Anmeldelse

Granblue Fantasy: Relink

Eit eksplosivt adrenalinkick

Granblue Fantasy: Relink er eit heidundrandes actioneventyr med stemninga frå gamle rollespel.

Cygames

Det enkle er ofte det beste. Det er ikkje alle som forstår dette, men Cygames, studioet bak Granblue Fantasy: Relink har verkeleg skjønt det. Her får vi eit eventyr som ikkje kastar bort tida di, men som i staden kastar deg rett i det og sender deg frå det eine spanande kapitlet til det andre.

Kva er Granblue Fantasy? Tenkjer du kanskje, og det er ikkje så rart. Dette er ein spelserie som først og fremst har håva inn pengar som mobilspel med uendeleg mange figurar og små historier å spele gjennom. Serien har òg utvikla seg til å bli eit kompetent slåstespel med omlag like mange figurar og historier å kjempe med, og no sist eit påkosta japansk rollespel. Det òg med mange figurar og små historier.

Skjønt, å kalle dette eit japansk rollespel blir eigentleg litt feil. Spelet har på sett og vis meir til felles med Devil May Cry og Monster Hunter enn med Final Fantasy, sjølv om arvematerialet i stor grad er henta frå store japanske rollespelklassikarar.

Eg har aldri sett eit spel med lekrare skyer.
Øystein Furevik/Gamer.no

På siglas gjennom skyene

Vi møter ei gruppe eventyrarar som flyr gjennom skyene på eit luftskip, og i følgje med dei tek vi turen til ei rekke ulike svevande øyer og problema som ventar der. Allereie her skil spelet seg frå det ein kanskje ventar av eit rollespel. Vi tek ikkje del i heile reisa, vi berre vandrar litt ombord på skipet, så hoppar vi magisk til neste desitnasjon som er ein base for vidare eventyr. Her kan ein bygge seg opp litt på å ta på seg jaktoppdrag der ein skal kveste eitt eller fleire monster, før ein hoppar vidare til neste stad.

Det meste av spelet går føre seg i store område der du stadig spring i retning eit endeleg mål der det ventar ein tosk med store musklar som ber om bank. På vegen går du til kamp mot alt frå små til store fiendar, medan dei viktigaste medlemma i følgjet ditt pratar om det som skjer, og av og til sender deg inn i ein lekker filmsekvens.

Kampane er utan tvil høgdepunktet her, og det er litt difor eg samaliknar det heile med Devil May Cry, sidan kapittelstrukturen i Granblue Fantasy Relink har meir til felles med slike actionspel, enn med tradisjonelle rollespel. Kampsystemet er i utgangspunktet ganske tradisjonelt der det byr på to angrep i ulik styrke, og ei rekke sterkare angrep som treng avkjøling etter bruk. Spelet legg likevel inn fleire og fleire små, artige knep for å krydre livet, og spesielt kjem desse gjennom dei mange krigarane du kan rekruttere.

Til ei kvar tid er det fire heltar som spring rundt, og du kan skifte mellom dei, men mest interessant er kor ulike dei er. Fleire av dei kjempar på så vidt forskjellige måtar at det nesten blir som eit nytt spel. Kapteinen på luftskipet er den mest tradisjonelle, men om vi ser på båtsmannen Rackham, så fyrer du laus med ei rifle når du angrip, og det heile glir nesten inn i tredjepersonsskyteland.

Landskapa i spelet er nydelege.
Øystein Furevik/Gamer.no

For dei fleste krigarane er det likevel større likskapar enn forskjellar, og kampsystemet kan tidvis minne ganske mykje om det som blei brukt i Final Fantasy XVI. Forskjellen er at dette er milevis betre og ikkje blir ødyelagt av fiendar og sjefar som sug til seg skade som tørste svampar og aldri ser ut til å innsjå at dei burde døy. I Granblue Fantasy: Relink får du verkeleg kjenne på at du er ein mektig krigar, og balansen mellom kva du gir og kva fienden tåler er veldig god.

Spesielt får ein leike seg med dette når spelets historie er over. Det er då vi kjem over i Monster Hunter-samanlikninga, for om du verkeleg skal bruke tid på dette spelet, er det i sluttspelet. Her får du timevis med underhaldning der du kan bygge opp karakterar og våpen ved å nedkjempe ei lang rekke livsfarlege beist. Du kan gjere det aleine, eller saman med andre, og det er så mykje å ta tak i at ein nesten kan gjere eit argument for at spelet først startar når det er over.

Eg likar denne måten å gjere det på. Det er alt for mange utviklarar som skal presse inn alt dei kan mellom start og rulletekst. Cygames har dytta det inn etter rulleteksten, slik at du kan nyte historia, og gå over på alt det andre etterpå.

I byane kan du ta på deg nokre jaktoppdrag før ferda går vidare.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ei enkel, men engasjerande historie

Medan du reiser frå grøne sletter til djupe skogar og iskalde fjelltoppar får vi òg fortalt ei uvanleg underhaldande historie. Den går rett på sak, droppar det som ikkje trengs, og vel berre å fortelje om akkurat denne reisa, her og no. Gjennom korte, presise dialogar som sjeldan brukar tid må meir enn nødvendig blir vi sendt vidare i forteljinga som byr på fleire spektakulære opplevingar.

Utviklarane gjer på ingen måte eit forsøk på å skape prisvinnande materiale, og fortel ei ganske ordinær forteljing om slemme folk som gjer slemme ting medan snille folk prøvar å stoppe dei. Den er derimot fortalt utruleg godt, med driv, engasjement og teft for god dramaturgi. Eg blei sjeldant engasjert, mykje grunna godt skodespel som vekker – med eitt grelt unntak – folka til live på underhaldande vis.

Eg vakna verkeleg for kva dette spelet har å by på då luftskipet på eit punkt blei angripe og eg ikkje berre måtte skyte mot andre skip med store kanonar, men òg borde skipa og øydeleggje motorane deira før eg storma tilbake til eige skip før eg gjekk ned med fienden. Seinare i spelet måtte eg kjempe mot ein enorm steingigant og rulle unna eldspruten til ein enorm drake. Det er mykje som får blodet til å pumpe, og det er utruleg moro.

Visse ting kunne likevel ha vore betre. Sjølv om eg likar at historia styrer unna unødig vissvass, får vi vite litt vel lite om dei ulike personane. Vi blir kasta rett inn i eit eventyr med få introduksjonar, og det kan oppstå ei og anna forvirring. Samstundes er det ein del dialog som rett og slett forsvinn i kaoset. Mykje blir sagt medan du kjempar mot fiendar, og då skjer så mykje at det er vanskeleg å fokusere på kva som blir sagt.

Det meste i Granblue Fantasy Relink osar av stemning.
Øystein Furevik/Gamer.no

Makelaust vakkert

Ei av dei største overraskingane Granblue Fantasy: Relink bydde på er kor vanvittig pent det heile er. Dette er ikkje eit spel som slår i bordet med den mest avanserte teknologien, men spelet demonstrerer kunstnerisk ekspertise på eit nivå vi sjeldan ser. Berre ut av korleis lauva på trea dansar mellom eit mylder av grøne og gule valørar viser at nokon kan sin fargeteori. Skyene som veltar over himmelen er verdt å henge opp på ein vegg, og lyssettinga i mange område er til å måpe av. Skjermbileta klarar på ingen måte å vite nøyaktig kor pent dette spelet er.

Eit anna vesentleg moment her er kor flotte hovudpersonane er. Det er mange stereotypar her, og dei skil seg ikkje stort frå alt det andre som finnest av animefigurar der ute, men dei har det vesle ekstra. Det er som forskjellen på nokon som teiknar fordi dei elskar å skape figurar, mot nokon som teiknar figurar fordi det er det som er jobben deira.

Persongalleriet er fult av identitet og personlegdom og spelet vekker dei til live på nydeleg vis. Ein kan no og då seie at flotte anime-inspirerte spel ser ut som ein teiknefilm, men dette er betre enn det, det er meir. Dette ser ikkje ut som ein teiknefilm, dette ser ut som den fantastiske konseptkunsten bak filmen.

På toppen av det heile kjem kruna, den endelege detaljen som gjer alt perfekt, og det er musikken. Det er lenge sidan eg har høyrt musikk som har fått meg til å tenkje at dette må eg ha i samlinga mi, men Granblue Fantasy: Relink byr på noko av den vakraste og mest stemningsfulle musikken eg har høyrt på lenge. Den balanserer mellom melodiøst og ømt til enormt og dramatisk på ein meisterleg måte, og passar saman med det visuelle som hand i hanske.

Spelet byr på alt frå djupe skogar til aude sletter.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Granblue Fantasy Relink er eit spel som gir meg mykje av den same kjensla som klassikaren Final Fantasy IX vekkjer. Det spelet blei laga som ei feiring av røtene til Final Fantasy-serien. På same vis framstår Granblue Fantasy: Relink som ei feiring av historia til sjangeren det hentar inspirasjon frå. Dette er ikkje eit tradisjonelt rollespel, men det er openbert kvar det hentar DNAet sitt frå, med nydelege område, herleg musikk, engasjerande kampar og eit persongalleri det er lett å bli glad i.

Det er eit sjarmerande, engasjerande og minnerverdig spel som ikkje tek seg for god tid. Faktisk er det eitt av få spel som gjerne kunne ha vart lengre, og det er ei god kjensle. Det er alltid betre å ville ha meir, enn å få så myke at ein blir lei.

Meir får vi likevel. På den eine sida har vi eit engasjerande actioneventyr, på den andre eit lagbasert actionspel inspirert av Monster Hunter. Det er absolutt her det meste av innhaldet ligg, og du kan bruke timevis på å gå gjennom alle jaktoppdraga, aleine eller saman med andre. Det er mykje moro her, med heftige fiendar å kjempe mot, og mange karakterar å bygge opp.

Det er teit å klage når ein eigentleg ikkje har noko å klage over, men ideelt sett hadde vi fått ei hakket lengre historie i byte mot nokre av jaktoppdraga etter rulleteksten. Dette var ei oppleving, og eg vil ha meir. Det vi har fått er likevel meir enn godt nok, og er forhåpentlegvis berre starten på noko stort.

Granblue Fantasy: Relink er ute til PlayStation 5, PlayStation 4 og Windows.

9
/10
Granblue Fantasy Relink
Forhåpentlegvis berre starten på noko stort.

Siste fra forsiden