Feature

DDR5-minne i spel

Kor stor betydning har RAM for spelyting?

Raskare minnefrekvens og lågare forseinking blir fort dyrt. Så er det vits i?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er no over to år sidan lanseringa av DDR5-RAM. Prisnivået er betydeleg redusert sidan det kom i slutten av 2020, og dei nyaste prosessorane støttar stadig raskare minne.

Nyleg kom DDR5-RAM med hastigheiter på over 8000 MHz til Noreg, men rett nok med ein prislapp på nesten 7000 kroner. Det er òg annonsert at RAM med ein frekvens på 10 000 MHz er på veg.

Dette er neppe verd pengane for dei fleste, men me har kikka litt nærmare på kor mykje ulike hastigheiter faktisk betyr for spelyting for dei meir fornuftig prisa brikkene.

Me har difor samanlikna tre ulike RAM-kit på 32 GB i ei rekkje spel.

Her har me tatt for oss G.Skill Trident Z5 RGB (6800 MHz, 2900 kroner, CL34), Kingston Fury Renegade RGB (6400 MHz, 2300 kroner, CL32) og Kingston Fury Beast (5200 MHz, 900 kroner, CL40).

Rare resultat

I denne omgangen testar me brikkene med ein Intel Core i9-13900k-prosessor og eit Nvidia RTX 4090-skjermkort. Det er altså snakk om å sjå kva minnebrikke som klarar å redusere flaskehalsen på prosessoren i størst grad for å få høgare biletefrekvens.

For akkurat denne maskinvarekonfigurasjonen er nok artikkelen mest aktuell for e-sportspel. Der brukar ein gjerne kraftig maskinvare for å få høgast mogleg biletefrekvens, men det er uansett interessant å sjå på litt ulike speltypar.

Generelt vil skjermkortet ta meir og meir av dei tunge børa dess høgare oppløysinga blir, så det er mest i 1080p at minne og prosessor har ein effekt på yting med eit så kraftig skjermkort.

KJAPT MINNE: G. Skill sin brikke med minnefrekvens på 6800 MHz er blant dei raskaste du kan kjøpe i norske nettbutikkar. Men det er ikkje nødvendigvis denne brikka me ville investert i.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Me kjem tilbake med ein anna artikkel der me testar ulike minnekonfigurasjonar på budsjett- og mellomklasseskjermkort seinare.

Testinga vår har produsert nokre merkelege resultat her og der, så me går gjennom spel for spel nedover.

Dette bør du vite

Først av alt må me lynraskt forklare nokre viktige omgrep for å forstå kva ein bør sjå etter før ein kjøper RAM.

Det er først og fremst to ting ein bør tenke på; minnefrekvens og CAS-forseinking.

Minnefrekvensen er gjerne målt i enten megahertz (MHz) eller «megatransfers» (MT/s), og seier noko om kor mange mykje data minnebrikka kan handtere kvart sekund. Det er i praksis klokkehastigheita til minnebrikka ved full last.

Det er òg verd å vite at Intel-prosessorar kan handtere høgare minnefrekvens enn det AMD sine prosessorar kan. Med AMD risikerer du at datamaskinen ikkje fungerer om du prøver å køyre RAM på over 6400 MHz.

CAS-forseinkinga, som står for «Column Address Strobe», blir målt med eit tal det står «CL» før. Veldig enkelt forklart seier den om kor mange nanosekund det går frå minnet får data til det kan overføre den igjen.

Det er fleire element ved timingen til minne, men dei har mindre betydning for spel, så me utelét det.

Me hoppar vidare til speltestinga vår:

I Assassin’s Creed Valhalla ser me ei trend som blir gjentatt for det fleste spela framover. 6400 MHz-brikka til Kingston, som har litt mindre forseinking enn det G.Skill-sin brikke har, er kjappast.

Kingston er fem prosent raskare i 1080p, fire prosent i 1440p og tre prosent kjappare i 4K.

Faktisk er 5200 MHz-brikka like kjapp som 6400 MHz-brikka i 1440p og 4K, som er litt meir overraskande då denne har betydeleg høgare CAS-forseinking enn dei to andre.

Så veit me at det varierer frå spel til spel om det er forseinking eller brikkefrekvens som har størst betydning. Dette kjem an på korleis spelet er optimalisert.

I Assassin's Creed kan det òg hende at spelet ikkje er optimalisert for høge minnefrekvensar.

