tilbake

Litt større ambisjonar hadde nok ikke skada Valkyrie Elysium.

Square Enix

Valkyrie Elysium er det femte spelet i ein serie som starta med PlayStation-spelet Valkyrie Profile i 1999. Denne serien tek oss med til ein litt spesiell variant av vår eigen norrøne mytologi, sett gjennom ei svært japanske linse. Det første spelet i serien får seg ein oppussa versjon seinare i år, men bortsett frå tematikken er det ikkje mykje spela har til felles.

I Valkyrie Elysium møter vi ikkje overraskande ei valkyrje. Ei av kvinnene som valde ut kven av krigarane i strid som skulle leve og døy, og i tur tok dei utvalde døde med seg til Valhall for å bli einherjar.

Odin vil du skal finne spydet hans.
Square Enix

Di oppgåve er like enkel som den er voldsam; samle einherjar og stoppe Ragnarok. For å gjere det må du reise rundt i ei verd som er tematisk sett passande aude, men kanskje litt for aude for sitt eige beste.

Døde krigarar

Der Valkyrie Profile-spela bydde på ganske unik turbasert kamp der du styrte ei valkyrje som kunne få hjelp av ei stadig større gruppe einherjar i kamp, gjer du akkurat det same her, med eitt viktig unntak; alt er i sanntid. For fans av gode, gamle Valkyrie Profile vil dette unekteleg vere eit tap. Her har vi venta heilt sidan Valkyrie Profile 2: Silmeria frå 2007 på ein skikkeleg oppfølgjar som ikkje går mobilvegen eller verre, og så får vi noko som snur og vender på ein elska formel.

Tja, det kunne ha vore verre. Spelet kunne til dømes ha vore dårleg, men i staden får vi eit genuint underhaldande spel med eit lett gjenkjenneleg, men likevel høgst engasjerande kampsystem.

Valkyrie Elysium er eit actionspel med enkle rollespelelement. Du spring rundt i ei rekke ulike område og bankar opp ein heil haug fiendar med eit kampsystem basert på angrep i to styrker. Dette er likevel berre utgangspunktet, og spelet lessar raskt på med mange element som gjer dette Valkyrie Elysium til ei artig oppleving.

Magisk pryl

Det kan skje ganske mykje på ein gong.
Square Enix

Ulike element er sjølve livslinja til kampane i Vlakyrie Elysium. Kvar gong du låser på ein fiende får du sjå eit elementsymbol på beistets livslinje. Dette symbolet fortel deg kva beistet er svakt mot, og så er det berre å dundre laus. Du får tidleg tilgang på magi, og i løpet av spelet får du stadig nye magiske våpen. Du kan sende lyn gjennom fleire fiendar, brenne dei med ein tornado av eld, eller kanskje sende litt mørk magi som ristar dei sanselause.

Når dette er gjort kan du mane fram ein eller to einherjarar som kan kjempe ved di side ei stund. Desse har alle eit element, og i tillegg til å gje fiendane elementskade så får våpna dine tilsvarande elementskade. Ein fiende kan gå frå å vere svært seig til ein smørklatt i ei steikepanne på kort tid.

Spelet klarar likevel å unngå å bli for lett, og dette gjer det ofte ved å blande kva fiendar du møter, og passe på at dei har ulike element som tvingar deg til å gjere meir enn berre ein ting. I tillegg til element er fiendane svake mot ulike våpen òg, så om du skal bruke sverd eller spyd kan ha mykje å seie.

Alt er der for å hjelpe deg med å byggje opp komboar. Vi får til og med lassoen Soul Chain som du kan skyte mot ein fiende for å dra deg mot den og halde fram komboen. Er du flink får du ein god karakter på slutten av eit nivå, men akkurat denne biten hadde ikkje så mykje å seie for mi oppleving.

Valkyrie Elysium styrer unna den tradisjonelle rollespelformelen med erfaringspoeng. Det er likevel eit spel med sterke rollespelelement, men i staden for erfaring får du sjeler og juvelar. Desse brukast til å oppgradere både våpen og hovudpersonen sjølv.

Spelet er stemningsfullt med godt monsterdesign.
Square Enix

Ei enkel historie

Valkyrie Elysium handlar eigentleg berre om eit lite knippe folk som har ein jobb å gjere, og det er eigentleg like greitt. Utviklarane bak Valkyrie ELysium har prioritert å halde spelaren i aktivitet framfor å servere ei lang historie. Den blir i staden presentert gjennom nokre korte sekvensar her og der, og ei og anna samtale med sjefen din, Odin, mellom oppdrag.

Det meste av verdsbygging skjer medan du spring rundt på jakt etter fiendar. Vi møter falleferdige bygningar, gamle ruinar og eitt og anna majestetisk landskap som hadde vore tent med eit hakket høgre budsjett. Det er nesten ingen folk å møte i dette spelet, og dei få gongane du gjer det sit dei oftast bak låste dører.

Det har slått meg fleire gongar at dette spelet kunne ha vore noko heilt anna. Gameplayet og spesielt kampsystemet er skikkeleg godt, og det fortener eigentleg meir enn det får. Spelet serverer heile tida hint om at det kunne ha vore noko større og betre, men er i staden redusert til eit spel der du spring i ganske låste spor, følgjer eit lysande punkt mot ein gitt endestasjon, og spring gjennom byar blotta for liv.

Hadde det ikkje vore for den nydelege og stemningsfulle musikken frå Motoi Sakuraba som her kanskje leverer sitt beste verk sidan Baten Kaitos, hadde opplevinga vore ei heilt anna.

Litt magi må til.
Square Enix

For all del, spelet vi får er god moro, og eg likar det som det er, men det er lett å sjå kva dette spelet i ei større og hakket friare verd kunne ha vore. Litt meir historie, sideoppdrag som kan plukkast opp frå folk du møter. Dette spelet viser meg ofte kor stor denne verda er, med lekre slott som ruvar i det fjerne, medan du stort sett følgjer ganske bestemde vegar.

Eit spel om døden

Vi møter ikkje mange folk i Valkyrie Elysium, og finn i staden blomar og ulike sjeler forma som blå flammar rundt omkring på vår ferd. Blomane gjev oss små minner frå folk som ein gong levde, og sjelene kan by på sideoppdrag som samstundes fortel ei lita historie om nokon som ein gong var. Det er fint, på sitt melankolske vis, men sjølv i tidlegare Valkyrie Profile-spel var det gjort hakket meir med desse elementa.

Spesielt synest eg måten spelet løyser sideoppdrag på er litt kjip. Du låser dei opp under eit hovudoppdrag, men må tilbake til Valhall for å velje kvart og eitt av dei frå ein meny om du skal bryne deg på dei. Det blir litt mykje innsats for premien som ventar.

Hakket meir spanande er jakta på nye einherjarar, der du må bruke litt tid på å finne minner og gjenstandar som etter kvart byggjer opp ein person du kan ta med deg på reisa di.

Eg likar denne biten, og den er absolutt i tråd med kva Valkyrie Profile-spela i si tid handla om, men det er litt som ein smakebit som ventar på eit fullt måltid. Eg skulle gjerne sett litt meir jobb med desse historiene, og ein sjanse til å i det minste bli betre kjend med einherjarane. Dette var ein av styrkene til Valkyrie Profile-spela, og det er veldig tydeleg at det med litt meir arbeid kunne blitt det her òg.

Konklusjon

Med deg på reisa får du eit knippe einherjar.
Square Enix

Valkyrie Elysium er godt og underhaldande spel, og det er eitt av desse spela eg er glad for at eg testar, for elles hadde det mest sannsynleg enda opp i bunken med spel eg skal spele ein dag, men aldri får tid til.

I alle første omgang får vi eit solid og engasjerande kampsystem med kampar som er både lett gjenkjennelege, men fulle av kreative idear. Å denge laus på fiendar med sterke og svake fiendar har vi gjort mange gongar før, men å samstundes får sende kraftig magi side om side med nokre magiske krigarar som kan hentast inn når det passar, er noko litt anna.

Eg sit igjen med ei kjensle av at dette er eit spel som hadde hatt godt av enda større ambisjonar. I staden for eit actionspel med rollespelelement burde det ha vore eit rollespel med actionelement i ei mykje større verd.

Om ikkje anna er det godt å ha denne serien tilbake, kva form den no måtte ta.

7
/10
Valkyrie Elysium
Eit engasjerande actionspel som gjerne kunne ha vore litt meir.

Siste fra forsiden