Kommentar

Nedbemanning hos Telltale Games

Det ser mørkt ut

2023 har vore eit brutalt år for spelbransjen. No melder nok eit selskap at dei må seie opp tilsette.

The Wolf Among Us blei ein kritikarsuksess då det lanserte i 2013. Me ventar framleis på oppfølgaren ti år seinare.
Telltale Games

Fredag føydde Telltale Games seg inn i den stadig lengre rekkja av spelutviklarar som har måtte seie opp tilsette i år.

Telltale Games har blitt kjende for sine karakteristiske, gripande forteljingar i episodisk struktur.

The Wolf Among Us og dei første sesongane av The Walking Dead er meisterverk i mine auge, sjølv om modellen deira begynner å gå litt ut på dato.

Men dette er ikkje første gongen Telltale Games slit. Same år som dei lanserte tredje sesong av The Walking Dead, som eg meinte var heilt greitt då det kom, starta ei omfattande restrukturering av selskapet.

Året etter, i september 2018 sa dei opp 90 prosent av dei tilsette, og i oktober 2018 slo dei seg konkurs.

Nedtur, opptur, nedtur

I 2019 igjen var det duka for comeback. Telltale annonserte oppfølgaren til The Wolf Among Us på The Game Awards, og håpet blei tent om at den moderne klassikaren skulle halde fram.

Og i år kom The Expanse: A Telltale Series. Det har ikkje blitt nokon storsuksess, men har hatt greie tilbakemeldingar.

Mesteparten av kritikken handlar om at alt anna filmsekvensar og dialogar er keisamt, nett slik studioet har slite med før.

Då må du verkeleg treffe spikaren på hovudet for å engasjere spelaren.

No må altså selskapet nedbemanne igjen, men av andre grunnar enn sist.

Bransjen blør

Telltale Games er på ingen måte aleine.

Både IT-bransjen generelt og spelbransjen spesielt, har kjend på harde tider dei siste to åra.

Activision, Bioware, CD Projekt RED, Crystal Dynamics, Electronic Arts, Epic Games, Hi-Rez, Keywords, Microsoft, Naughty Dog, Take-Two, Team17, Riot Games, Roblox, Sega, Ubisoft og Unity er berre nokre av dei som har sagt opp alt frå dusinvis til hundrevis av tilsette i år.

Det er ikkje lett å peike på éin enkelt årsak til dette. Spelbransjen har andre suksessfaktorar enn IT-bransjen elles, og skil seg til dømes frå mediebransjen i at den ikkje er avhengig av annonseinntekter på same måte.

Så speler generell inflasjon, høgare renter og svekka kjøpekraft i store delar av Vesten inn, men det er ein myriade av faktorar som skapar hinder for spelbransjen.

Eit viktig punkt er at spelutvikling blir stadig meir tidkrevjande og kostbare prosjekt. Utviklarane og utgivarane må heile tida jobbe med å skape nye inntektsmodellar, og prisauken på spel har sannsynlegvis ikkje vore nok.

Du er nesten avhengig av å treffe godt blant kritikarane og spelarane, og det er enorm risiko i å satse på AAA-spel som ikkje er knytt til kjende merkenamn.

Suksessen til dei aller største spela driv store delar av omsetninga i bransjen som heilskap.

Kapitalmakta sviktar

Ein fersk rapport frå PitchBook viser at risikokapitalinvesteringar i spelbransjen har fullstendig tørka inn i 2023.

Investeringane auka kraftig frå 2020 fram til andre halvdel av 2022, men er no tilbake til 2019-nivå.

Alt dette kjem i kjølvatnet av pandemien. Me har hatt trøbbel med produksjonsforseinkingar, heimekontor og alt det der, joda, men først og fremst bidrog aktive gamingrom til ein nesten euforisk stemning i spelbransjen.

Pengane sat lausare i 2020 og 2021, nettopp fordi det var så mange som spelte. Så har det kanskje dabba litt av igjen.

Det hjelper heller ikkje at konkurransen i spelmarknaden, både blant spelutviklarar og eksternt mot anna innhald, er større enn nokosinne.

Me vassar til halsen i eit hav av innhald, og bølgene held på å drukne oss.

Dystre utsikter

Det er leit at Telltale Games ikkje ser ut til å få til det store comebacket sitt.

Dessverre er dei ikkje aleine. Me kjem sannsynlegvis til å sjå endå fleire nedbemanningar framover i bransjen, og det er ikkje utenkeleg at konkursane kjem etter.

Spørsmålet er om dette er ei sunn justering eller starten på ein større nedgang blant AAA-utviklarane. Nokre analytikarar meiner det er stor interesse for effektivisering i bransjen for tida, og dette kan vere eit uttrykk for det.

Det er litt vanskeleg å konkludere enno. På den eine sida har det vore nok av kommersielle suksessar i 2022 og 2023, og interessa for dataspel veks, men på den andre sida vil ein truleg få færre risikoprosjekt blant dei største utviklarane i verda på kort sikt.

Det betyr mindre innovasjon og fleire oppfølgjarar. Alt dette går til sjuande og sist utover oss som forbrukarar og spelelskarar.

Me får berre krysse fingrane for at kutta er nok. For det som skjer no, det skremmer livskiten av investorar verda rundt.

Det er svært uheldig for bransjen.

Siste fra forsiden