Cyberpunk 2077 går litt begge vegar. Her har 6400-brikka ei leiing på ni prosent mot G.Skill sin snittbiletefrekvens i 1080p, men til gjengjeld er minstebiletefrekvensen 16 prosent raskare på G.Skill sin brikke.

Du merkar ikkje mykje hakking når biletefrekvensen ligg såpass høgt som han gjer, men her har minnefrekvens tilsynelatande ein del å bety for minstebiletefrekvensen.

5200 MHz-brikka sakker akterut på både snittbiletefrekvens og minstebiletefrekvens i 1440p (men ikkje 1080p, som er rart).

I 1440p er skilnaden omtrent vekke mellom dei to dyraste brikkane, og i 4K stiller alle likt.

I Far Cry 5 held 6400-brikka åtte prosent høgare snittbiletefrekvens enn G.Skill sin i 1080p. Dette er redusert til seks prosent i 1440p og to prosent i 4K.

G.Skill-brikka har faktisk høgare minstebiletefrekvens i 1440p, men det ville kanskje vore annleis om me testa hundredelssnitt, og ikkje berre minsteverdi. Dette får me fordi me brukar det innebygde benchmarkverktøyet.

Me har i utgangspunktet tatt Far Cry 5 ut av testrotasjonen vår frå 2023, men me starta på denne artikkelen i fjor.

Marvel’s Guardians of the Galaxy er spelet på lista med størst prosessorflaskehals på tvers av alle dei ulike oppløysingane.

6400-brikka er klart best i 1080p og 1440p, og yter det same på snittbiletefrekvensen som 5200-brikka i 4K.

6800-brikka er sju prosent treigare enn dei to andre i 4K – utan at eg heilt forstår kvifor. Dette er ein svakt optimalisert PC-versjon, så det kan vere noko trøbbel med grafikkmotoren bidrar til dette.

Middle-earth: Shadow of War likar kombinasjonen av rask minnefrekvens og låg forseinking i 1080p, der 6400-brikka held sju prosent høgare snittbiletefrekvens enn 6800-brikka. Leiinga er redusert til omtrent null i 1440p og 4K.

Forskjellen ned til 5200 MHz-brikka er elleve prosent i 1080p. Her begynner det å bli litt, sjølv om ti prosent ekstra på ein allereie skyhøg biletefrekvens har avgrensa betydning.

I Call of Duty: Modern Warfare (2022) er faktisk 5200-brikka kjappast. Me såg i prosessortesten vår tidlegare i år at førre generasjon Intel-prosessor kan oppnå endå høgare resultat enn det me har i grafane over, så utviklarane har gjerne ikkje optimalisert spelet for den nyaste teknologien.

Forskjellen mellom dei ulike brikkene er veldig liten i spelet, så minne har openbert lite å seie i fjorårets største skytespellansering. Men nok eit merkeleg resultat her, altså.

6400-brikka har fem-seks prosent høgare snittbiletefrekvens enn 6800-brikka og 5200-brikka i Horizon Zero Dawn i 1080p.

Skilnaden er redusert til fire prosent i 1440p, og er nesten vekke i 4K.

Konklusjon

Testane våre har som nemnd nokre merkelege avvik, men det er fleire konklusjonar me kan gjere frå empirien vår.

Ein ting er at det er viktig å tenke på kva spel ein driv mest med når ein skal velje minne. Nokre spel legg meir vekt på minneforseinking enn minnefrekvens, og andre motsett. Kjøper du PC berre for å spele Counter-Strike: Global Offensive, så bør du google deg fram til andre testar av minneyting i det spesifikke spelet.

Elles er det forseinking som betyr mest i fleirtalet av spela me har tatt for oss. 6400-brikka, som kostar mindre enn 6800-brikka, er overlegen i alle spela me har testa, sjølv om forskjellane til sjuande og sist er små.

Testrigg

Vis mer

Så veit me at det kjem stadig nye produkt på marknaden. DDR4-minne med høg frekvens og låg forseinking leverer framleis greie resultat, og det vil nok kome DDR5-brikker med langt lågare forseinking etter kvart.

Samla er det neppe minne du bør tenke på først når du skal oppgradere datamaskinen. Skjermkortet må som vanleg ligge først på prioriteringslista, gjerne etterfølgd av prosessoren.

Det ville vore nyttig om me hadde ein 6800-brikke til med CL32-forseinking slik at me kunne samanlikna meir på same grunnlag, men det får me heller prøve å få tak i til neste omgang.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden